tirsdag 24. mars 2015

7 flotte påsketurar


Påska er høgtid for fjell- og fotturar, både med og utan ski på beina. Her er tips til 7 flotte og familievennlege påsketurar langs kysten av Sogn og Fjordane.  

1. Veten, Bremanger (527 m.o.h.)

 Foto: Norway Adventures. 
Turen til Veten i Bremanger startar frå den flotte sandstranda Grotlesanden. Første del av turen er noko bratt, men ein kan nyte storslått utsikt undervegs. Frå toppen er det panoramautsikt mot skjergarden utanfor Florø i sør, nordsjøen i vest og vestkapp-platået i nord.

Lengde: 11 km 
Tid: ca 3 timar  
Turbeskriving: http://ut.no/tur/2.7347/ 


2. Midtbøstølen, Flora (320 m.o.h.) 



Foto: Jofrid Sundal/ut.no

Midtbøstølen er eit idyllisk turmål i Norddalsfjorden, aust i Flora kommune. Stølsvegen er godt merka og god å gå på. Delar av stien er litt bratt, og med barn i følgjet tar det ca 1 time å gå opp til stølen. Midtbøstølen er ein fråflytta støl med 7 seler. Her er eit grindbygg som er ope for alle. Frå toppen er det flott utsikt over Norddalsfjorden.

Lengde: 1,5 km
Tid: ca 1,5 time
Turbeskriving: http://ut.no/tur/2.10368/


3. Brurastakken, Askvoll (177 m.o.h.) 


Brurastakken byr på spennande geologi i eit spennande landskap. Det er merka Nordsjøløype frå Herland over Brurastakken, med ei eiga sløyfe som tek deg gjennom geologihistoria. Fjellet er besøkt av geologar frå heile verda. Brurastakken er sett saman av ulike bergartar som ser ut som eit brudeslør frå toppen av fjellet, eit slør som forsvinn ut i havet mot vest.. 

Brurastakken ligg på øya Atløy i Askvoll kommune. Hit kjem ein med ferje frå Askvoll til Gjervik på Atløy. 
Lengde: ca 5,9 km 
Tid: ca 1 time
Turbeskriving: http://ut.no/tur/2.6524/

4. Einingsfjellet, Fjaler (258 m.o.h.)

 Foto: Monica Johansen/ut.no

Einingsfjellet i Fjaler er ein flott og familievennleg fjelltur. Det er ulike startpunkt for tur til Einingsfjellet, og alle stiane er godt merka. Frå toppen kan ein nyte flott utsikt til Solund i sør, Alden i vest og Dalsfjorden i nord. 
Lengde: ca 3,5 km 
Tid: ca 1,5 time
Turbeskriving: http://ut.no/tur/2.6286/
 Blogginnlegg om tur til Einingsfjellet: http://fjell-luft.blogspot.no/2012/01/einingsfjellet.html


5. Hesjetinden, Hyllestad (492 m.o.h.) 

Foto: Roar Nordbø.

Turen startar på omlag 200 m.o.h. og etter knapt 2 km i fjellterreng med jamn stiging kjem ein til toppen. Her kan ein nyte flott utsikt til fjord, hav og majestetiske Lihesten.

Lengde: ca 1,8 km
Tid: ca 1,5 time
Turbeskriving: http://ut.no/tur/2.6275/

6. Sperrefjellet, Solund (148 m.o.h.)

 Foto: ut.no

Familievennleg og lett fottur, med flott utsikt frå toppen. Mot vest ser ein Utvær, Norges vestlegaste punkt, og oljeplattformene i det fjerne. Stien går hovudsakleg på bart fjell og er lett å gå. Stien er godt merka med raude merkersteinar. Frå Sperrefjellet kan ein gå inn på nordsjøløypa mot Hjønnevåg eller Ytrøy. 
Lengde: ca 1,6 km
Tid: ca 1 time
Turbeskriving: http://ut.no/tur/2.6754/
Turbeskriving Nordsjøløype Ytre Solund: http://www.fjordkysten.no/no/Produkt/?TLp=496467

7. Kjerringnova, Gulen (423 m.o.h.)  

Foto: ut.no

Kjerringnova er eit av dei flottaste utsiktspunkta i Gulen. Frå toppen av Kjerringnova ser ein tydeleg kontrasten i landskapet i overgangen mellom vestlandsk skjergard og det dramatiske fjordlandskapet. 

Lengde: 3,8 km
Tid: 2,5 time
Turbeskriving: http://ut.no/tur/2.6112/ 

God tur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar