fredag 2. mai 2014

Askvoll - ei perle på kysten!


Askvoll kommune er ein kontrastrik kommune på kysten av Sogn og Fjordane. Her kan du på ein av same dag oppleve vakkert fjordlandskap ved Dalsfjorden og idyll på sjarmerande øyar lengst vest i havgapet. Askvoll byr også på fleire av dei beste toppturane i regionen.

Askvoll sentrum og gjestehamna. Foto:Steinar Bauge.

Kommunesenteret Askvoll er eit godt utgangspunkt for å utforske kommunen. Her finn ein det meste av servicetilbod og eit godt utval av lokale butikkar. Askvoll Fjordhotell ligg sentralt plassert og byr på komfortabel overnatting og matservering. Dei er også behjelpelege med å ordne utflukter og guida turar i kommunen. Gjestehamna i sentrum er populær blant båtturistar, og om sommaren er det mykje aktivitet i Askvoll. Heilt i sjøkanten ligg Askvoll Sjøbuer med kro, restaurant og pub. Askvoll Sjømat og Delikatesser er ein liten delikatessebutikk som sel mat av høg kvalitet laga av lokale råvarer.

Øya Alden ruvar i havgapet! Foto: Kieran Kolle.

I Askvoll finn du fleire av dei beste toppturane i regionen, som Alden (481 m.o.h.) og Blegja (1302 m.o.h.). Øya Alden er også kjent som "Den Norske Hest" på grunn av si karakteristiske form. Fjellet stig nærmast loddrett opp av havet og er synleg meir enn 100 km til havs. Alden er eit av dei mest kjente seglingsmerka på vestlandskysten. Frå toppen er det fantastisk utsikt i alle retningar! 

Blegja vert gjerne kalt Dronninga blant fjella i Sunnfjord, og ikkje utan grunn. Med sine 1304 m.o.h. er fjellet den høgste toppen i FjordKysten. Turen opp er krevjande, men naturopplevinga desto større. Blegja byr på utsikt heilt til Jostedalsbreen og dei 7 fjella rundt Bergen, 100 km vekke! 

Det er også mange flotte turar å gå om ein ønskjer ei lettare utfordring. Kystarven har merka 20 turstiar i Askvoll og det er gitt ut eige turkart for kommunen. 


 Nordsjøporten - den vakre vegen mellom Værlandet og Bulandet. Foto: Terje Rakke.

I havgapet har Askvoll fleire spennande øyar å utforske. På Værlandet og Bulandet ligg øyene som perler på ei snor, vakkert bunde saman av 6 bruer og 5.240 meter veg. Nordsjøporten heiter vegen, og er ikkje berre viktig for samferdsle og kommunikasjon her ute, men også ei fantastisk reise gjennom øyriket. Det er eit myldrande dyreliv langs den merka Nordsjøløypa i Sørværet, og er du heldig kan du sjå både sel, oter, ørn og hjort. Ein sykkel- eller fottur langs Nordsjøporten er ein dagstur du seint vil gløyme! Butikkane på Værlandet og Bulandet leigar ut syklar, det same gjer Værlandet Gjestehamn og Bulandsferie.

 I Bulandet og Værlandet ligg øyene som perler på ei snor. Foto: Kieran Kolle.

Bulandet er det vestlegaste aktive fiskerisamfunnet i Norge, og omfattar 365 øyar. På Bulandet bur det ca 270 innbyggjarar. Her er det eit sjarmerande sjøhusmiljø, og dei mange øyane gir ypparlege forhold for kajakkpadling. Kvart år organiserer Askvoll kajakklubb "Stormsamling" her ute. Bygdemuseet "Bulandet i fortid og notid" gir eit godt bilete av daglegliv og fiskeri i Bulandet.

 Opplev den majestetiske havørna på nært hald i Værlandet. Foto: Geir Olsen.
 
På Værlandet kan du oppleve pittoresk sjøhusmiljø i den lune Værøyhamna. Det bur ca 200 innbyggjarar i Værlandet.  Her ligg Værlandet Kro og Tante Grys Pub, og det nyopna Norsk Sjøfuglsenter vegg-i-vegg. Værlandet Gjestehamn ordnar skyss til og frå Alden. Her kan du også vere med på havørnsafari!


Kajakkpadling ved Atløy.

Øya Atløy byr på vakker natur og mange godt merka turstiar. Her er det både Nordsjøløype og merka fjellturar, blant anna til Brurastakken. For dei som likar å klatre har Klyv Klivarlag laga klatrevegg i bergveggen ved idrettsanlegget på øya. Atløy har også fleire gode fiskevatn i tillegg til at det er gode fiskemoglegheiter på sjøen. Kvar sommar vert det arrangert Krabbefestival på øya, der det er satt fokus på krabbe som levebrød, mattradisjon og samlingspunkt.  

Holmedal er ei idyllisk bygd ved Dalsfjorden, ca 10 min med bil frå Askvoll sentrum. Her ligg Helle Knivfabrikk som sidan 1930 har produsert knivar av høg kvalitet. Den vesle bygdepuben Holken har eit av Norges største utval av whisky. Holmedal Gjestebrygge er ein idyllisk stoppestad for båtturistar langs kysten. 

 Kombiner fjellturar i havgapet med kurs i segling. Foto: Butesail.

Stongfjorden er ei idyllisk bygd i Askvoll. Stongfjorden er den einaste fjorden i verda der du kan sjå frå fjordbotnen til havgapet! Bygda har ei rik industrihistorie - her var blant anna Norges eldste aluminiumsfabrikk. På nordsida av fjorden ligg historiske Staveneset og den gamle kopargruvestaden Grimelia. Både i Grimelia og i Staveneset har du storhavet og Stavfjorden rett framfor deg. Her kan ein nyte ei fantastisk utsikt, ei oppleving både i godvêr og storm! Selskapet Butesail er basert i Stongfjorden. Butesail tilbyr guida fjellturar og kurs i segling. Kva med å kombinerer begge deler?

Statuen av Ingolf Arnarson i Rivedal.

I Rivedal står det ein statue av Ingolf Arnarson, som var den første norrøne busettaren på Island. Arnarson vart lyst fredlaus etter at han og Leiv Rodmarsson drepte to søner av Atle Jarl på Gaular. Ingolf og Leiv reiste til Island omlag 870 for å undersøkje landet, og Ingolv blei den første faste busetjaren på Island. Røtene til nasjonen Island går dermed direkte tilbake til Rivedal i Dalsfjorden.

Fakta om Askvoll kommune:
Innbyggjartal: 3018 (2013)
Administrasjonssenter: Askvoll
Høgste fjell: Blegja (1305 m.o.h.)
Ordførar: Frida Melvær, Høgre

Nyttige lenker:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar