Viser innlegg med etiketten Solund. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Solund. Vis alle innlegg

onsdag 15. oktober 2014

Råkeneset i Solund



Litt vekkgøymt mellom svaberg og lyng ligg den vestlegaste DNT-hytta i Noreg. Den gamle husmannsplassen Råkeneset ligg på Råke nord for Hardbakke i Solund kommune og er eit perfekt utgongspunkt for mellom anna padleturar i dei idylliske omgjevnadane rundt hytta.
Eg hadde lese om plassen i DNT sitt medlemsblad for nokre år sidan, tenkt at det såg idyllisk ut, men konkludert med at det ikkje var heilt midt i blinken for meg sidan eg mest er eit fjellmenneske. Først etter å ha tvinga med sjølv på padlekurs og med våtkort i hand kjøpt eigen kajakk, kom eg igjen på denne perla eg hadde lese om.
Eg pakka kajakken på taket, henta venninna og sette kursen ut mot havet. Turen frå inne i fjorden vart kanskje litt lang, men då «der kjem dampen» kom ljomande ut av glaset på ein bil i ferjekøen, akkurat i det ferja kom glidande til kai, vart bilturen ei oppleving i seg sjølv.
Etter å ha funne retten parkeringsplassen ved skiltet som vitna om målet for vår tur, lempa vi av kajakken og sette kursen tilbake mot ferjekaia for å hente kajakk nr. to, som vi hadde leigd. Dette vart nok litt tungvint; vi burde hatt to kajakkstativ så vi fekk med oss begge kajakkane våre heimanfrå og kanskje var der ein plass nærare Hardbakke å leige kajakk? Jaja, gjort var gjort og vi tok den ekstra turen tilbake til ferjekaia som ein ekstra sightseeingrunde.
Vi må vere på rett plass!
Etter at vi hadde fått kajakk nr. to på plass ved parkeringsplassen, gjekk turen ut til Råkeneset til fots. Vi hadde fått med oss at det berre var ein kort tur ut og hadde difor ikkje pakka så veldig profesjonelt. Så mat og kle vart transportert ut til fots først.
Det var hett, matvarene var tunge og flugene var irriterande, men då vi kom fram på kanten over husmannsplassen og vi kunne sjå ut over var flugene gløymde.

Sjølve husmannsplassen med husa såg vi ikkje før vi var komne ned på «plenen». Då såg vi det idylliske huset som rommar så mykje vi ikkje veit om. Det er spennande med så mykje historie i veggane!



Turen gjekk så tilbake til parkeringsplassen og endeleg kunne vi sjøsetje kajakkane i Råkevågen.


Kajakkane er sjøsette i Råkevågen


Herifrå er det ca. 1 km å padle ut til Råkeneset. Vi padla med kveldssola i fjeset og kjende at roa sakte men sikkert senka seg.


Ro i kropp og sjel


Og gøymt der inne ligg husmannsplassen

Plutseleg dukka husmannsplassen Råkeneset i Råkenesvika opp. Gøymt der inne mellom svaberg og stein.
Kajakkane kom på land og vi kunne verkeleg ta inn inntrykka på denne fredelege plassen; tre dagar utan straum, tre dagar utan vatn, tre dagar med utedo og tre dagar på «sovesal» med andre folk eg ikkje kjenner. Eg kjende det siste der var noko den folkeskye nordfjordingen i meg ikkje var like begeistra for. Kvifor skulle det vere fullt hus her no då? Men det var ingen grunn til bekymring. Folk på tur er koselege!

Kveldsroa senkar seg 



Dag ein gjekk mot slutten, og hadde det ikkje vore for den hissige knotten, så hadde dette vore den totale idyll. Men litt knott tåler vi!

 Flott utsikt ved frukostbordet

Dag to kom med flott frukostutsikt og planar om ein heil dag med padling og topptur. Heldigvis var vêret på vår side og humøret på topp! Den planlagde turen i dag var slik: Råkeneset-Hågøyna-Marlaukholmen-Hågøykalven-Hågøytinden-Råkeneset.


Klar for padledag   

Vi kom oss i kajakkane, men vel ute på havet kom eg på at eg hadde gløymt å sjekke kajakken for eventuelle dyr. Ein veit jo aldri kva som kan busetje seg i sitjebrønnen etter ei natt ute. Spruttrekket vart opna og eg fann fram kameraet for å ta bilde framover i kajakken, for eg klarar jo ikkje sjå heilt fram når eg set oppi der. Heldigvis kunne bildet vise at eg var åleine i kajakken.

