lørdag 17. november 2018

Romantic getaway at the Fjord Coast



Top 5 romantic getaways


Sunset in the coastal town of Florø. Photo: Truls Kleiven

Rediscover romance in an environment of fresh sea air, beautiful landscapes and with no crowds of people. Fill your days with wellness treatments, recharging hikes, sightseeing and wildlife watching, or a paddle between small islands. At the Fjord Coast you can stay in comfortable hotels and enjoy the local food - either you catch it yourself or let a chef prepare a tasty meal with fresh, local ingredients. It's all about surroundings that give you and your loved one the perfect frame for nourishing your relation.



Top 5 romantic getaways


1. In the charming fishing village of Kalvåg you will find good atmosphere, great food and savour coastal culture. Knutholmen is the heart of the village. Placed around the little bay you will find sea houses, a restaurant with a dance floor, hotel rooms and conference facilities. Kalvåg itself is a large living hotel! Knutholmen specialize in food from the sea. Fresh raw ingredients are important for a good result; Kalvåg is located literally in the larder with fishing grounds just a stone throw away.


                                                                                 
Kalvåg is one of the best-preserved fishing villages in Western Norway. 

In Kalvåg you can enjoy wellness treatments or just relax on the indoor beach at the spa. There are many hiking trails to choose from, from easy, family friendly walks to Hornelen - the highest sea cliff in Europe. Don't miss a visit to Grotlesanden, a beautiful white sandy beach. A fascinating sight in all kinds of weather!


Go for a stroll along beautiful Grotlesanden beach. Photo: Jørund Nygård

2. Værlandet Havhotell at Værlandet in Askvoll is a unique oceanfront hotel. You are invited to stay within modern architecture in an open landscape close to the sea. From your room you may rejoice in endless views of the horizon and the majestic cliff island Alden. The hotel is a perfect base to explore the beautiful archipelago Værlandet and Bulandet in your own time. The best time to do anything - or nothing.



Every room at Værlandet Havhotell is unique in colour theme and interior. Photo: Værlandet Havhotell

Right by the hotel you can enjoy local food at Værlandet Gjestehamn. Meet the local hosts – you are guaranteed to be well taken care of! Other good locations for a romantic getaway on these islands are Bulandsferie and Liv & Lyst. Here you can stay at comfortable cabins, located right by the sea side.


3. The old trading post Skjerjehamn is located on a beautiful petite island just one and a half hour by boat from Bergen. At Skjerjehamn you can stay in the charming Swiss-style chalet dating from 1891 and enjoy great food made from locally sourced ingredients. 


Skjerjehamn has a lot to offer all year round. Photo: Jouni Kuuva

The Blue Garden, a new sculpture walk that explores the impact of modern aquaculture, opened in the spring of 2018. Skjerjehamn is an excellent get away for anyone who appreciate nature, art and history. 


4.  Dreaming of a hotel with a fjord view? Hotel Sognefjord is located in Leirvik by the beautiful Sognefjord. Here you can take a break from the bustle of daily life, walk hand in hand in the charming fjord village and eat a tasty dinner for two in the restaurant. 


The rooms at Hotel Sognefjord have newly been redecorated. Photo: Hotel Sognefjord

You can enjoy the stunning nature surrounding the hotel together with a guide from Lihesten. Perfect for the adventurous couple! 


5. Quality Hotel Florø is beautifully situated in the heart of the coastal city of Florø, the westernmost town in Norway. The hotel is located directly on the waterfront with a scenic view of the fjords and the majestic mountains. The hotel restaurant is one of the best in town. 


Quality Hotel Florø. Photo: Nordic Choice Hotels.

Florø is home to one of the best craft breweries in Norway - Kinn Brewery. In the city centre you will find both their test brewery and the beer café Vesle Kinn. Some of the beers from the test brewery you'll only find at Vesle Kinn. You'll also find almost the whole Kinn selection on bottles and classics from both Norwegian and foreign breweries. Kinn Brewery’s slogan is “doing it the old-fashioned way” - and a visit to Vesle Kinn is for sure a tasty experience! If you want to enjoy the nature, you don’t have to go far. Go for a walk up Storeåsen or Brandsøyåsen, which offers great views of the islands, fjords and mountains. This is also a great spots to watch the sunsets!

Romantic hike to Brandsøåsen. Photo: Truls Kleiven


There are many ways to explore the Fjord Coast with your loved one. Which hotel would you like to visit?



fredag 12. oktober 2018

Tur til Veten i Bremanger



Veten  - lengst vest over 500 meter


Gjestebloggar er Jørund Nygård, født og oppvaksen i Bremanger, der han òg har jobba som turistvert. I dag bur og studerer han i Oslo, der han slit med kronisk heimlengsel til fjella og strendene i Bremanger.




Det som gjer turen til Veten (527 moh) i Bremanger spesiell, er ikkje berre at det er Norge sin vestlegaste fjelltopp over 500 høgdemeter. Det er òg det varierte og særmerka terrenget på vegen opp, det unike skuet over ei av Norge sine finaste strender, og den fantastiske utsikta over eit heilt opent hav som ein møter på toppen.

Tid: 4 timar tur/retur
Lengde: 4 km kvar veg, 575 meter stigning
Sesong: Alle (Men pass på tåke og vindstyrke)
Vanskelighetsgrad: Middels (umerka)

Turen startar på den populære sandstranda Grotlesanden ytst på Grotle på øya Bremangerlandet. Frå snuplassen går ein mot høgre langs nausta til ei fjellgrind der stien byrjar. Her kan ein sjå støypte fundament. Dette er faktisk ei av dei få restane som er igjen av ei taubane til toppen som den tyske okkupasjonsmakta fekk bygga under krigen. Målet med taubana var nok ikkje sightseeing og masseturisme, men heller å få opp byggemateriale og forsyningar til observasjonsposten dei hadde på Veten.


Turstart er ved Grotlesanden



Veten er eit særs vanleg namn på fjelltoppar langs med norskekysten. Ordet vete betyr ildvarde, og ein hadde frå vikingtida av eit stort system av desse, slik at ein raskt kunne mobilisere heile landet til krig.

Frå grinda ser fjellsida oppover ved første augekast ikkje spesielt framkommeleg ut, men stien er tydeleg og trygg med jamn stigning til ein kjem til Grolsdalen etter 300 høgdemeter. 



Utsikta etter den første stigninga må kunne seiast å vere verdt turen aleine. 


Utsikt utover Bremangerpollen og Nordsjøen under oppstigning



Vidare, så kryssar en ei elv og går i flatt terreng i 700-800 meter før ein har ei ny stigning på 200 høgdemeter. Her er ein oppe på Vetenplatået, det vestlegaste fjellplatået i Norge. Terrenget her er lett og grassdekt med innslag av lyng og myr. Ein ser ein stor varde i vest, og følger stien dit. 



Målet er varden på høgda framme



Vel framme kan ein skrive seg inn i turboka som er utplassert. Ettersom stadig fleire har oppdaga denne perla av ein tur, har turlaget og fjelltrimmen i Bremanger måtte bytte ut denne turboka med aukande frekvens. Ein god del av æra for å ha gjort turen meir kjend skal nok motbakkeløpet Vetenløpet ha, som har blitt arrangert sidan 2005. Kenyanske John Sompol sprang opp her på rekordtida 25 min og 28 sek, medan ein vanlegvis brukar en dryg time opp med rask gonge.



Frå Vetenløpet 2018. 


I haust blir det bygd ei flott ny dagsturhytte på Veten med bibliotek til glede for turgåarar. Dette blir derimot ikkje den første hytta på Veten, tyskarane bygde òg ei hytte her under krigen som ein del av eit større observasjonsanlegg for å overvake kysten. Denne hytta er det få spor igjen av. 

I barndommen høyrde eg fleire gongar at om det var klart nok i lufta - så kunne ein sjå heilt til Shetland og Færøyene som ligg rett vest. Men same kor mykje eg sto på tå eller stirra i kikkerten, såg eg det aldri. Det er heller ikkje så rart, ettersom dei ligg et par hundre kilometer for langt vest, og dermed forsvinn bak horisonten. Så om ein har ein bekjent som hevdar jorda er flat, så kan ein ta han med på Veten for å avkrefte dette.



Varden på Veten med utsyn over havet i vest. Framme er det bratte stup i Olderveggen der det åpne storhavet knuser inn i fjellvegen. Dette sjøpartiet er frykta og er ufarbart ved dårleg vêr.



Dersom ein synest stien ein gjekk opp frå Grotlesanden blir vel bratt å gå ned igjen, kan ein i staden for å gå ned igjen i Grolsdalen, fortsette sti austover til ein kjem til ein grusveg for ATV nedover til Iglandsvik, om lag 1,5 km frå Grotlesanden. 

Har ein derimot lyst til å utvide turen, kan ein frå Veten utforske Vetenplatået, som dekkjer ein stor del av Bremangerlandet. Nordaustover, forbi Tussevikvatnet, kjem ein til Nonsfjellet der ein ser ned stupet til sandstranda i idylliske Vetvika. I nærleiken er det, utruleg nok, ein stupbratt sti ned klippene til Vetvika som sjeldan blir brukt. Dette må nok vere ein av dei brattaste og skumlaste stiane i Norge, og det finst tryggare alternativ lengre nordaust om ein vil ta turen ned. 

Austover er det ein rekke stiar over platået til forskjellige fjell og høgdedrag som er lette å bestige om ein vil gjere turen til ein full dagstur. Mange av toppane har bøker som ein del av fjelltrimmen i Bremanger. Det er fleire nedstigningar frå platået tilbake til Bremanger-bygdene, så turen kan ein gjere så lang eller kort som ein vil. Om ein står parkert på Grotlesanden kan ein jo berre bestille taxi tilbake. Platået har ypparlege forhald for å komme seg fram med terrengsykkel, og på vinterstid er det flott å gå en heildagstur på ski her. 



Frå Vetenplatået - sørover ser ein Frøyalandet der den populære turiststaden Kalvåg ligg. Vidare i horisonten er fjelløya Batalden og flotte Kinn med sitt karakteristiske kløyvde fjell i Floraskjergarden.

Tar du turen og besøker Bremanger vil du få servert gode natur- og kulturopplevingar. Det er flotte moglegheiter for fisking, og på hausten og vinteren er det ypparlege forhald for stormwatching. Det finst mange flotte overnattings- og etestader i nærleiken. For ei oppleving utanom det vanlege kan du overnatte i sjarmerande rorbuer hos enten Veljebua, Åkrebua og Kjelstad Feriehytter. Dyrstad Hytter byr på overnatting ved den idylliske Nordgulenfjorden.

Det finst fleire fine hotell i Bremanger. Bremanger Fjordhotell byr på nyoppussa rom og restaurant i Svelgen. Hos Knutholmen kan du overnatte i maritime omgjevnader i Kalvåg. Knutholmen er viden kjent for å servere god mat, så det kan anbefalast å leggje turen innom restauranten på hotellet!


God tur!

tirsdag 9. oktober 2018

Øya Reksta på langs



Øya Reksta på langs


Gjestebloggar denne veka er Anita Øygard. Anita bur på øya Reksta i skjergarden utanfor Florø, der ho driv med villsau i tillegg til anna arbeid. Anita lagar økokologisk spekepølse frå eigne villsauer, som har beita frå lyngheiane til fjæresteinane på Reksta. Du kan lese meir om Reksta Villsau på reksta.no



Min tur er for meg ultralokal, og startar rett ut for døra mi – på sørsida av øya Reksta. Eg går ofte delar av turen som eg fortel om her, men har følgt Flora Turlag heile turen fleire gonger. Terrenget på Reksta er prega av lyngheiar, og eit rikt sauehald held vegetasjonen nede. Sjansen for å møte på sauer på Reksta er difor stor. Det er merka turstiar over heile øya – med raude pålar og skilt over Storefjellet, Vasslifjellet og Harefjellet. På alle tre toppane ligg det turbøker der du kan skrive inn namnet ditt. Sunnivaleia som går på sti og veg langs sjøen på sørsida av Reksta, er merka med blå pinnar og skilt frå Selvåg til Rognaldsvåg. Du kan lese meir om Sunnivaleia på Reksta her.


Utsikt frå StorefjelletVandring på Reksta byr på flotte naturopplevingar


REKSTA


Reksta, er ei langstrakt øy – og på inste enden finn ein den veglause vesle grenda Selvåg og lengst vest ligg Rognaldsvåg, som er den mest tettbudde delen av øya – og her er hovudstogget for rutebåten og nærbutikken. Midt i mellom ligg grendene indre og ytre Reksta. Det fins fleire forklaringar på kva Reksta betyr, og dei mest sannsynlege er truleg at den strekkjer seg lang utover eller at det er staden der ting rek i land. Å gå Reksta på langs – frå våg til våg er ein tur som passar for store og små. Det fine med denne turen er at ein kan velje å gå over tre fjell for dei som ønskjer det – eller ein kan gå på sti og bygdeveg heile vegen – eller ein kan kombinere dette og gå eit, eller to eller tre fjell.





GÅ MOT SOLA


Rutebåten som går til og frå Florø går innom både Selvågen og Rognaldsvåg – og eg vil tilrå turen frå aust mot vest. Då kan ein reise ut med rutebåten frå Florø kl. 16.00 (søndag kl. 14.30), stige i land i Selvåg etter ca. 20 minutt og ha god tid til å nå båten som går inn igjen til byen , frå Rognaldsvåg ca. kl. 20.30. Det er fint å gå mot sola – og kanskje avslutte turen med eit friskt bad vest i havet. Går ein langs sjøen kan ein gjerne ta med seg ein pose og plukke med seg litt av all plasten som rek i land i fjæresteinane på Reksta.


Strandrydding på Reksta


STOREFJELLET ELLER SUNNIVALEIA


Når ein går på land i Selvågen, går ein beint mot fjellet, der ein vil finne eit skilt som peikar mot sør og er merka med Sunnivaleia – som er pilegrimsleia som går på sjø og land frå Florø til Selje. 



Ved dette skiltet startar også den raudmerka stien som går over det som vi kallar Storefjellet – men som på mange kart er skrive som Indre Rekstafjellet. Det går forholdsvis bratt opp i starten og ein bør vere skodd for parti med myr. Vel oppe ved varden 173 moh. har ein flott utsikt mot fastlandet i aust, Alden i sør og mot vest ser ein resten av Reksta, Kinnafjellet og Nordsjøen, mot nord ser ein Skorpefjorden og naboøya Skorpa. Vegen vidare mot vest går over ein smal fjellrygg, før turen går bratt nedover mot fylkesvegen i Skaret ved Indre Reksta.


VASSLIFJELLET


Frå Skaret kan ein følgje fylkesvegen sørover til Indre Reksta og Sunnivaleia, eller ein kan starte oppturen mot Vasslifjellet, som er ein lett og godt merka tur opp mot Likkjevatnet ca. 140 moh. Lenger vest går ein ned igjen Djupedalen på nordsida av Reksta. Herifrå har ein god utsikt mot Skorpa, Batalden og vestover med Ytterøyane fyr. Stien fortset langs Storevatnet, på steinar og trebruer som er lagt ut. På Storevatnet kan ein treffe på både svaner og gjess. Stien mot fylkesvegen og Råsa ved ytre Reksta er prega av myr – men det er lagt ut trebruer på dei våtaste partia.



Vakkert ved Storevatnet


HAREFJELLET


Frå Råsa kan ein igjen ta bygdevegen sør til ytre Reksta og Sunnivaleia, eller ta turstien som går bratt opp mot det vestlegaste og høgaste fjellet på øya – Harefjellet. 

Flott utsikt frå Harefjellet med Store Batalden i nord.


Oppturen er svært bratt – og alle som likar å skravle på tur pleier å bli stille opp desse bakkane. Vel oppe går ein langs ein ryggen på Rindefjellet med god utsikt mot Rindemyra og øyane nord for Reksta. Før ein kjem heilt til topps på Harefjellet må ein forsere vassverket til husstandane i Rognaldsvåg. Det gjer ein ved å gå over den oppmura demningen på nordre enden. Eit alternativ – om ein synes dette er for skummelt – er å gå grasbakken ned forbi. Ei ny stigning fører ein til varden på Harefjellet 218 moh. - med ei fantastisk utsikt i alle himmelretningar. 


På Rindefjellet på veg mot vassverket og Harefjellet. 


Varden på Harefjellet 


På toppen av Harefjellet. 


Namnet Harefjellet har ingenting med harar å gjere, men kjem truleg av Hamrefjellet. På godvêrsdagar er det ikkje problem å få auge på oljeplattformene Gjøa og Vega i horisonten. Turen ned frå Harefjellet går sør om Rekstastauren, med utsikt mot Likvikja - før ein svingar nordover og går ned mot Rognaldsvåg via Geitehellarane. Som namnet tilseier er det ein bratt geitesti. Vel ned i Fjellsenden gjenstår det berre ein kort tur via Sunnivaleia til Rognaldsvåg kai.


ROGNALDSVÅG


I det gamle fiskeværet, med gode hamneforhold, ligg husa tett og er velhaldne. Nærbutikken ligg ved rutestogget, og når turlaget går denne turen har butikken ofte ekstra ope, slik at turfølgjet kan avslutte turen med noko godt frå hyllene der. Kveldsruta som tek deg med inn igjen til Florø går litt ulike ruter frå dag til dag – slik at lengda på heimturen vil variere litt – anten innom øyane i nord eller strake vegen inn til byen.


God tur!



Fristar det med ein tur til øya Reksta og kystbyen Florø? Rutetider for lokalbåten finn du på kringom.noLegg inn "Frå: Florø kai, Flora" og "Til: Selvåg kai, Flora"/ "Til: Rognaldsvåg kai, Flora".

Det finst mange flotte overnattingsstader både på Reksta og i Florø. For ei oppleving utanom det vanlege kan ein overnatte på Reksta, i enten feriehus, i ein gamal fiskarbustad eller hos Rognaldsvåg gjestehusDersom du ønskjer å kombinere vandring med eit opphald i Florø er det mange overnattingsstader og eteplassar å velge mellom. Quality Hotel eller Comfort Hotel byr på flotte hotellopplevingar midt i Florø sentrum. Hos Restaurant Bryggekanten og Hjørnevikbua Restaurant kan du nyte smaksrik mat like ved sjøkanten. Gode smakar står også i fokus på ølkafeen Vesle Kinn, der dei serverar handverksøl frå både Kinn Bryggeri og andre. Kva med å besøke Kystmuseet eller badeanlegget Havhesten? På Kystmuseet kan du sjå glimt av dagleglivet ved kysten, frå sildefiske til oljeindustri. Er vêret av det fuktige slaget er det ypparleg å trekke inn i badeanlegget Havhesten. Havhesten byr på vassglede for både små og store! 

søndag 7. oktober 2018

Tur til Pollatinden - Solund si dronning



SOLUND SI DRONNING - POLLATINDEN (541 MOH) 


Gjestebloggar denne veka er Liv Janne Bell Jonstad. Ho står bak tur- og fjellbloggen fjell-luft.blogspot.com. Her er det mykje inspirasjon å hente for friluftsglade familiar og andre! På bloggen gir ho tips til store og små fjellturar, primært i Sunnfjord. Vi kan også anbefale Instgramkontoen fjelluft16 og denne Facebooksida for inspirasjon til din neste fjelltur!


Turmål: Pollatinden i Solund, ved kysten av Sogn og Fjordane. 
Tidsbruk: 2,5 timar tur retur. 
Lengde på turen: ca. 2,5 km ein veg 
Vanskelegheitsgrad: Middels 
Sesong: Heile året 

Pollatinden er det nest høgaste fjellet i Solund, og vert omtala som dronninga i øyriket. Om det er statusen som nest høgaste fjell som er opphavet til dronningnamnet eller om det er det faktum at Dronning Sonja faktisk har gått turen - det veit eg ikkje. Men når det gjeld utsikt - står ikkje Pollatinden tilbake for fjellet som er høgast - Krakhellenipa (som då vel må vere Kongen?). Enkelte stader finn du også Pollatinden omtalt som "Norges fineste sted"

Uansett - kven har ikkje lyst til å gå i Dronninga sine fotspor? 

Vi var på Pollatinden for første gong for 10-12 år sidan. Når vi så skulle tilbake til Solund på helgetur med bubil, så var dette ein av dei turane vi hadde lyst til å gå saman med ungane.



Vi har nett starta på turen og ser framleis ned til hovudvegen ved Pollen. Fine berg å gå på! 

Slik finn du fram: Turen startar rett ved hovudvegen ved Pollen, ca. 4 km nordaust for Hardbakke og 1 km nordaust for Solund Verft. Det står skilt ved startpunktet, og det er fleire utkøyrsler i nærleiken der du kan parkere utan at du er til hinder for trafikken elles. 

Turen har jamn stigning oppover, og det meste av turen går på berg. Det er derfor eit veldig kjekt terreng å gå i for barn - i alle fall når det er tørt! For både vaksne og ungar er det også spanande å studere geologien med raudleg sandstein blanda med konglomerat - noko som gjerne medfører ein del stopp undervegs. Mange fine steinformasjonar i berga! 

Stien er godt varda, så det er enkelt å finne fram. 

Nokre stopp undervegs for å nyte utsikta! 

Utsikta frå toppen av Pollatinden er storslagen - ut i havet til Utvær fyr, nordvestover mot Bulandet, Værlandet og Alden og til øyane utanfor Florø, og sørover mot Gulen og fjella innover i Stølsheimen. Vi kunne også sjå austover mot kjende fjell som Storehesten. 




På toppen 

 Alden strålar opp midt i biletet 





Kartutsnitt frå ut.no 

 Pollatinden ligg der det er merka med raud ring på kartet. 


 Stien frå hovudvegen og opp på toppen. 


Har du lyst til å ta deg ein tur? Det er mange flotte overnattingsstader i nærleiken. Solund leilighetshotell byr på overnatting midt i tettstaden Hardbakke. Har du lyst til å overnatte i sjarmerande rorbuer kan vi anbefale å overnatte hos Steinsund Marinesenter, Solund Rorbuferie og Gåsvær fiskeferie. Her kan du kjenne roa senker seg medan du nyter den vakre sjøutsikta og høyrer bølgene skvulpe i sjøkanten. 

Solund er eit ypparleg reisemål for deg som ønskjer å kombinere vandring med andre spennande aktivitetar. Kva med å leggje ut på guida kajakktur med Norsk Kystkulturakademi, reise på øyhopping eller besøke det vestlegaste fyret i landet, Utvær?

 God tur!

fredag 28. september 2018

Tur til Høgeheia - kjekt for både liten og stor!



Gjestbloggar denne veka er Gustav Skaar. Han er født og oppvaksen i Dale i Sunnfjord, og bur i dag i Stongfjorden i Askvoll. Gustav er ein aktiv friluftsmann og bloggar på gustavskaar.blogspot.com. Han deler flotte bilete på Facebooksida Mountains in Askvoll, og på Instagram - mountainsinaskvoll og gustavskaar.



Turen på Høgeheia startar i Holevika der vegen sluttar. 


Tur til Høgeheia - kjekt for både liten og stor!


  • Kor: Stavenesodden i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane. Om du køyrer frå Stongfjorden til Holevika finn du eit flott utgangspunkt for ein tur på Høgeheia.
  • Høgd: 450 meter over havet
  • Turlengde: Ein tur tek omlag ein times tid, avhengig av alder og form, og kva tid ein gir seg sjølv undervegs. Dette er ein relativt enkel tur.

Det flotte med Høgeheia her ute ytst mot havet, er at ein kan gå turen heile året. Utan ski og spesialutstyr. Den salte havlufta smeltar fort det som kjem av snø. Men om det frys på, kan det likevel vere godt å ha broddar i sekken. 

Ruta opp frå Holevika føl skaret til høgre på god sti.

Våren kjem alltid tidleg på kysten. Og i Holevika og langs stien oppover finn du ofte tidlege vårteikn. Kusymra pregar då lia oppover. Kvitveisen kjem endå tidlegare. Det er mange fin rasteplassar langs ruta oppover.
 Eit interessant kulturlandskap møter deg i Holevika. Her er gamle steingjerder og murar. Ein steinsett potetkjellar kanskje? Gamle tufter og brønnar. Den gode stien går opp langs hammaren mot sør. Allereie her er det flott utsikt ned til Holevika og havet og øyane i Florø. 




Det er mange  gamle murar og brønnar i Holevika



Vakre lauvtre prydar Holevika ei stund om hausten 

Haust i Holevika


Stien går så gjennom eit lite granfelt, før den svingar beint til venstre opp over ein hammar. Hammaren er ikkje farleg å gå over. Stien svingar først til venstre og så til høgre. Her oppe får vi utsikt til Granesundet i Askvoll i sør, og til Furefjellet i vest. Rett over ytste pynten på Staveneset. 

Det er flott solnedgang på Høgeheia

Høgeheia er eit vakkert turmål heile året



Vi held så fram på god og merka sti til eit høgdedrag rett i aust. No dukkar Alden og Atløyna opp i sørvest. Eimind og Follevåg i sør. Vi ser Heggøyna og Smelvær i vest. Mot nord får vi utsikt til Florø. I aust ser vi den store varden på Høgeheia. 


Atløy, Alden, Heggøyna og Smelværet


Varden på Høgeheia



Ruta held no fram i småkuppert og ope landskap mot aust. Lettgådd. Toppen ser vi heile tida. Fint for små og eldre føter. Mot slutten av ruta er det ei lita stigning. Ikkje bratt. Brått ser vi varden rett framfor oss og vi er oppe. Og for ei panoramautsikt som møter oss. Mot aust ser vi til Grimelia,Toreheia, Stongfjorden, Blegja og alle dei andre fjella. Mot søraust ser vi Eidsfjorden og Follevåg. I sør ligg Eimind og Granesundet. I vest ligg Atløyna, Alden og øyane her. Og mot nord mellom anna Svanøy, Batalden, Askrova, Reksta, Skorpa og Kinn. I nordaust ser vi fjellheimen mot Ålfotbreen. Små og store båter kryssar nord/sør på det blå havet. Som ein forstår har Høgeheia fantastisk utsikt. Og knapt nokon plass på kysten får du eit vakrare skue når sola går i hav enn nettopp her. Høgeheia er eit must for alle. 


Elles kan ein nemne at det ligg fast trimbok her oppe. Lagt ut av "Vener av Høgeheia". Sjuande kvart år er også fjellet del av Fjelltrimmen til Askvoll og Holmedal Idrettslag (AHIL).  




Haust på Høgeheia


Seinsommar - Stongfjorden, Eidsfjorden og Follevåg

  

Haust på Høgeheia






                                             
Har du lyst til å ta deg ein tur? Det er mange flotte overnattingsstader og eteplassar i nærleiken. Askvoll Fjordhotell byr på overnatting og mat i Askvoll sentrum. Fjordlagunen byr på camping- og båtplassar som ligg lunt ved fjorden i Holmedal. Like ved ligg Smedhuset KaféAndre overnattingsstader å anbefale er Grandane FeriehusNesavika Fritid og Olaf Saltskår sine hytter.

Blir du svolten etter turen kan vi anbefale å leggje turen innom Askvoll Sjøbuer Mat og Drikke for eit smakfullt måltid ved sjøkanten!
God tur!




Høgeheia ligg på Stavenesodden ytst ute mot havet i Askvoll.