Å komme heim
Før, til dømes det året eg gjekk på folkehøgskule i Telemark, då folk
spurde meg kor eg er frå – brukte eg å
svare noko vagt og uspesifikt, som ”Vestlandet” eller ”Sogn og Fjordane”. Få
veit Sunnfjord ligg, eller har høyrt om den vesle øya eg kjem frå. Eg syntast
det var strevsamt å prøve å forklare kor eg er frå, og kanskje til og med at
det var litt flaut å være frå ein liten plass som knapt ingen hadde høyrt om,
når ”alle andre” kom frå byar dei fleste kjenner til – slik kjentest det i alle
fall. Eg lærde raskt at dei fleste (austlendingar) vil anta at du kjem frå
Sunnmøre når dei høyrer dialekta di – dette må ein rett og slett finne seg i
når ein er Sogn og Fjording. No derimot, er eg litt eldre enn då, og kanskje
difor meir sjølvsikker. Når folk spør, svarar eg stolt at eg kjem frå ei lita
øy langt vest i havet med omtrent 200 innbyggjarar: Værlandet. Eg vil ta deg,
lesar, med på ein liten tur dit.
Eg reiser ikkje så ofte heim, no når eg studerer vert dette berre
mellom semestera, altså i juleferien og i sommarferien. Det tek nemleg litt tid
å komme heim, men dette ser eg på som litt av sjarmen ved det å komme heim. Ei
lang reise gjer at ein verkeleg set pris på å komme fram til målet, når endeleg
ferjelemmen senker seg ned på kaia og eg kan gå av etter ei lang reise med
mykje kikking ut av bussvindauget og filosoferinga over livet som følgjer
naturleg med det.
Utsikta mot
Alden, frå båt. Foto: Karina Nybø
Det første som møter meg, er den gode lukta av havet. Det er noko heilt
spesielt ved denne lukta, og eg får ei ro over meg når eg fyller lungene med
frisk havluft. Då er eg endeleg heime. Eg har budd andre stader som ligg ved
havet: Florø, Oslo og Trondheim – men ingen av desse stadene har den same
friske havlufta som heime. Ein må rett og slett dra litt lenger ut i havet for
å kunne kjenne denne, har eg skjønt. Her ute er det ingenting anna som
kamuflerer den reine, gode lukta av hav og tang i fjærekanten.
Blikkstille
sjø, nær fergekaia på Værlandet med utsikt austover mot Askvoll. Foto: Karina
Nybø
Vidare, når eg ruslar heimover, ser eg gjerne noko av det rike
dyrelivet som lever saman med menneska her ute. Den majestetiske havørna
sirklar over himmelen, tjeldepar vaktar reira sine ved sjøkanten og kjem med
sine smått nervøse skrik om ein kjem for nære. Oter leikar i fjæresteinane. Skarven
tørker vingane sine på eit skjær med ein langhalsa hegre like ved. Eg smiler
for meg sjølv og tenkjer på at desse dyra får leve stort sett i fred med
menneska her ute i øyane.
Det er eit
rikt fugleliv ute i øyriket. Foto: Karina Nybø
Eg kikkar bort på den majestetiske Alden, det 480 meter høge fjellet
som ragar rett opp frå havet og som eg ser ut av stoveglaset mitt heime. Der
skal eg nok ta meg ein tur opp medan eg er heime. Uansett vêr er det ein
kjempeflott tur med utsikt over øyane her ute. Der kan ein sjå ut mot nabo-øysamfunnet
Bulandet, som har vegforbindelse med sju bruer frå Værlandet. Ut dit må eg også
ta meg ein sykkeltur over bruene. Dette er ein god trimtur i fantastisk natur
og med varierte omgjevnader. Bulandet er også veldig spesielt med sine 365 små
øyer og holmar, og eit av dei vestlegaste bebudde samfunna i Noreg.
Utsikt over Værlandet og Alden frå Høgkletten, 165 m.o.h. Ein fin liten tur med flott utsikt. Foto: Karina Nybø
Om natta, om det er stjerneklårt, likar eg å kikke opp på
stjernehimmelen, som er noko heilt anna enn den eg får sett i til dømes
Trondheim der eg held til til vanleg. Ein ser så mange fleire stjerner, og
Melkeveien som eit lyst belte over himmelkvelvingen. Eller, om sommaren, berre
å være ute til langt på kveld og gå ein av dei mange turstiane som finnast her
ute, som er laga av på dugnad, som så mykje anna her ute. Dei som bur her ute i
øyane er vande med å gjere sin del av det felles arbeidet med å gjere dette
samfunnet til gode for alle som bur og ferdast her. Det å ta seg ein joggetur
ute på lyngheiene er noko eg alltid ser fram til når eg kjem heim.
Noko av det
ein kan sjå på nokre av dei mange flotte turstiane på Værlandet. Foto: Karina
Nybø
Om vinteren frys gjerne nokre av dei grunne vatna, og då tek heile
familien med seg niste og kakao og går på skøyter i timesvis. Om sommaren når
det er varmt, samlast mange og tek seg eit deilig bad enten i eit av desse
vatna, eller i havet. Rett ved der eg bur er det ei fjære som vi har brukt å
bade og leike i. Vi finn krabber og eremittkreps, kastar flyndre og byggjer
steinhus. Som barn vart vi aldri leie av å leike i
fjæra om sommaren.
