Gjestebloggar denne veka er Siri Bjorstad Hjermann. Ho kjem frå Øystese, og flytta frå fjord til kyst for å jobbe som lærar på Flora Vidaregåande skule. Siri legg ut flotte bilete på Instagram under namnet iriseye67.
Frå fjære til fyr, frå fjord til fjell.
Slik er Flora kommune: Frå øyar til keipar, niper, bør og bre. Når ein
køyrer Riksveg 5 går det rett vest mellom niper og fjell, og augneblinken når terrenget
opnar seg og horisonten kjem fram er makalaus. Siste stopp på vegen er Florø,
skal ein lenger vest må ein legga på svøm. Florølandet ligg flatt som eit golv,
med unntak av Store- og Lilleåsen, og namnet Florø kjem visstnok av det
engelske «floor» som igjen stammar frå norrønt. Denne kommunen som eg flytta
til for 22 år sidan, byr på eit mangfald av kontrastfylte turar. Eg vaks opp
ved Hardangerfjorden, og ut stoveglaset i Øystese såg eg rett over fjorden på
Folgefonna. At heimtraktene mine har vore ettertrakta reisemål sidan 1800-talet
er lett å forstå. Det er alltid godt å vera heime i Hardanger, men etter å ha
budd så lenge ved havet kjenner eg at det
er dette opne, værharde landskapet som har blitt heime for meg.
Ut i øyane
Etter nokre månadar i
Florø vart eg kreftsjuk, og måtte venta ein månad på operasjon. Eg kontakta
Gunnhild Bjelland, som leigde ut rorbuer i øyane. Ho hadde sesongstengt, men leigde likevel ut
den minste rorbua si. Slik hadde det seg at den første turen min i Flora
kommune gjekk til topps på den ruvande, røffe øya Store-Batalden (492 moh) midt i mørke desember. Gunnhild redda psyken min og
kirurgar tok seg av sjukdomen. Batalden har etter dette hatt ein spesiell plass
i hjarta mitt. På seinare turar her har eg opplevd havblikk og sommarvarme, men
mest minnerik er for alltid den første turen, då motbakkane var tyngst. Søren Kierkegaard sa så klokt at: «Jeg går meg til de beste tanker, og
jeg kjenner ikke en tanke så tung at man ikke kan gå fra den. Når man slik fortsetter å
gå, går det nok.»
Over skodda
Den andre turen min gjekk til Håsteinen,
(964 moh.) - opp skogsvegen, forbi det idylliske Høydalsvatnet, over elva og så opp
bratte Breiskåra på den smale stien. Vel oppe vart eg snytt for utsynet,
skodda hadde sige på og berre fjelltoppane var synlege, som små skjær i sjøen. Det
frodige landskapet og havet med alle øyane var vekk. Seinare har eg vore på
toppen og sett kva eg gjekk glipp av. Frå kjøkenglaset mitt ser eg dagleg rett
aust på Håsteinen, Skålefjellet og Strandanipa, gjennom kikkerten ser eg til og
med varden på Haukåbøra (1065 moh.). Nokre
turar går eg gjerne og ofte, men Børa, som Haukåbøra blir kalla, er ikkje ein
av desse. Mannen min har masa på meg i årevis om å gå dit, og siste helga i
august fekk han meg endeleg med. Det er
ein variert og spennande tur, så eg vil absolutt tilrå turen!
Haukåbøra sett frå Børabu. Foto: Siri Bjorstad Hjermann
Mellom kontrastar
Børa-turen byrjar med 100 meter på
asfalt. Parker ved Nordalsfjorden-skiltet, og gå eit kvarters tid i lett
terreng til Haukåvatnet. Der er det like
fint midtsommars som når snøen ligg djup eller syndefloden silar ned. Tru meg,
eg har prøvt alle variantane. Den eine sida av vatnet er frodig myrlendt, eventyrtrær
står til knes i vatn ved ein gammal støl, medan den andre sida er full av svære,
golde steinar i fine formasjonar. Alt dette speglar seg så magisk i vindstilla.
Du balanserer over ei smal trebru, vestover kastar fossen seg utfor, du skimtar
så vidt Batalden ute i havet og steile fjell heng over deg.
På veg mot Børa. Foto: Siri Bjorstad Hjermann
Så ventar eit Hobbit-aktig
steinlandskap dekka av irrgrøn, tjukk mose. Litt etter sildrar lyset ned
gjennom tette lauvtre, det er bratt, andpusten vinn du høgdemetrar, og ved
hjelp av ein kjetting klyv du lett opp det brattaste partiet, sjølv med litt
høgdeskrekk. Du passerer Grisebotsvatnet, og undrast over korleis eit så
spektakulært vatn kan ha eit slikt namn, du passerer små dalar og frodige
fjellsider som vert stadig brattare og meir aude. I det fjerne skimtast den
tidlegare turlagshytta Børabu like ved demningen. Vel oppe ved varden på den
steinete, litt ugjestmilde og aldeles imponerande og unike Børa ser du
seglingsmerket Alden, sjøklippen Hornelen og heilt til oljeplattformane.
Mikroekspedisjonar
Flora har 14 toppar over 1000 meter, og breier seg over om lag 650
kvadratkilometer. Men ein treng ikkje gå verken høgt eller langt; nærområda
eignar seg til mikroekspedisjonar. Ut det andre kjøkenglaset mitt ser eg rett
på Storåsen (100 moh) der Wehrmacht bygde
anlegg under andre verdskrig, og der ein student budde 4 månadar i telt, inntil
prosjektet hans regna vekk. Etter få minutts gange over Storåsen sit eg på ein
benk med panoramautsikt mot solnedgang, horisont, øyar og båtar. Uansett vær og
årstid er det fint å ta kveldsturen hit, eller sørover til Sørstrand Folkepark, der bruer forbind holmar med fastlandet like
ved flyplassen. Det er spesielt å stå der når eit Wiederøe-fly går inn for
landing, når vinden brølar og du knapt held deg på beina. På sandstranda her er
det forresten fint å bada, året rundt! Mange padlar mellom holmar eller ut mot
øyane, uansett vindstyrke eller -retning kan ein
finna ei eigna padlerute i nærområdet nord, sør, aust eller vest for Florø.
Sørstrand Folkepark. Foto: Siri Hjermann
Då eg fylte 50 i sommar gav mann og døtre meg ein mikroekspedisjon. Eg elskar å vera på reisefot, men familien veit godt kva stader eg likar for trim, kontemplasjon eller fotosafari. Dagen før dagen vart eg «kidnappa», og etter ymse krumspring og ein biltur med bind for augo, kom me til eit naust der kajakk og kano låg klar, og så padla me ut til holmen i Kvalvika.
Ein glad 50-åring i Kvalvika
Sauer i Kvalvika. Foto: Siri Bjorstad Hjermann
Frå brunostskiver til delikatesser
Det er
mange høgder i kommunen, og nokre av desse er store på smak, men med småletne
namn. I trivelege, små lokale i Florø finn ein Vesle Kinn og Lille Marked, som begge byr på smakfulle mat- eller drikkeopplevingar. Nista mi
er ofte kvardagslege brunostskiver, men eg lærte noko då eg var med ein lystig flokk
tøtter på tur. Vel oppe ved varden trylla dei fram velsmakande ostar, skinke,
oliven og berykta blings frå «Lille Marked». Ei hadde til og med bore ei flaske
Prosecco og jordbær til topps! Det var tett skodde og lite å sjå, men ein
høydare likevel. Kontrastar og variasjon gjer seg i matboksen så vel som i
naturen! Eg må innrømma at eg seinare i mild februarsol har ete sushi frå Thai Isaan Restaurant, med beina dinglande
frå brua over Haukåvatnet.
Tur og retur. Opptur, men ingen nedtur
Tur og retur. Opptur, men ingen nedtur
Då eg
vart spurt om å dela turfavorittar fekk eg eit problem; det er så mange å velja
blant. Eg kunne ha skildra den augustkvelden eg kom opp på kvardagsfavoritten Hatlesetnipa (583 moh.) og fekk med meg
ein liten konsert, då ei mor og to søner lufta gitaren. Eg kunne ha fortalt
inngåande om redsla og sigerskjensla høgdeskrekken gav meg, då eg ein grå julikveld
let meg lokka rundt den særprega, aldeles eineståande øya Kinn. Eg kunne ha
teke deg med på vandring over den frodige, frie øya Askrova. Eg kunne ha vist deg Tjofjellet
(350 moh.) ein tur så flott at ho som tipsa meg om den fekk roser som takk. Og
ikkje minst kunne eg ha sett ord på det eg såg og høyrte ut vindauget på Kvanhovden fyr, den vindfulle
septembernatta då eg overnatta der.
Utsikt over Askrova. Foto: Siri Bjorstad Hjermann
Flora kommune: frå fyr til fjære, frå fjord til fjell, frå morgon
til kveld. Året rundt ventar naturopplevingane på oss, godt skildra i bøkene
«Opptur Sogn og Fjordane» eller Flora Turlag si «Turbok» frå 2016. I ein slik
natur er det ikkje vanskeleg å ta Tomas Espedal sin boktittel som ei
utfordring: «Gå. Eller
kunsten å leve et vilt poetisk liv.»
God tur!
Siri Bjorstad Hjermann
Siri Bjorstad Hjermann
EFFECTIVE LOVE SPELL TO GET EX HUSBAND/BOYFRIEND OR EX WIFE/GIRLFRIEND AND CURE HERPES AND INFERTILITY THAT WORKS WITHIN 24 HOURS. Contact Dr. Odunga at odungaspelltemple@gmail. com OR Whats App/CALL +2348167159012
SvarSlettI got my ex husband back to me and also got fertile and gave birth to twin girls after 12 years of marriage.
When I came online last year, I saw a testimony about Doctor ODUNGA and how he has been helping people with marriage issues and I decided to contact him. We spoke on email at odungaspelltemple@gmail. com and later he gave me his WhatsApp number which is +2348167159012. He assured me he would help me get my ex husband back after 3 years of no contact. Doctor Odunga is the best spell caster I must say. My husband called me after 24 hours of contact. The third day, I received natural herbs for fertility and after using it, I became fertile and conceived. I and my husband reconnected, had sex and I was pregnant. Presently I am happy to say I am the mother of twin girls and this is ALL THANKS TO DOCTOR ODUNGA. I came online to say this If you need help, I believe you are saved with this man. Contact his email at odungaspelltemple@gmail. com OR Whats App/Call +2348167159012 and you too will give a testimony too to help others
EFFECTIVE AND PERFECT LOVE SPELL CASTER
SvarSlettMy ex-boyfriend dumped me one week ago after I accused him of seeing someone else and insulting him. I wanted him back in my life again because i really love him but he refuse to have any contact with me. I was so confuse and i did not know what to do, so I reach to the Internet for help and I saw a testimony of how a spell caster help a woman from Scotland to get her ex back, so I contact the spell caster and explain my problem to him and he cast a spell for me and assure me of 2 days that my ex will return to me and to my greatest surprise the third day my ex came knocking on my door and beg for forgiveness. I am so happy that my love is back again and not only that, we are about to get married. Once again thank you Dr Jumba . You are truly talented and gifted. Email; wiccalovespelltools@yahoo.com or wiccalovespelltools@gmail.com OR WhatsApp +1(908) 517-4108 is the only answer. He can be of great help and I will not stop publishing him because he is a wonderful man BLOG : https://manifest277.blogspot.com/
Hello I want to share my amazing experience with the greatest spell caster called Prophet Abulele my husband was cheating on me and when I found out we had a fight which lead to him requesting for a divorce I cried and fell sick when I was searching about love quotes online I saw people talking about him and his great work whose case was similar to mine they left his contact info I contacted him and he told me not to worry that after 24hrs he will cancel the divorce and be back to me after i did everything he asked me to do to my greatest surprise the next day evening it was my husband he knelt down begging me to accept him back, thank you once again Prophet Abulele you are indeed a blessing to me. If you are out there looking for his help you can reach him for easy communication on Whatsapp +2349022406159 or email him via his email prophetabulelehealingtemple@gmail.com
SvarSlettA GREAT SPELL CASTER (DR. EMU) THAT HELP ME BRING BACK MY EX GIRLFRIEND.
SvarSlettAm so happy to testify about a great spell caster that helped me when all hope was lost for me to unite with my ex-girlfriend that I love so much. I had a girlfriend that love me so much but something terrible happen to our relationship one afternoon when her friend that was always trying to get to me was trying to force me to make love to her just because she was been jealous of her friend that i was dating and on the scene my girlfriend just walk in and she thought we had something special doing together, i tried to explain things to her that her friend always do this whenever she is not with me and i always refuse her but i never told her because i did not want the both of them to be enemies to each other but she never believed me. She broke up with me and I tried times without numbers to make her believe me but she never believed me until one day i heard about the DR. EMU and I emailed him and he replied to me so kindly and helped me get back my lovely relationship that was already gone for two months.
Email him at: Emutemple@gmail.com
Call or Whats-app him: +2347012841542