Viser innlegg med etiketten Den Trondhjemske Postveg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Den Trondhjemske Postveg. Vis alle innlegg

fredag 6. juni 2014

Hyllestad - opplevingar for alle!


Idylliske Hyllestad ligg vakkert til ved innløpet til den verdskjende Sognefjorden. Kommunen har også ei lang og spennande historie. I Kvernsteinsparken, som er nominert til UNESCO si verdsarvliste, kan ein sjå spor etter den omfattande og særeigne kvernsteinsproduksjonen, som går heilt tilbake til ca år 700 e.Kr. Dei som likar aktivitetar som fiske og fotturar er komen til rett plass. Majestetiske Lihesten er eit populært turmål og eit landemerke på vestlandskysten. 


 Majestetiske Lihesten er for mange sjølve symbolet på Hyllestad. 
Foto: Kent Gunnar Stølen.
 
Kvernsteinsparken er tusenårsstaden i Hyllestad. Her kan du sjå spor etter då vikingane produserte kvernstein i stor skala. Langs naturstiane i parkområdet kan du leve deg inn i kvernsteinsoga. Parken er open for besøkande året rundt for dei som vil sjå seg rundt på eiga hand. Om sommaren er det guida omvising i parken, med ekstra aktivitetar om laurdagane. 

 I Kvernsteinsparken kan du lære om ei spennande historie. Foto: Kvernsteinsparken.
 
Det sagnomsuste fjellet Lihesten er eit landemerke på vestlandskysten og det høgste fjellet i Hyllestad. Lihesten (777 mo.h.) er eit eldorado for fjellglade fotfolk og klatrarar. Gjennom tidene har dette særmerkte fjellmassivet i Hyllestad vore eit viktig lande- og seglingsmerke, både for barske vikingar på veg heim frå tokt i vesterled og fiskaren i småbåt. Det er fleire turløyper på fjellet. Høgste punktet er Rinesnipa (777 m.o.h.), mens det mest populæra turmålet er ”Gygrekjeften” (714 m.o.h.). I begynnelsen av juni kvart år vert ”Lihestklyvet” arrangert. Her får deltakarane servert den lokale styrkedrikken ”Gygreskvetten”.

Ein topptur til Lihesten er ei storslått oppleving - spesielt om du beveger deg ut på Gygretanna.
Foto: Sigurd Sandvik. 

Hyllestad byr på mange flotte turmål i tillegg til Lihesten. Det er milevis med merka turstiar i alle vanskegrader. Det er gitt ut eige turkart for Hyllestad og Fjaler, med beskriving av 20 merka turstiar i kommunen. 

Utsikt frå Hesjetinden. Foto: Roar Nordbø.

Den Trondhjemske Postveg er ein kulturhistorisk veg som blei brukt til å frakte post mellom Bergen og Trondheim. Strekninga som går mellom Hyllestad og Fjaler er ein populær tur både om du går til fots eller syklar. Vegen er kjenneteikna av dei mange karakteristiske steinbruene. 

Prøv fiskelykka i Hyllestad! Foto: Gjermund Flage.

Hyllestad har gode forhold for fiske, både i fjorden, lenger ute på havet og i dei mange fiskevatna på land. Fleire av overnattingsstadane i Hyllestad har lagt til rette spesielt for fisketuristar med sløyefasilitetar, tilgang på frys og båtutleige. 

Velkommen til gode opplevingar i Hyllestad! 

Nyttige lenker: 

fredag 16. mai 2014

Fabelaktige Fjaler!



Ved den vakre Dalsfjorden i Sunnfjord ligg Fjaler kommune.
I tillegg til vakker natur er Fjaler rik på kultur og historie. 

 Laukelandsfossen ved Dalsfjorden er eit vakkert syn! Foto: Monika Johansen Haugen.

Fjaler kommune strekk seg ut på sørsida av den vakre Dalsfjorden, frå tettstaden og fjordbygda Dale midt inne i fjorden, og ut til Korssund og Fure ved kysten. I aust slyngjer Flekke- og Guddalsvassdraget seg frå den vakre Flekkefjorden til øverst på Guddal. I Fjaler kan du oppleve fjord, kyst og fjellnatur innan korte avstandar, spennande kulturattraksjonar og moderne kunst, design og handverk. 

Kommunesenteret Dale er ei idyllisk lita fjordbygd med det meste av servicetilbod og eit godt utval av butikkar. Allmuen Kafè og Interiør er noko så sjeldan som ein kombinasjon av hyggeleg kafèmiljø og sal av spanande mindre interiør til heimen. Dalsbua like ved er også ein spanande butikk for deg som jaktar på spesielle ferdaminne. Fossen Bryggeripub på kaia tilbyr god mat og kanskje det breiaste sortimentet av øl på vestlandet. På Dalsåsen, med fin utsikt over Dale og Dalsfjorden, tronar Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen.


 Kommunesenteret Dale ligg vakkert til ved Dalsfjorden. Foto: Monica Johansen Haugen.

Fjaler er eit eldorado for Iakse- og innlandsfiske. Flekke- og Guddalsvassdraget strekkjer seg om lag 30 km frå Flekkefjorden til fjellet i Guddal. Her kan du fiske både laks, sjøaure og røye. Vassdraget med alle vatna både i hovudvassdraget og i fjellet og naturen omkring gjev høve til mange flotte naturopplevinga.  Har du ikkje prøvd flugefiske før, så tilbyr Bjarne Huseklepp Fiskeskule effektive kurs i flugefiske. Her kan ein óg tinge seg guida fisketurar i vassdraget. Yndestad Gard og Hellebustfossen Hytter tilbyr overnatting og er behjelpelege med bestilling av fiskekort. 
Sesongen for laksefiske i Flekke- og Guddalsvassdraget er 1.juni – 31.august.