 Eg var heldigvis åleine i kajakken


Med forvissing om at det ikkje var blindpassasjerar med i kajakken, gjekk turen sør om Langøyna, gjennom Resesundet og vidare opp langs vestsida av Hågøyna mellom Lågøyna og Hågøyna. 

 Lågøyna



Vidare gjekk turen opp mellom Vardeholmen og Marlaukholmen.
Marlaukholmen

Her ute vart dei små krusningane i vatnet bytt ut med lange, runde dønningar frå lenger ut i havet. Ganske så skummelt for ein landkrabbefriskus. Men på Kuntelholmen fekk vi sjå havørn og skrekken for havet vart ei lita stund bytt ut med nysgjerrigheit.


Med sola i fjeset sette vi kursen sørover igjen. 



 Tørking av våtdrakter på Hågøyna

Etter ein tur rundt Hågøykalven drog vi kajakkane på land på Hågøyna. Våtdrakter vart kjempa av og barfotsko vart kjempa på. Så bar det rett til topps. Vi gjekk nok ikkje den rette vegen, for her vart det både klatring og undring over kvar vi skulle gå. Men opp kom vi, og for ei utsikt!

Så fri ein kan føle seg på ein topp ute ved havet..

På toppen vart det lunsj og dessert.




Vel nede i kajakkane igjen var det klart for sjarmøretappen Hågøyna-Råkeneset.
Dagens tur vart 15,5 km lang og tok oss 5 timar og 30 minutt. Sidan eg har pulsklokke med GPS fekk vi òg sjå heile turen på kartet.

Siste kvelden på husmannsplassen vart det god middag, god utsikt og fred i kropp og sjel.
Ein god sommardessert i ei god stove


Og mi venninne brukte sine kreative eigenskapar til å lage god lesnad for andre som tek turen til Råkeneset.
 Versågod. Her er god lesnad til dei som tek turen til Råkeneset!

Dag tre kom med dårlegare vêr og turen vi i dag hadde tenkt å ta vart noko kortare enn planlagt.  

 
Regn, vind, bølger og generelt tungt vêr gjorde at landkrabbene fann det lurast å kome seg på land. Turen gjekk frå Råkeneset, rundt Høgeholmen og tilbake til Råkevågen der vi tok kajakkane på land igjen. Kun ca. 3 km lang padletur denne dagen altså.

 Takk for no!
På ny gjekk vi til fots ut til husmannsplassen for å hente resten av bagasjen. Hytta var tom, DNT-låsen vart klappa igjen… Takk for no!

Så var det tid for logistikketappe igjen. Kajakkar vart lempa på og av, kilometer vart køyrt att og fram, is vart kjøpt. Det siste der førte til at vi vart 1 minutt for seine på ferja og det var to timar til neste. Men kva gjer vel det når ein har gode opplevingar å snakke om og fine bilder å sjå på?
Turen til Råkeneset i Solund anbefalast!

Nyttige linkar:
DNT-hytta i Råkeneset
Kajakkpadling i Solund
(utleige og guida turar)
 

fredag 13. juni 2014

Øyriket Solund



Ytterst i Sognefjorden ligg Solund. Solund er den einaste reine øykommunen i Sogn og Fjordane, og den vestlegaste kommunen i Norge. Med 1700 øyar, holmar og skjer vest i havgapet er Solud eit populært reisemål for både båtturistar, øyhopparar, fisketuristar og kajakkpadlarar. Lengst mot vest ligg idylliske Utvær, Norges vestlegaste punkt.

Utsikt frå Utvær fyr - du kjem ikkje lenger vest i Norge enn her! Foto: Anne-May Waage.

Landskapet er prega av den sjeldne bergarten konglomerat, og fleire stader ligg det store steinar frå istida. Spesielt imponerande er Lågøystolane som ligg på ein liten holme midt i kommunen. 

Lågøystolane er eit spektakulært syn! Foto: hanrune.no.

Solund er eit eldorado for aktive feriar. Kommunen er kjent for å ha gode forhold for kajakkpadling. Dei mange øyane skjermar for vind og bølgjer, mens det på godvêrsdagar er kort veg ut på det mektige storhavet. Solund Natur tilbyr guida kajakkturar, kurs og utleige av utstyr. 


Solund er eit fantastisk område for kajakkpadling. Foto: Evelyn Røed.  
Storhavet omkransar kommunen, noko som gir perfekte forhold for sjøfiske. Det er også fleire gode fiskevatn på land. Fleire overnattingsstader har lagt forholda til rette for fiskeferiar med utleige av båt, sløyefasilitetar og tilgong på frys.



Steinsund Marinesenter (til venstre) og Solund Rorbuferie (til høgre) har tilrettelagt for fiskeferiar.