Om vinteren er det
populært å stå på skøyter til dømes på Kråkevatnet, med Høgkletten i
bakgrunnen. Foto: Karina Nybø
Noko som eg også alltid må gjere når eg er heime om sommaren, er å dra
ut med båt. I sommar hadde eg ein fantastisk fisketur saman med brørne mine.
Det var heilt blikkstilt på havet, og vi reiste ut med motorbåten og kjende den
varme gode vinden i håret medan båten suste over bølgene. Då vi kom fram til
fiskeplassen, var sola i ferd med å gå ned og Alden vart farga raud av
solnedgangen. Eg og brørne mine satt i båten og fiska medan vi diskuterte kva
det var som gjorde at solnedgangen var raud. Medan vi drog opp fangsten vår,
stakk ein kobbe hovudet opp og kikka nysgjerrig på oss rett ved båten. Havørna
flaug over hovuda våre, og jammen såg vi ikkje ein flokk med nise som symde
ikkje langt frå der vi låg og duppa i det blikstille vatnet.
Solnedgang
over Værlandet. Foto: Karina Nybø
Det er alltid godt å komme heim, og kjenne på den ekte roen av naturen
her ute. Eg er ikkje lenger flau når eg seier kor eg er frå. Eg er stolt over å
komme frå ein så vakker og særeigen plass, og viser gjerne bilete heimefrå, for
som du sikkert har skjønt er det ikkje vanskeleg å ta flotte naturbilete her
ute. Kanskje tar du, lesar, turen ut til øyene langt vest i havet ein gong, så
får du også oppleve denne unike kjensla av friheit og ro. Bilete og tekst kan
berre prøve å beskrive det. Det må rett og slett opplevast.
Karina, 22 år frå Værlandet
For ei fin skildring av den flotte naturen og roen som finst der ute i havgapet. Har vore ut på Værlandet og Bulandet ein gang og JA det var flott der ute. Deler innlegget ditt på min blogg, med anbefalinger om å ta turen til ditt paradis.
SvarSlettEFFECTIVE LOVE SPELL TO GET EX HUSBAND/BOYFRIEND OR EX WIFE/GIRLFRIEND AND CURE HERPES AND INFERTILITY THAT WORKS WITHIN 24 HOURS. Contact Dr. Odunga at odungaspelltemple@gmail. com OR Whats App/CALL +2348167159012
SvarSlettI got my ex husband back to me and also got fertile and gave birth to twin girls after 12 years of marriage.
When I came online last year, I saw a testimony about Doctor ODUNGA and how he has been helping people with marriage issues and I decided to contact him. We spoke on email at odungaspelltemple@gmail. com and later he gave me his WhatsApp number which is +2348167159012. He assured me he would help me get my ex husband back after 3 years of no contact. Doctor Odunga is the best spell caster I must say. My husband called me after 24 hours of contact. The third day, I received natural herbs for fertility and after using it, I became fertile and conceived. I and my husband reconnected, had sex and I was pregnant. Presently I am happy to say I am the mother of twin girls and this is ALL THANKS TO DOCTOR ODUNGA. I came online to say this If you need help, I believe you are saved with this man. Contact his email at odungaspelltemple@gmail. com OR Whats App/Call +2348167159012 and you too will give a testimony too to help others
Hello I want to share my amazing experience with the greatest spell caster called Prophet Abulele my husband was cheating on me and when I found out we had a fight which lead to him requesting for a divorce I cried and fell sick when I was searching about love quotes online I saw people talking about him and his great work whose case was similar to mine they left his contact info I contacted him and he told me not to worry that after 24hrs he will cancel the divorce and be back to me after i did everything he asked me to do to my greatest surprise the next day evening it was my husband he knelt down begging me to accept him back, thank you once again Prophet Abulele you are indeed a blessing to me. If you are out there looking for his help you can reach him for easy communication on Whatsapp +2349022406159 or email him via his email prophetabulelehealingtemple@gmail.com
SvarSlettA GREAT SPELL CASTER (DR. EMU) THAT HELP ME BRING BACK MY EX GIRLFRIEND.
SvarSlettAm so happy to testify about a great spell caster that helped me when all hope was lost for me to unite with my ex-girlfriend that I love so much. I had a girlfriend that love me so much but something terrible happen to our relationship one afternoon when her friend that was always trying to get to me was trying to force me to make love to her just because she was been jealous of her friend that i was dating and on the scene my girlfriend just walk in and she thought we had something special doing together, i tried to explain things to her that her friend always do this whenever she is not with me and i always refuse her but i never told her because i did not want the both of them to be enemies to each other but she never believed me. She broke up with me and I tried times without numbers to make her believe me but she never believed me until one day i heard about the DR. EMU and I emailed him and he replied to me so kindly and helped me get back my lovely relationship that was already gone for two months.
Email him at: Emutemple@gmail.com
Call or Whats-app him: +2347012841542