Viser innlegg med etiketten Bremanger. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bremanger. Vis alle innlegg

søndag 11. mai 2014

Topptur til Hornelen - Europas høgste sjøklippe!




Tekst og bilete: Svenn-Petter Kjerpeset.

Hornelen - stille og vakker er du, men óg lunefull og farleg. På fine dagar er turen til Hornelen ei fantastisk oppleving, med utsikt over det meste av fjella i Bremanger kommune. Men i skodde og regn kan det vere ein skummel tur, med glatt føre og dårleg sikt. Oppe på toppen er det ein del sprekkar i fjellet, så ein bør følgje den T-merka ruta opp.

Hornelen i Bremanger er Europas høgste sjøklippe.


Tur til Hornelen med Keipen Turlag, ein søndag i juli 2013. 

Eg såg ut vindauge at skodda låg ned i fjellet - skulle nok ein tur bli avlyst på grunn av dårlig vêr? Vel, Jens Petter og Mina skulle vere med på turen, så vi sette oss i bilen og køyrte til Hunskår. Etter at Bortnetunnelen opna er det berre ca. 30 min å køyre frå Svelgen til Hunskår. Turleiarane på turen var Gunnar og Gisle Skjølberg. Gunnar har vel vore 100 gongar på Hornelen, så han kjenner turen godt. 


 Starten av løypa på Hunskår.


Etter at siste mann dukka opp var vi 19 personar som skulle på tur. Problemet var berre at skodda låg nede i fjellet, men Gunnar meinte at den skulle lette etter kvart. Så vi rusla avgårde. Når det har regna er den fyrste delen av turen den våtast å gå, og til dels glatt då det renn vatn i stien. Fyrste del av turen opp Middagsnakken til Nonsnakken er òg den tyngste delen av turen, då ein stig 400 meter på 1,5 km. 


Mina på 13 år klarte oppstiginga greitt, men synest det var litt tungt - fortsatt låg skodda ned i fjellet, så vi tok ein liten matpause. Det var fleire som var på tur den dagen, og eit par passerte oss på vegen. Desse traff vi att på oppe på platået då dei var på veg ned. "Ingen utsikt, berre skodde" sa dei. Skulle dette møte oss på toppen? Ja, ja - i eit turlag går vi så fort som sistemann. Litt før ei bratt oppstigning vart det nok ein matpause, og det virka då som skodda letta i same tempo som vi gjekk. 



For dei med høgdeskrekk kan det første partiet frå Hunskår vere litt vanskeleg å passere. Går ein ned til Berleneset unngår ein dette partiet på veg ned, og då går resten av turen som ein leik. 

Når en kjem opp på platået går turen eit stykke bortover før en ser baksida av Hornelen. Der stod vi og såg toppen dekka i skodde. Men, den letta i vårt tempo. Skulle vi få utsikt frå toppen? På dette punktet står ein på 780 høgdemeter, før ein går ned til ca 710 meter. Der kjem ein inn på den T-merka turen frå Berleneset. Herfrå og fram til siste del av løypa er det greit å gå. Det renn vatn ved sida av stien, så her er det berre å fylle drikkeflaska. Det ligg òg eit vatn like før en startar på steinura opp til toppen. 




Vel oppe på Hornelen hadde skodda letta og vi fikk ein fantastisk utsikt. Gunnar sette flagget på varden ved Olavsbu. 

 Flagget blir sett opp på toppen!

 Det var litt kald vind, men den la ingen dempar på opplevinga. Mange bilete vart tatt og enkelte må berre heilt fram på kanten, der ein ser 860 meter rett ned i fjorden!

Frå kanten ser ein 860 stupbratte meter rett ned i fjorden.



 Frå toppen kan ein nyte utsikt over fjell, fjord og hav!

Heile turfølgjet samla. 

Tilbake gjekk turen ned til Berleneset. No var skodda heilt vekke og vi kunne nyte ein fantastisk utsikt over Frøysjøen, fjella i syningom, Hennøya og øyane vest mot storhavet. 

Flott utsikt på veg ned. 



Mina på 13 år var yngst på turen. Ho låg midt i feltet og klarte turen heilt fint.



