Idylliske Hyllestad ligg vakkert til ved innløpet til den verdskjende
Sognefjorden. Kommunen har også ei lang og spennande historie. I Kvernsteinsparken, som er nominert til UNESCO si verdsarvliste, kan
ein sjå spor etter den omfattande og særeigne kvernsteinsproduksjonen,
som går heilt tilbake til ca år 700 e.Kr. Dei som likar aktivitetar som
fiske og fotturar er komen til rett plass. Majestetiske Lihesten er eit
populært turmål og eit landemerke på vestlandskysten.
Majestetiske Lihesten er for mange sjølve symbolet på Hyllestad.
Foto: Kent Gunnar Stølen.
Kvernsteinsparken er tusenårsstaden i Hyllestad. Her kan du sjå spor
etter då vikingane produserte kvernstein i stor skala. Langs naturstiane
i parkområdet kan du leve deg inn i kvernsteinsoga. Parken er open for
besøkande året rundt for dei som vil sjå seg rundt på eiga hand. Om
sommaren er det guida omvising i parken, med ekstra aktivitetar om
laurdagane.
I Kvernsteinsparken kan du lære om ei spennande historie. Foto: Kvernsteinsparken.
Det sagnomsuste fjellet Lihesten er eit landemerke på vestlandskysten og
det høgste fjellet i Hyllestad. Lihesten (777 mo.h.) er eit eldorado
for fjellglade fotfolk og klatrarar. Gjennom tidene har dette særmerkte
fjellmassivet i Hyllestad vore eit viktig lande- og seglingsmerke, både
for barske vikingar på veg heim frå tokt i vesterled og fiskaren i
småbåt. Det er fleire turløyper på fjellet. Høgste punktet er Rinesnipa
(777 m.o.h.), mens det mest populæra turmålet er ”Gygrekjeften” (714
m.o.h.). I begynnelsen av juni kvart år vert ”Lihestklyvet” arrangert.
Her får deltakarane servert den lokale styrkedrikken ”Gygreskvetten”.
Ein topptur til Lihesten er ei storslått oppleving - spesielt om du beveger deg ut på Gygretanna.
Foto: Sigurd Sandvik.
Foto: Sigurd Sandvik.
Hyllestad byr på mange flotte turmål i tillegg til Lihesten. Det er milevis med merka turstiar i alle vanskegrader. Det er gitt ut eige turkart for Hyllestad og Fjaler, med beskriving av 20 merka turstiar i kommunen.
Utsikt frå Hesjetinden. Foto: Roar Nordbø.
Den Trondhjemske Postveg er ein kulturhistorisk veg som blei brukt til å
frakte post mellom Bergen og Trondheim. Strekninga som går mellom
Hyllestad og Fjaler er ein populær tur både om du går til fots eller
syklar. Vegen er kjenneteikna av dei mange karakteristiske steinbruene.
Prøv fiskelykka i Hyllestad! Foto: Gjermund Flage.
Hyllestad har gode forhold for fiske, både i fjorden, lenger ute på
havet og i dei mange fiskevatna på land. Fleire av overnattingsstadane i
Hyllestad har lagt til rette spesielt for fisketuristar med
sløyefasilitetar, tilgang på frys og båtutleige.
Velkommen til gode opplevingar i Hyllestad!
Nyttige lenker:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar