onsdag 15. oktober 2014

Råkeneset i Solund



Litt vekkgøymt mellom svaberg og lyng ligg den vestlegaste DNT-hytta i Noreg. Den gamle husmannsplassen Råkeneset ligg på Råke nord for Hardbakke i Solund kommune og er eit perfekt utgongspunkt for mellom anna padleturar i dei idylliske omgjevnadane rundt hytta.
Eg hadde lese om plassen i DNT sitt medlemsblad for nokre år sidan, tenkt at det såg idyllisk ut, men konkludert med at det ikkje var heilt midt i blinken for meg sidan eg mest er eit fjellmenneske. Først etter å ha tvinga med sjølv på padlekurs og med våtkort i hand kjøpt eigen kajakk, kom eg igjen på denne perla eg hadde lese om.
Eg pakka kajakken på taket, henta venninna og sette kursen ut mot havet. Turen frå inne i fjorden vart kanskje litt lang, men då «der kjem dampen» kom ljomande ut av glaset på ein bil i ferjekøen, akkurat i det ferja kom glidande til kai, vart bilturen ei oppleving i seg sjølv.
Etter å ha funne retten parkeringsplassen ved skiltet som vitna om målet for vår tur, lempa vi av kajakken og sette kursen tilbake mot ferjekaia for å hente kajakk nr. to, som vi hadde leigd. Dette vart nok litt tungvint; vi burde hatt to kajakkstativ så vi fekk med oss begge kajakkane våre heimanfrå og kanskje var der ein plass nærare Hardbakke å leige kajakk? Jaja, gjort var gjort og vi tok den ekstra turen tilbake til ferjekaia som ein ekstra sightseeingrunde.
Vi må vere på rett plass!
Etter at vi hadde fått kajakk nr. to på plass ved parkeringsplassen, gjekk turen ut til Råkeneset til fots. Vi hadde fått med oss at det berre var ein kort tur ut og hadde difor ikkje pakka så veldig profesjonelt. Så mat og kle vart transportert ut til fots først.
Det var hett, matvarene var tunge og flugene var irriterande, men då vi kom fram på kanten over husmannsplassen og vi kunne sjå ut over var flugene gløymde.

Sjølve husmannsplassen med husa såg vi ikkje før vi var komne ned på «plenen». Då såg vi det idylliske huset som rommar så mykje vi ikkje veit om. Det er spennande med så mykje historie i veggane!



Turen gjekk så tilbake til parkeringsplassen og endeleg kunne vi sjøsetje kajakkane i Råkevågen.


Kajakkane er sjøsette i Råkevågen


Herifrå er det ca. 1 km å padle ut til Råkeneset. Vi padla med kveldssola i fjeset og kjende at roa sakte men sikkert senka seg.


Ro i kropp og sjel


Og gøymt der inne ligg husmannsplassen

Plutseleg dukka husmannsplassen Råkeneset i Råkenesvika opp. Gøymt der inne mellom svaberg og stein.
Kajakkane kom på land og vi kunne verkeleg ta inn inntrykka på denne fredelege plassen; tre dagar utan straum, tre dagar utan vatn, tre dagar med utedo og tre dagar på «sovesal» med andre folk eg ikkje kjenner. Eg kjende det siste der var noko den folkeskye nordfjordingen i meg ikkje var like begeistra for. Kvifor skulle det vere fullt hus her no då? Men det var ingen grunn til bekymring. Folk på tur er koselege!

Kveldsroa senkar seg 



Dag ein gjekk mot slutten, og hadde det ikkje vore for den hissige knotten, så hadde dette vore den totale idyll. Men litt knott tåler vi!

 Flott utsikt ved frukostbordet

Dag to kom med flott frukostutsikt og planar om ein heil dag med padling og topptur. Heldigvis var vêret på vår side og humøret på topp! Den planlagde turen i dag var slik: Råkeneset-Hågøyna-Marlaukholmen-Hågøykalven-Hågøytinden-Råkeneset.


Klar for padledag   

Vi kom oss i kajakkane, men vel ute på havet kom eg på at eg hadde gløymt å sjekke kajakken for eventuelle dyr. Ein veit jo aldri kva som kan busetje seg i sitjebrønnen etter ei natt ute. Spruttrekket vart opna og eg fann fram kameraet for å ta bilde framover i kajakken, for eg klarar jo ikkje sjå heilt fram når eg set oppi der. Heldigvis kunne bildet vise at eg var åleine i kajakken.

 Eg var heldigvis åleine i kajakken


Med forvissing om at det ikkje var blindpassasjerar med i kajakken, gjekk turen sør om Langøyna, gjennom Resesundet og vidare opp langs vestsida av Hågøyna mellom Lågøyna og Hågøyna. 

 Lågøyna



Vidare gjekk turen opp mellom Vardeholmen og Marlaukholmen.
Marlaukholmen

Her ute vart dei små krusningane i vatnet bytt ut med lange, runde dønningar frå lenger ut i havet. Ganske så skummelt for ein landkrabbefriskus. Men på Kuntelholmen fekk vi sjå havørn og skrekken for havet vart ei lita stund bytt ut med nysgjerrigheit.


Med sola i fjeset sette vi kursen sørover igjen. 



 Tørking av våtdrakter på Hågøyna

Etter ein tur rundt Hågøykalven drog vi kajakkane på land på Hågøyna. Våtdrakter vart kjempa av og barfotsko vart kjempa på. Så bar det rett til topps. Vi gjekk nok ikkje den rette vegen, for her vart det både klatring og undring over kvar vi skulle gå. Men opp kom vi, og for ei utsikt!

Så fri ein kan føle seg på ein topp ute ved havet..

På toppen vart det lunsj og dessert.




Vel nede i kajakkane igjen var det klart for sjarmøretappen Hågøyna-Råkeneset.
Dagens tur vart 15,5 km lang og tok oss 5 timar og 30 minutt. Sidan eg har pulsklokke med GPS fekk vi òg sjå heile turen på kartet.

Siste kvelden på husmannsplassen vart det god middag, god utsikt og fred i kropp og sjel.
Ein god sommardessert i ei god stove


Og mi venninne brukte sine kreative eigenskapar til å lage god lesnad for andre som tek turen til Råkeneset.
 Versågod. Her er god lesnad til dei som tek turen til Råkeneset!

Dag tre kom med dårlegare vêr og turen vi i dag hadde tenkt å ta vart noko kortare enn planlagt.  

 
Regn, vind, bølger og generelt tungt vêr gjorde at landkrabbene fann det lurast å kome seg på land. Turen gjekk frå Råkeneset, rundt Høgeholmen og tilbake til Råkevågen der vi tok kajakkane på land igjen. Kun ca. 3 km lang padletur denne dagen altså.

 Takk for no!
På ny gjekk vi til fots ut til husmannsplassen for å hente resten av bagasjen. Hytta var tom, DNT-låsen vart klappa igjen… Takk for no!

Så var det tid for logistikketappe igjen. Kajakkar vart lempa på og av, kilometer vart køyrt att og fram, is vart kjøpt. Det siste der førte til at vi vart 1 minutt for seine på ferja og det var to timar til neste. Men kva gjer vel det når ein har gode opplevingar å snakke om og fine bilder å sjå på?
Turen til Råkeneset i Solund anbefalast!

Nyttige linkar:
DNT-hytta i Råkeneset
Kajakkpadling i Solund
(utleige og guida turar)
 

1 kommentar:

  1. Hello I want to share my amazing experience with the greatest spell caster called Prophet Abulele my husband was cheating on me and when I found out we had a fight which lead to him requesting for a divorce I cried and fell sick when I was searching about love quotes online I saw people talking about him and his great work whose case was similar to mine they left his contact info I contacted him and he told me not to worry that after 24hrs he will cancel the divorce and be back to me after i did everything he asked me to do to my greatest surprise the next day evening it was my husband he knelt down begging me to accept him back, thank you once again Prophet Abulele you are indeed a blessing to me. If you are out there looking for his help you can reach him for easy communication on Whatsapp +2349022406159 or email him via his email prophetabulelehealingtemple@gmail.com

    SvarSlett