Prøv fiskelykka i Fjaler! Foto: T.W.S. Jakt og Fiske.

Yndestad Gard
er ein flott base både for deg som er glad i fotturar og innlandsfiske. Her er også tilbod om kano, båt, hjortejakt og leirdueskyting. Garden har både rom til leige og campingplass, og tilbyr god, heimelaga tradisjonsmat. Yndestad Gard har tilbod på overnatting på vekedagar i sommar til kr 400,- per person, inkludert frukost.

www.yndestadgard.no


 
Idylliske Yndestad Gard ligg vakkert til i Guddalen.


Fjaler byr på flotte fot- og fjellturar, og kan skilte med heile 106 km med merka og rydda stiar. Dei fleste er gradert lett eller middels krevande. I Dale er den nye Elvestien i sentrum og langs Dalselva blitt svært populær, i tillegg til rundløypa til Grøneholten og Østenstad. Vil du ha ha fin utsikt over bygda og fjorden, kan du ta turen på Jarstadheia. Her kan du gå videre ned til Haugland. 


I ytre Fjaler er det populære turstiar til bl.a. Einingsfjellet, Bygdeheia og Nordsjøløypa i Korssund. Kring Straumsnes er det merka sti til Arsteinsheia, Vardeheia, og den nye Filosofigangen på Tysse, frå Lillingstonheimen og over Fredensborg. På Guddalen er det merka stiar til bl.a. Storevarden og Langevatnet. No er det også lett tilgang til det populære turområdet til Fossedalen på nordsida av Dalsfjorden, etter at Dalsfjordbrua opna. Frå Fossevika er det merka tursti til Heileberget. Full oversikt over alle stiane får du på turkartet for Fjaler og Hyllestad, i sal bl.a. i butikkane i Dale og på sørviskontoret i kommunehuset.


 Utsikt frå Heileberget i Fjaler. Foto: Linda Hovland.

Den folkekjære diktaren Jakob Sande var frå Fjaler, og barndomsheimen hans i Dale, Jakob Sande-tunet, er tilgjengeleg for publikum. I sommarsesongen er her kafé, bokutsal, museum, omvising og ulike arrangement. Omvising, servering og arrangement for grupper kan tingast heile året. Jakob Sande skreiv både humoristiske dikt og om meir klassiske tema som kjærleiken og døden. Hans mest kjente dikt er ”Det lyser i stille grender”, som seinare vart tonesatt.


I Dale kan du besøke barndomsheimen til Jakob Sande. Foto: Jakob Sande-tunet.


Delar av Den Trondhjemske Postveg går gjennom Fjaler. Vegen frå 1800-talet er kjenneteikna av mange vakre steinbruer og er eit flott område for fot- og sykkelturar. Postvegrittet i Dale, «Vestlandets tøffaste terrengritt», vert i 2014 arrangert 2.august. Delar av traseen til Postvegrittet går langs Den Trondhjemske Postveg. Postvegrittet har både konkurranseklasse, mosjonsklasse og eige sykkelritt for born. Deltaking i Postvegrittet gir også seeding til Birken!

Postvegrittet 2013. Foto: Monica Johansen Haugen.



Fine sommardagar er det godt å nyte badelivet - enten i Badevika i Dale, eller i ei av dei mange vikene i den idylliske Flekkefjorden. Haugland ved Flekkefjorden er ein ynda badestad, og her er det også innandørs badeland om godvèret uteblir (ope fredag 17-20 og sundag 11-17). Ei spektakulær oppleving er det óg å bade i kulpen under den flotte og majestetiske Laukelandsfossen på nordsida av Dalsfjorden, ikkje så langt frå Dale.
Hit lyt du komme med båt eller kajakk, så slik sett blir her aldri overbefolka.

 Laukelandsfossen er ein fin stad å stoppe om du er på padletur på Dalsfjorden.
Kanskje fristar det med eit bad óg?

Foto: Stine Bjørlykhaug.


Korssund er eit populært turmål både for dei som reiser med båt og dei som kjem landevegen. Staden har fått navnet sitt etter ein 4 meter høg steinkross som vart reist av kong Olav den Heilage om lag år 1030 under kristninga av Noreg. Korsen er av typen ”Olavskross”, og er ein av dei største i landet. Korssund er ei naturleg god hamn, og her er eit myldrande båtliv om sommaren. Å ferdast gjennom dei smale sunda er ei idyllisk båtreise. I dag er her butikk, kiosk, gjestehamn og campingplass. Merka turstiar, sykkelutleige, utesjakk, badeplass, grillplass og leikeplass. Ein møteplass for sjø og land i gamal og ny tid. 

 Steinkrossen i Korssund.

Dalsfjordveka (1.-10. august 2014) er ein festival med fokus på kulturopplevingar i landskapet. Arrangementa spenner frå trend til tradisjon, og er for heile familien. Arrangementa går føre seg i dei 3 kommunane rundt Dalsfjorden; Fjaler, Gaular og Askvoll. Spesielt populært er Kobbeskjerskveld på Haugland (8.august) og torgdagen i Dale med gatefest om kvelden (9.august). www.dalsfjordveka.no

Fjaler er ein kommune med sterke tradisjonar innan kultur. 25. til 28. september 2014 er det klart for teaterfestival i Fjaler med 9 planlagde førestillingar. Dette er andre året den spennande og heimekoselege teaterfestivalen vert arrangert. Her blir det både nasjonale og internasjonale innslag, og fleire arrangement utandørs.
www.teaterfestivalenifjaler.no  

Vekommen til Fjaler!