Kvar sommar kan ein vere med på øyhopping med postbåten i Solund - ei fantastisk reise mellom dei vestlegaste øyane i Norge. Her kjem ein tett på dagleglivet i øysamfunnet, der postbåten er sjølve livsnerva for busetnaden. Båten stoppar der det er postlevering og passasjerar før turen går nordover til idylliske Gåsvær og vidare til Bulandet i Askvoll. Øyhoppinga vart i 2010 kåra til Norges beste rundtur!  
Bli med på øyhopping i Solund!

Solund byr på flotte fot- og fjellturar. I heile kommunen finn ein godt merka turløyper i variert terreng. Pollatinden (541 m.o.h.), den nest høgste toppen i kommunen, gir storslått utsikt over øyriket frå toppen. Frå kommunesenteret Hardbakke er Ravnenipa (230 m.o.h.) eit populært turmål. Det er fleire flotte Nordsjøløyper i kommunen, blant anna i Ytre Solund og på Utvær.
På veg opp Pollatinden kan ein nyte flott utsikt! Foto: Hildur Ytreøy.

Norges vestlegaste punkt finn du på det idylliske fiskeværet Utvær. Her ligg Utvær Fyr – eitt av dei viktigaste fyra på vestlandskysten. Frå toppen av fyret er det fantastisk utsikt over øyane langs kysten og mot storhavet i vest. Om sommaren kan ein vere med på fyrsafari til Utvær. Det er også mogleg å vere vertskap på fyret!  
Idylliske Utvær. Foto: Laila Schønhardt.

Solund byr også på gode matopplevingar. Like ved gjestehamna på Hardbakke, kåra til ei av dei beste i landet, ligg Solund Bryggje. Dei tilbyr smakfulle matopplevingar basert på lokale råvarer. Med storhavet like utanfor er det svært god tilgang på gode råvarer frå havet. Rundt omkring i heile kommunen beitar det meir enn 1000 villsau. Villsauen er så populær her ute at det til og med er laga eigen villsaufestival!

  Ikkje sjå vekk frå at du møter ein nysgjerrig villsau eller 3, om du er på tur i Solund.
Foto: Tone Elise Brenna.

Lokalmatprodusenten Solundmat tilbyr fisk, skaldyr og produkt av villsau frå Solund. Solundmat har utsal på lokala i Ytrøy og leverer også til ei rekkje restaurantar rundt om i Norge. Du kan sjølvsagt også nyte råvarene på Solund Bryggje på Hardbakke. 

Havkroa i Hjønnevåg er ein koseleg restaurant med god mat. Den er open kvar dag i sommarsesongen og ellers i året på bestilling. Her kan ein også overnatte i rorbuer med høg standard. 
  Smak på øyriket Solund! Foto: hanrune.no/Solundmat.
Losnaspelet er ei flott oppleving. Dette er eit historisk spel, skrive av Rolf Losnegård. Lonsaspelet blir framført i vakre omgivnadar på øya Losna, lengst aust i Solund. Spelet handlar om Eindride Erlendson, som var blant Noregs rikaste og mektigaste menn i starten av 1400-hundre talet. I 2014 vert Losnaspelet arrangert frå 11.-13.juli, og det blir 3 dagar med spel, teater, konsertar, dans, natursti, fjøsgalleri, gudstenste og mykje meir. Blant anna står LidoLido på scena! 
Losnaspelet er ei flott oppleving!
For å komme til Solund må ein reise sjøvegen, enten med ferje, ekspressbåt eller eigen båt. Både ekspressbåt og ferje går til og frå Krakhella, ein halvtime med bil/buss frå kommunesenteret Hardbakke.

Velkomen til Solund! 

Øyhopping i Solund - Norges beste rundtur!


Kvar sommar kan du bli med den lokale postbåten på øyhopping i Solund. Med 1700 øyar, holmar og skjer er dette ei eventyrferd gjennom det vakre øyriket i havgapet!

Solund er Norges vestlegaste kommune og består av eit mylder av øyer i havgapet.

Øyhoppingsturen er i ei avstemming på visitnorway.com kåra til Norges beste rundtur. Og det er ikkje så rart - her får du lære om kystkultur, historie og dagleglivet i eit unikt øysamfunn. Du kjem tett på natur- og dyreliv, og får oppleve det unike landskapet som fascinerer dei aller fleste som tar turen til Solund. 



 Lågøystolane viser det spesielle landskapet i Solund. Foto: Anne-May Waage. 
 
Postbåten "Stjernsund" startar turen frå Hardbakke i Solund. Herfrå går turen stort sett i roleg farvatn og ein passerer trange sund og mange små øyskattar. Ein kjem tett på natur og dyreliv - nise, kobbe og havørn er ikkje uvanlege syn på turen!   

Turen startar frå Hardbakke - kommunesenteret i Solund. 


Er ein heldig, kan ein sjå nysgjerrige kobber undervegs! Foto: Merete T. Mellingen.

Postbåten er svært viktig for det vesle øysamfunnet Solund. Fleire av øyane i kommunen har ikkje vegforbindelse og postbåten knyt dei saman med kommunesenteret Hardbakke.

 Litle Færøy i Solund.

 Båten stoppar der det er postlevering eller passasjerar, og er ofte innom Lågøy, Litle Færøy, Storøy og Indrøy. Det er eit kort stopp i Ytrøy, der ein får besøke lokalmatprodusenten Solundmat

Smak på øyriket Solund! Foto: hanrune.no

Sist på den ordinære postruta ligg det idylliske fiskeværet Gåsvær vest i havet, og her får ein moglegheit til å gå på land.  

 Gåsvær er eit idyllisk fiskevær i Solund. Foto: Anne Marie Gåsvær Færøy.

På Gåsvær bur det i dag 14 fastbuande sommarstid. Folket her livnærer seg av fiske, skyssbåtdrift, landbruk og turisme. I tidlegare tider var her stor aktivitet med fiske etter laks, krabbe og hummar, og samling av ærfugldun. Til og med eiga skjenkestove hadde Gåsværsamfunnet på den tida! I dag er Gåsvær ein eksotisk idyll for feriefolk og fiskeinteresserte, og kan huse opptil 20 gjestar i særprega ferieleiligheiter. Anne Marie Gåsvær Færøy og familien ynskjer velkommen og fortel om livet her ute. Her er også kaffi og litt å bite i til sals for dei som ynskjer det.

 Møt Anne Marie, ein av dei fastbuande på Gåsvær. 

Etter stopp på Gåsvær går turen vidare over eit stykke ope hav til Bulandet i Askvoll kommune. Når ein kjem i land er det mogleg å få lunsj - enten "Gunlaugs fiskesuppe" på Pernillestø eller frå menyen på Nikøy Kafé. Postbåten stopper begge stader. 

 Opplev Bulandet - Nordens Venezia! Foto: Kiran Kolle.

Bulandet består av 365 små og store øyar, og har fått kallenamnet "Nordens Venezia".
Ein har god tid til å utforske det vakre øysamfunnet. Her kan du rusle rundt på lett kuperte og asfalterte vegar. Her er utsiktspunkt, temapark med utstillingar frå Bulandet i fortid og notid, kunstutsal og minnesmerke over to modige kvinner som redda 7 menneske i eit skipsforlis.  


 Minnesmerke for to modige kystkvinner.

Om du har lyst å vere litt aktiv, så kan du leige deg sykkel enten på butikken i Bulandet eller på Pernillestø. Vegen som knyt saman øyene i Bulandet og Værlandet har fått namnet "Nordsjøporten". Den ligg vakkert i terreng og er ypperleg for ein sykkeltur! Tar du turen til Værlandet kan du besøke idylliske Værøyhamna med kro, gjestehamn og Norsk Sjøfuglsenter.

Ta turen til idylliske Værlandet. Foto: Merete T. Mellingen.
 
Du kan reise på øyhopping som dagstur frå Solund eller som del av ein rundtur. Tar du turen som ein dagstur har du 2 timar til å sjå deg rundt i Bulandet, før båten går tilbake til Solund. 

Ei flott oppleving er å tilbringe nokre dagar i Solund, før ein reiser med postbåten til Bulandet og Værlandet og tilbringer nokre dagar her. Då kan du få med deg opplevingar som topptur til Alden, havørnsafari og besøk på Norsk Sjøfuglsenter. Det er også mogleg å ta turen som ein dagstur frå Bergen, Florø og dei andre stoppestadane til Norled sin ekspressbåten. Dagsturbillettar frå Bergen og Florø kan kjøpast online på Norled si nettside. Reisande frå andre stader må kjøpe enkeltbillettar undervegs.

Praktisk informasjon
 
Sesong 2014 23.juni - 15.august (mandag-fredag).
Påmelding seinast dagen før til tlf 57 73 90 20 eller 97 79 59 89. 
Rundturbeskrivelse for heile turen finn ein her.
For meir informasjon eller spørsmål, send e-post til mail@fjordkysten.no

Hugs å ta med kontantar, om du ønskjer å kjøpe noko undervegs. 

Nyttige linkar