Takk til Gunnar og Gisle Skjølberg som var turleiarar for Keipen Turlag sin tur til Hornelen i 2013!

 

Om løypene:
 
T-turane til Hornelen har 2 startpunkt; eit frå Berleneset og eit frå Hunskår. Turen frå Berleneset til Hornelen er ca. 8 km. Frå Hunskår til Hornelen er det ca. 6.2 km. Er ein fleire som går i lag på tur kan ein sette ein bil ved Berleneset, for så å gå opp frå Hunskår og ned att til Berleneset. Dette gir den flottaste opplevinga!
Hugs å ta vare på augneblinken når du står på toppen av Hornelen -  her har du ein fantastisk 360 graders utsikt!

 Utsikt til Berleneset.

For dei som likar å fiske ørret er det fleire vatn i området. Ein kan ta med telt og overnatte ved Stormyrvatnet der ein kan sjå sola gå ned vest i havet. 


Keipen Turlag har tur til Hornelen 20.7.2014 frå Hunskår. 
God tur og velkomen til Bremanger kommune!

Praktisk om turen:
 Høgde: 860 m.o.h.
Tid: 8-10 timar tur/retur.

Nyttige linkar:

fredag 9. mai 2014

Bremanger - naturopplevingar i verdsklasse!



Bremanger byr på naturopplevingar i verdsklasse. På få timar kan du oppleve alt frå storhavet til isbreen! Bestig Europas høgste sjøklippe, nyt late sommardagar på krittkvite strender eller besøk det sjarmerande fiskeværet Kalvåg.

Utsikt på veg ned Veten, med Grotlesanden i bakgrunnen. Foto: Elisabeth Solbakken. 

Bremanger byr på mange flotte og varierte fjellturar. Ein finn spektakulære toppturar og flotte vandreruter i heile kommunen. Høgdepunktet er Hornelen, som med sine 860 m.o.h. er Europas høgste sjøklippe. Ein kan også ta ein tur til Ålfotbreen, som er Norges vestlegaste isbre. Ønskjer du ei lettare utfordring er ein tur opp Veten (527 m.o.h.) å anbefale. Turen startar frå den flotte sandstranda Grotlesanden. Kvart år i juli vert motbakkeløpet ”Veten Opp” arrangert. Det er også mange flotte og varierte turar rundt kommunesenteret Svelgen. Totalt er det meir enn 100 merka og tilrettelagte turløyper i kommunen, og det er gitt ut eiga turbok med beskrivelse av turane.

Utsikt frå Hornelen, Europas høgste sjøklippe! Foto: Birgitte Bjørdal. 


Norway Adventures tilbyr guida turar både til Hornelen og Ålfotbreen, og også til lettare turmål om ein ønskjer det.


Fiskeværet Kalvåg i Bremanger. Foto: Knutholmen.

Idylliske Kalvåg er eit av vestlandets best bevarte fiskevær. Rundt vågen ligg sjøhusa tett i tett og dannar ei intim atmosfære. Her kan du overnatte i rorbu og så å sei fiske frå stoveglaset! Du kan besøke det gamle sildesalteriet, gå på flotte fjellturar eller ta ein fisketur. Du kan óg få vere med på buavandring og få eit interessant innblikk i kystkulturen – og kanskje ser du havørna.

Familiebedrifta Knutholmen i Kalvåg er kjent for sitt gode vertskap.
Foto: Knutholmen/David Zadig.

Velrennomerte Knutholmen er hjerte i bygda med overnatting, restaurant, gjestehamn og selskapslokale. Restauranten har kortreist mat frå havet som spesialitet, med "havets festbord" som sitt varemerke!



Nyt kortreist mat frå havet i Kalvåg. Foto: Knutholmen.

Carolas Buaspa ligg eit steinkast frå Knutholmen og tilbyr herleg velvære i sjøhusmiljø.
Her kan du få herleg velværebehandling, slappe av i utandørs boblebad eller nyte sol og 28 grader på innandørs sandstrand! På Galleri Frøya kan du få kunstnerisk påfyll gjennom ulike aktivitetar eller handle små og store kunstverk i butikken.


