onsdag 14. januar 2015

10 toppturar langs FjordKysten



Det er mange flotte turmål langs kysten av Sogn og Fjordane. 
Her er våre tips til 10 flotte fot- og fjellturar for 2015!

10. Hovden rundt

Hovden er den nordlegaste og største øya i Flora kommune med sine 15 kvadratkilometer. Med fjell, fjellvatn og flatt terreng langs strandflata, svaberg, vikar og vågar er øya som skapt for fotturar og naturopplevingar. Her er vidt utsyn over skjergarden, ope hav og fastlandet i aust. På øya er det merka Nordsjøløype, og ein kan gå rundtur rundt øya. Rundturen rundt øya tek ca 5 timar (gangtid). Høgste punktet er Skårekinna på 310 m.o.h.



På nordvestsida av øya, ytterst i havgapet, ligg Kvanhovden Fyr. Heilt oppe på ei klippe ligg fyret, og herifrå har ein fantastisk utsikt over storhavet i vest. Å overnatte på fyret er ei storslått oppleving!


Nyttige linkar: 

9.  Vardetur i Gulen

Alle foto: Ingvild Høydal.


Gulen byr på mange flotte fotturar. Ein flott dagstur er å gå Undertun - Ormekletten - Svabergfjellet - Flolidfjellet - Undertun. 

 

Denne turen syner vardane langs kysten og er med på å formidle historia om Leidangsvesenet som var det første organiserte sjøforsvaret i Norge. 


Undervegs på turen ser ein rett ned til tusenårsstaden Gulatinget frå 400 meters høgde. 


Høgste punkt på turen er Svabergfjellet med 546 m.o.h. Turen startar frå Undertun, rett aust for kommunesenteret Eivindvik. Ein bør rekne med å bruke minst 6 timar på heile rundturen. 

Nyttige linkar: 

8. Heileberget ved Dalsfjorden


Foto: Ove Hovland.

Nyt utsikta over Dalsfjorden! Ein startar frå Ottersteinen, som ligg på nordsida av Dalsfjordbrua. Turen er godt merka til toppunktet Fløyen (761 m.o.h.), og her er det storslagen utsikt både over Dalsfjorden og til øyrika i vest. Turen er 8 km tur/retur, og tek omlag 3 timar.


Frå Fløyen kan ein også gå vidare vestover over Heileberget og ned til Rivedal. Over Heileberget er det flatt og fine bergparti, som det er lett å gå på. Denne turen tar omlag 5 timar.

Nyttige linkar: 

7. Pollatinden (541 m.o.h.)


Foto: Tor Arne Hauge.

Øyriket Solund byr på flotte fot- og fjellturar. I heile kommunen finn ein godt merka turstiar i variert terreng. Pollatinden (541 m.o.h.), den nest høgste toppen i kommunen, gir storslått utsikt over øyriket. 



Turen startar ved hovudvegen omlag 4 km aust for Hardbakke. Turen går for det meste på bart fjell og har i hovudsak jamn stigning. Stien er godt varda. Turen tar omlag 2,5 time tur/retur.

Nyttige linkar: 
Turbeskriving
Overnatting i Solund


6. Veten i Bremanger (527 m.o.h.)

Foto: Elisabeth Solbakken.

Turen til Veten startar på vakre Grotlesanden. Ein har flott utsikt til ein kjem opp på den første høgda, omlag 300 m.o.h. Herfrå går ein innover fjellet og det flatar ut. Det er eit par bratte stigningar til før ein når toppen, 527 m.o.h. Her er det flott utsikt mot Florø og Alden i sør og nordover mot Vågsøy og Stadlandet. Turen tar ca 2 timar opp og 1 time ned.

Kvart år i juli vert motbakkeløpet Veten Opp arrangert. 

Nyttige linkar:
Motbakkeløpet Veten Opp

5. Blegja (1305 m.o.h.)


 Alle foto: Gustav Skaar.

Blegja i Askvoll blir gjerne kalt Dronninga blant fjella i Sunnfjord, og ikkje utan grunn. Med sine 1305 m.o.h. er Blegja den høgste fjelltoppen langs FjordKysten. Turen opp er krevjande, men naturopplevinga desto større. 

 

Frå toppen kan du nyte synet av Sogn og Fjordanes bratte fjellverden frå oven! Du ser den fantastiske vestlandsnaturen med fjord, fjell, isbre, øyar og hav så langt auge rekkjer. Blegja byr på utsikt heilt til Jostedalsbreen og dei 7 fjella rundt Bergen, 100 km vekke! 

Turen opp er krevjande og tek 5-6 timar i moderat tempo. ca. 9,8 km tur/retur.


Nyttige linkar: 

4. Store Batalden (492 m.o.h.) 

 Foto: Tore Jan Skarstein. 

Store Batalden er den høgste fjelltoppen på øyane vest for Florø. Frå toppen kan du nyte utsikten over mylderet av øyar som gjer skjergarden rundt Florø heilt unik! Turen til Store Batalden tek ca 2,5 timar, tur/retur. Løypa er middels krevjande, og burde passe for dei fleste som er vant med å gå i ulendt terreng.


På Store Batalden kan du også besøke den prisbelønte Batalden Havbu med museum, kunstutstilling og overnatting. Batalden Havbu har mellom anna blitt tildelt Olavsrosa for si formidling av kystkultur.

Nyttige linkar: 
Overnatting i Flora kommune

3. Lihesten (777 m.o.h.)


Lihesten er eit særprega fjell og flott turmål! Foto: Håkon Haukøy. 

Lihesten i Hyllestad er eit majestetisk og sagnomsus fjell. Fjellet reiser seg 777 m.o.h. og er eit av dei mest markante fjella langs kysten av Sogn og Fjordane. Lihesten har eit tilrettelagt stinett med stiar av varierande grad. Vi anbefalar å ta turen som ein heildagstur, slik at ein har ein god tid til å utforske det flotte fjellplatået.

Dei fleste vel Lekva som utgangspunkt for turen, og då særleg om turmålet er Gygrekjeften, 714 m.o.h. 


 
Dei tøffaste (eller galnaste) beveger seg ut på kanten av Gygrekjeften. 
Foto: Sigurd Sandvik.

Kvart år i juni vert turmarsjen "Lihestklyvet" arrangert. Undervegs passerer deltakarane forbi 3 L-stølane (Lekva, Lundeland, Lireid), der den lokale styrkedrikken Gygreskvetten vert servert. 

Nyttige linkar: 
Turbeskriving
Overnatting i Hyllestad 

2. Alden (481 m.o.h.)


Foto: Kieran Kolle. 

Topptur til øya Alden og fjellet "Norskehesten" er eit høgdepunkt på kysten av Sogn og Fjordane. Alden ligg utanfor Askvoll og er eit kjent seglingsmerke på vestlandskysten.


 Til den austre toppen tek turen ca 1,5 time opp og ein drøy time ned.
Ein fin sommartur er å overnatte i telt på Alden. Å sjå sola synke i havet i vest og vakne opp til ein tidleg soloppgang i aust er ei flott naturoppleving. 

 Alden i solnedgang. Foto: May-Britt Tangenes.

Like ved Alden ligg øygruppa Værlandet og Bulandet. Her ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bundne saman av Nordsjøporten - ein 5 km lang veg med 6 bruer. På Værlandet og Bulandet kan du oppleve unik natur, havfiske, vakre fotturar og eit ope folkeslag. Å sykle langs Nordsjøporten er ei flott oppleving. Dei mange øyane som skjermar for vind og bølger, samt den korte vegen ut på storhavet, gjer øygruppa til eit eldorado for kajakkpadlarar. 

 Foto: Kieran Kolle.


På Værlandet kan ein komme tett på den majestetiske havørna; både på Norsk Sjøfuglsenter og på havørnsafari

Kom tett på havørna! Foto: Geir Olsen.

Kvart år i juli vert Nordsjøsporthelga arrangert. Her er motbakkeløpet "Alden Opp" ein del av programmet. 

Nyttige linkar: 
Turbeskriving
Overnatting i Askvoll 
Norsk Sjøfuglsenter 

1. Hornelen (860 m.o.h.) 

Hornelen er med sine 860 stupbratte meter over havet Europas høgste sjøklippe. 
Har du endå ikkje vore på Hornelen veit du kor du bør leggje turen i 2015!


 
Storslått utsikt frå toppen av Hornelen. Foto: Birgitte Bjørdal.

Dette er turen for deg som er ute etter ei spektakulær oppleving. Stien kan vere nokså krevjande og bratt, men til gjengjeld kan ein nyte fantastisk utsikt undervegs. På toppen er det storslått panoramautsikt sørover kysten, nordover til Sunnmøre og innover fylket. Her ser du det varierte landskapet regionen har å by på – alt frå tronge fjordar og høge fjell til små øyer ytst i havgapet. Viss du tørr kan du leggje deg på kanten av stupet og kikke nesten loddret ned på båttrafikken 860 meter under deg.. 



Foto: Norway AdvenTURes


Delar av løypa har bratte oppstigningar, og er krevjande. Turen passar for dei som er vant med å gå i fjellet og i ulendt terreng. Å gå opp Hornelen er ein heil dagstur, men det er vel verdt strevet! 



Nedstigning mot Berleneset.

 Det er to ruter opp til Hornelen, med start frå enten Hunskår eller Berlenset. Den flottaste utsikten får du om du går opp frå Hunskår og ned til Berleneset.



 Nyttige linkar: 
Turbeskriving
Overnatting i Bremanger 

God tur!  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar