Tekst og foto: Gustav Skaar - http://gustavskaar.blogspot.no/
Blegja er høgste fjellet på Askvollhalvøya med sine 1304 moh. Det er
mange flotte turruter hit. Mellom anna frå Solheimsdalen i Førde på ski.
Eller frå Hjelmeland, Kårstad eller Berge i Bygstad. Frå Askvoll er det
òg mange flotte ruter, mellom anna frå Fossedalen, Skjerlia eller
Rørvika.
Den kortaste ruta opp er frå Rørvika. Turen startar frå Førdefjorden, og
går rimeleg bratt opp heile vegen. Og bøyer du nakken litt kan du sjå
toppen frå fjorden!
Frå informasjonsskiltet til Askvoll kommune, som står ved ei utkøyrsle i
vegkanten i Rørvika, går du gjennom grinda på motsett side av vegen.
Her er det sett opp eit treskilt med Blegja inngravert.
Ruta føl venstre (austre) side av Rørvikelva på god sti opp lia. Det er
ikkje stupbratt oppover, og heller ikkje særleg risikabelt sommarsdagen,
men krevjande, og du bør vere litt i form for å ha glede av turen. Du
får fort nydeleg utsikt innover og utover Førdefjorden, mot Kvammen og
til Vevring. Det mykje omtala Engebøfjellet (mogeleg rutilutvinning)
ligg midt i synet på motsett side av fjorden. Etter endå nokre minuttar
med stigning, renn Rørvikelva ned over nokre nydelege sva i flotte
fossefall. Her oppe, etter ein liten halvtimes gange, er det fint å ta
seg ein 5 minutts drikkepause.
Etter om lag 1 times gange på god sti, gjennom den flotte rognkledde lia
og lyng og steinar med mose, kjem du opp under den majestetiske
Rørviknipa. Skoggrensa er låg her ute ved kysten, og no går vi opp i eit
karrig og alpint prega landskap med mykje stein og urar.
Ved ei privateigd hytte, Nipebua (ikkje å forveksle med Nipebu), oppe
under Rørviknipa, er det naturleg å ta ein liten rast . Her renn det
friskt fjellvatn ned frå fjellet, som kneisar oppe mot aust.
Stien vidare oppover føl denne små elva. (Ved å halde mot sør her ved
hytta, kan du gå mot Bjørnastigvatnet.) Heilt oppe under kanten av
fjellet er greiaste vegen vidare å traversere eit stykke mot sør til
Nipevatnet (ei forholdsvis lita rund tjørn). Det er sett opp godt med
vardar. (Du kan òg gå den brattare nordsida av Rørviknipa og rett mot
toppen.) Her oppe i traversen over ur og småhamrar, er det fantastisk
utsikt mot sør og Synste Stauren/Litlenipa (1106) vest mot Blåegga
(833), Eitrenipa (856), Høgefjellet (689) og vidare vestover mot andre
fjell og mot havet og øyane ved Florøkanten. Resten av vegen til topps
er godt varda, men går i stein og ur. For vegetasjonen er vekke frå ca
1000 moh pga det vèrharde klimaet. Her i frå er det ein god times gange i
stein av variabel storleik og til toppen.
Første delen av ruta ovanfor Nipevatnet er bratt. Over første ura får du
flott utsikt sørover mot Dalsfjordsia, og mot skaret mellom kammen på
sørsida av Blegja og Synste Stauren (Litlenipa) mot sørvest. No ser vi
òg det karakteristiske topplatået av Blegja, men sjølv om målet endeleg
er i sikte, er det ganske tungt å gå i berre ur til toppen.
Om sommaren
er det ikkje noko problem å komme seg over kanten på platået frå
sørvest. Tidleg på året ligg det likevel ein stor skavl som kan vere
både isete og vanskeleg å komme over, så stegjern kan vere greitt å ta
med viss du går opp før midten av mai. Skavlar pregar dessutan heile
nordsida av fjellet og austover mot Heilevongstaurane.
Etter no å ha kome opp på toppen etter ca. fire timar oppstigning,
avhengig av pausar og form, får vi ei praktfull panoramautsikt i alle
retningar. Mot aust ser vi innover Heilevongstaurane mot Litlehesten
(912) og Kvamshesten/Storehesten (1209), og lengst i synsranda
Jostedalsbreen og Snønipa. I nordaust ser vi inn Førdefjorden mot
Naustdal, og Blåfonna som ligg 300 meter rett nedfor føtene. Dette er
ein bre som aldri smeltar.
Mot nord ser vi Ålfotbreen og
Bremangerlandet, og mot nordvest ser vi til Florø og øyane.
1304 meter
ned ligg Kvammen. I vest ligg havet og alle fjella på Askvollhalvøya, og
i sør ligg Dalsfjorden og vidare utsikt sørover mot Guddalsfjella og
fjella mot Bergenskanten. Det er sagt at vi kan sjå 9 prestegjeld frå
toppen. Og utsikta er formidabel…
Har ein dagen og tid til disposisjon, er det veldig flott å kombinere
turen opp frå Rørvika med retur ei av dei andre rutene nemnt til å
begynne med, eller kanskje omvendt?
Blegja er eit flott turmål. Men du får som alltid kjekkaste opplevinga
når du er litt i form…! Urane kan vere krevjande nok om ein ikkje er van
med slikt underlag.
God tur!
Praktisk informasjon:
Høgde: 1304 m.o.h.
Tid: 4-5 timar opp, 3-4 timar ned.
Høgdprofil: 20-1304 m.o.h.
Lengd: 10 km tur/retur.
Nytte lenker:
Kart og høgdeprofil
Kart og høgdeprofil
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettEr det ynskje om å sjå fleire bilder frå Blegja har eg laga ein YouTube serie her: http://youtu.be/8zJ_PVvJ8KA
SvarSlettHugs beste kvalitet. For ordens skuld kan det òg seiast at denne løypa no T-merka.