På Carolas Buaspa kan du nyte sol og strandliv - heile året! Foto: Carolas Buaspa.


Det er ikkje berre i Kalvåg du kan nyte strandlivet - Bremanger har nokre av vestlandets aller flottaste strender. Nyt strandlivet på Grotlesanden i reine, flotte omgjevnader. Grotlesanden er lett tilgjengeleg med bil eller båt. Vetvika er ei idyllisk sandstrand utan vegsamband. Hit kan du anten komme til fots på merka sti eller med båt.

Den vakre sandstranda i Vetvika. Foto: Kåre O Svarstad.
Vil du prøve fiskelykka, er Bremanger plassen for deg. Her ligg forholda til rette for fiske i sjøen, enten innaskjærs eller til havs. Føretrekk du ferskvassfiske er det svært gode forhold med meir enn 100 fiskevatn. Bremanger er også eit eldorado for kajakkpadling og dykking. Norway Adventures tilbyr guida kajakkturar og kurs, i tillegg til ei rekke andre aktivitetar.

Bremanger byr på mange spennande arrangement gjennom heile året. I sommar er Opplev Bremanger og Kalvåg Kystfestival to høgdepunkt. Opplev Bremanger byr på ti dagar fullspekka med variert sommarmoro for alle aldersgrupper, frå fredag 4. til søndag 13.juli. Her blir det varierte konsertar og aktivitetar for heile familien. Blant anna kan ein oppleve konsert på den vakre sandstranda i Vetvika! Kalvåg Kystfestival vert arrangert frå 1.-3. august. Dette er eit populært arrangement med familieaktivitetar, konsertar, utstillingar og kulturelle innslag. I 2014 står mellom anna Waterboys, Ole Ivars, Dans With A Stranger og Claudia Scott på scena.


The Waterboys er klare for Kalvåg Kystfestival. Foto: The Waterboys.


Bremanger har ei rik historie. Helleristningsfeltet Vingen er eit av dei største i Nord-Europa. Her er det avdekka over 2200 ristningar, som truleg er 4000-6000 år gamle. Om sommaren kan ein vere med på guida tur til Vingen. Området er verna, og kun organisert ferdsel er tillate. I Bremanger finn du 2 historiske handelsstadar frå 1600 talet, i Rugsund og Smørhamn. Begge desse er restaurerte og tilbyr overnatting og opplevingar. Dei gamle handelsstadane var knutepunkt på kysten i gammal tid. Rugsund har også gjestehamn. Eit eldorado for båtturistar, dykkarar og andre som nyttar sjøen til rekreasjon. Tongane Kystfort er eit av dei tyske festningsverka på kysten av Noreg under 2. verdskrigen. Store delar av festningsverket står framleis att, mellom anna hovudkanon og mannskaps/offiserbrakke.

Helleristningar i Vingen. Foto: Bremanger kommune. 
 

Velkomen til minnerike opplevingar i Bremanger!

Nyttige linkar:
Bremanger kommune
Bremanger Turistinformasjon
Overnatting i Bremanger

tirsdag 22. april 2014

På seiltur med fjellsko og sykkel



Tekst og foto: Laila Schønhardt - lailasturblogg.blogspot.com 


Kysten utenfor Sogn og Fjordane er et eldorado for oss som har båt. Her kan du enten legge til ved de store gjestebryggene, benytte deg av uthavnene eller rett og slett ankre opp et sted du kan være helt alene. Vi bruker båten veldig mye og selv vinterstid med minusgrader er vi ute i øygarden for å utforske krinkler og kroker.
  Når man skal lage en toppliste med gjestebrygger/uthavner så er ikke det helt enkelt når man har seilbåt. For da må man ta hensyn til vær og vind, og tidsbruk. Har man bare litt tid etter jobb en dag så er det kjempefint å kunne ta turen over på uthavna på Ålvora for å koble av, er det langhelg kan vi komme oss både til Nordfjord og til Sogn. Jeg har derfor valgt å ikke favorisere noen. Alle disse stedene jeg har skrevet om er steder som vi kommer til å besøke igjen og igjen. 



Værlandet

Værlandet har ei god havn som stort sett er skjermet for vinden. For oss med høy mast vil det nok likevel blåse litt i toppen.  Her er det godt sanitæranlegg på kaia. 


Det er brygger langs hele havneområdet så det er stort sett enkelt å finne en plass å fortøye.

Til Værlandet er det et must å ta med seg sykkel. For herfra sykler du til Bulandet og er du heldig med været kan du her oppleve en idyll du ikke finner så mange andre steder.  




Om du ikke har med egen sykkel kan du leie sykkel her ute, enten i gjestehavna eller på butikken. På kaia har du Tante Grys Pub hvor det ofte er levende musikk sommerstid. Du må også få med deg Norsk Sjøfuglsenter.

Her er det ingen høye fjell som skal bekjempes, men om man vil på fjelltur tar man seg lett over til naboøya Alden, hvor man kan gå på tur. 

Askrova

På Askrova har vi vært flere ganger. Gjestebrygga ligger like ved brua som går mellom Askrova og Tansøy og her kan det være litt urolig sjø når det går båter forbi, noe det gjør veldig ofte.


Likevel er Askrova en av mine favoritter. Mest fordi de har et løypenett på fjellet over øya som passer for alle. Stien er godt tilrettelagt med trapper over gjerdene og det er satt ut benker noen steder. Som her, med utsikt til Valvika:




Her kan man gå og rusle en hel dag om man vil, eller hvis man tar med seg ungene kan man ta med seg fiskestanga og lage bål ved et av vannene. 




Det er fin merket sti over alt, en sti som også passer de aller minste. Vi har stort sett med oss sykler når vi reiser uten barn slik at vi kan komme oss litt rundt. Her er det fint å sykle til Valvika eller til Hammerseth. Det er også mulig å leie sykler på øya om du ikke har plass i båten til å ta med selv.

Rognaldsvåg


Rognaldsvågen har hittil vært en av de stedene vi har vært altfor lite.  Men etter at vi har vært der et par ganger det siste året, har også denne gjestebrygga seilt opp til å bli en favoritt. Gjestebrygga ligger lunt til i havna der rutebåten kommer inn.






 Butikken ligger på kaia og i et eget lokale vegg i vegg med butikken har Ingrid Reksten åpnet kafe. Den er åpen noen timer på lørdagene og her serveres det god hjemmelaget middag + vafler og kaffe. Her treffer man de som bor der ute, eller de som er ute på helgatur.  Da vil man også få god informasjon om ting å finne på. En populær tur på Reksta er ”Reksta på langs” der man går over alle tre toppene. Om man ikke har tid til dette er det også en fin tur å gå opp på den ytterste toppen.  


Noe bratt i starten så om man har litt problemer med høyden vil jeg ikke helt anbefale å ta den turen. Men utsikten er det ingenting å si på. Her ser man utover til Kinn og ytterst ser vi Ytterøyane Fyr. Å sykle rundt samme toppen er også et alternativ. Da følger man hovedveien til første kryss, der man tar til høyre og sykler så langt man kommer. Veien går over til å bli traktorvei før den går over til å bli sti. 

For de mest hardhausa er det nok mulig å sykle hele runden men det gikk helt fint å leie sykkelen der det var smalest og mest humper.



 Fanøy

Fanøya er en liten idyll i seg selv. Her finner du butikk, skole og en kirke. Skolen er nedlagt, men skoleplassen kan benyttes til lek og ballspill. Butikken ligger på kaia. Gjestebrygga ligger litt lenger ute, men om man bare er på dagstur kan man fint legge til nedenfor butikken.  


Øya er mye større enn man får inntrykk av ved første øyekast, så her er det bare å ta føttene fatt og utforske øya. En gang i året er det kulturvandring her ute i regi av turlaget. Her får du vite alt som er verdt og vite om øya, anbefales!




Hillersøy


Hillersøy er vel den uthavna vi besøker mest. Her har det hittil vært lite folk (ikke alltid man har lyst til å omgi seg med masse folk) og stedet er veldig barnevennlig. Her er bygd ei lita bu på kaia slik at man har tak over hodet hvis det skulle blåse eller regne litt.


 Det er fint å grille i fjæra hvis det er fjære og på bergene om det er flo, og ungene går ofte på krabbejakt. Uthavna ligger på en øy for seg selv så her finnes det ingen fasiliteter utover bua på kaia. Nærmeste butikk er på Fanøya.

Om du går oppå haugen bak bua så vil du oppleve slike flotte solnedganger:




Svanøy

Svanøy er en flott øy å besøke. Gjestehavna er god og det er dusj og toaletter i servicebygget på land. Her er det også butikk og kafe. I skrivende øyeblikk holder de på å bygge på kafeen, så her må vi ut igjen å sjekke når det står klart. Veikingkonvoien (bildet under) har vært på besøk flere ganger, og her er det plass til alle. 


Med sykkel kan man sykle over til sørsida på øya. Der ligger Norsk Hjortesenter, og er du heldig kan du være med på mating av hjortene. Selv om vi bor med hjort i hagen er det ganske fasinerende å få de på så nært hold. 


På vei til hjortesenteret sykler man da forbi Svanøy Hovedgård. Her er det fint å stoppe og rusle rundt litt. Ta også turen innom kirkegården på andre siden av veien og ta en kikk på steinkorset som står der. 


Det er også mulig å leie sykler på butikken. Fine turløyper er også tilrettelagt på øya, de skal utforskes på neste tur!

Kalvåg

Kalvåg er flere år på rad kåret til en av de beste gjestebryggene i Norge. Her er det mange besøkende i løpet av en sesong. 


Her kan man spise en bedre middag på Knutholmen, eller stikke innom Carolas Buaspa!


Her er også fine sykkelmuligheter, og i disse dager bygges det trapp opp åsen bak Kalvåg. Det blir nok et populært turmål når man er på besøk i Kalvåg.  Det er også fint å ta turen sørover til Storehovden. Her kan man både benytte sykkelen og turskoene. 

Iglandsvik



Et nytt bekjentskap, åpnet i 2013. Fin brygge, beliggende innenfor en molo slik at det er roligt å ligge der med båten. Iglandsvik er et veldig koselig sted så her er det fint å gå en runde med fotoapparatet. Her er det stort sett veldig flatt så det er et must å ha med sykler.






 En fin tur på 2,4 km til Grotlesanden eller noen kilometer andre veien. Her er mange muligheter til å gå på fjellet, spesielt Veten må her nevnes. Her går stien opp fra Grotlesanden og med utsikten stien får oppover fjellsiden vil jeg nok tørre å påstå at det er en av de mest spesielle utsiktene vi har, i alle fall her på disse trakter. 


Når man først har kommet opp på fjellet er det bare å velge og vrake i turmål. Det er butikk både i Iglandsvik, og på Hauge som ikke ligger så langt unna.

Solund

Hardbakke gjestebrygge ligger fint til midt i Hardbakke, nær butikker og andre fasiliteter. Like ved gjestebrygga er det en liten sandstrand hvor det er yrende badeliv på sommeren.



(foto; Jensbua)

Her er det også fint å sykle og gå i fjellet, og det er et populært område for padling. 
Hos Solund Bryggje som ligger rett ved brygga kan du få deg en bedre middag. 



Om du har lyst litt lenger vest kan du dra til Solund Rorbuferie i Hjønnevåg. Her er alt lagt til rette for fisking og det er gode fasiliteter på land. 





Om du ikke nå har kommet deg langt nok ut kan du enten dra til Gåsvær, eller så langt ut som til Utvær.

Ta turen innom fyret på Utvær, kanskje er det vertskap på fyret som sørger for at du får noe å bite i. Det går fin sti rundt hele øya og glem ikke å ta turen til Paradis som ligger sør for naustet som hører til fyret!





Å være på båtferie trenger ikke bare bety båtliv. Vi har selvsagt med oss god mat, en god bok, filmer, og det som trengs om man bare vil slappe av. Stort sett så blir det både lite lesing og lite tv-titting ombord, for oss så betyr båtliv å oppdage skjærgården! For mer detaljerte turer ta en kikk på bloggen min. Der er det mange tips om hvor du bør reise med båt i Fjordkysten!