søndag 11. mai 2014

Topptur til Hornelen - Europas høgste sjøklippe!




Tekst og bilete: Svenn-Petter Kjerpeset.

Hornelen - stille og vakker er du, men óg lunefull og farleg. På fine dagar er turen til Hornelen ei fantastisk oppleving, med utsikt over det meste av fjella i Bremanger kommune. Men i skodde og regn kan det vere ein skummel tur, med glatt føre og dårleg sikt. Oppe på toppen er det ein del sprekkar i fjellet, så ein bør følgje den T-merka ruta opp.

Hornelen i Bremanger er Europas høgste sjøklippe.


Tur til Hornelen med Keipen Turlag, ein søndag i juli 2013. 

Eg såg ut vindauge at skodda låg ned i fjellet - skulle nok ein tur bli avlyst på grunn av dårlig vêr? Vel, Jens Petter og Mina skulle vere med på turen, så vi sette oss i bilen og køyrte til Hunskår. Etter at Bortnetunnelen opna er det berre ca. 30 min å køyre frå Svelgen til Hunskår. Turleiarane på turen var Gunnar og Gisle Skjølberg. Gunnar har vel vore 100 gongar på Hornelen, så han kjenner turen godt. 


 Starten av løypa på Hunskår.


Etter at siste mann dukka opp var vi 19 personar som skulle på tur. Problemet var berre at skodda låg nede i fjellet, men Gunnar meinte at den skulle lette etter kvart. Så vi rusla avgårde. Når det har regna er den fyrste delen av turen den våtast å gå, og til dels glatt då det renn vatn i stien. Fyrste del av turen opp Middagsnakken til Nonsnakken er òg den tyngste delen av turen, då ein stig 400 meter på 1,5 km. 


Mina på 13 år klarte oppstiginga greitt, men synest det var litt tungt - fortsatt låg skodda ned i fjellet, så vi tok ein liten matpause. Det var fleire som var på tur den dagen, og eit par passerte oss på vegen. Desse traff vi att på oppe på platået då dei var på veg ned. "Ingen utsikt, berre skodde" sa dei. Skulle dette møte oss på toppen? Ja, ja - i eit turlag går vi så fort som sistemann. Litt før ei bratt oppstigning vart det nok ein matpause, og det virka då som skodda letta i same tempo som vi gjekk. 



For dei med høgdeskrekk kan det første partiet frå Hunskår vere litt vanskeleg å passere. Går ein ned til Berleneset unngår ein dette partiet på veg ned, og då går resten av turen som ein leik. 

Når en kjem opp på platået går turen eit stykke bortover før en ser baksida av Hornelen. Der stod vi og såg toppen dekka i skodde. Men, den letta i vårt tempo. Skulle vi få utsikt frå toppen? På dette punktet står ein på 780 høgdemeter, før ein går ned til ca 710 meter. Der kjem ein inn på den T-merka turen frå Berleneset. Herfrå og fram til siste del av løypa er det greit å gå. Det renn vatn ved sida av stien, så her er det berre å fylle drikkeflaska. Det ligg òg eit vatn like før en startar på steinura opp til toppen. 




Vel oppe på Hornelen hadde skodda letta og vi fikk ein fantastisk utsikt. Gunnar sette flagget på varden ved Olavsbu. 

 Flagget blir sett opp på toppen!

 Det var litt kald vind, men den la ingen dempar på opplevinga. Mange bilete vart tatt og enkelte må berre heilt fram på kanten, der ein ser 860 meter rett ned i fjorden!

Frå kanten ser ein 860 stupbratte meter rett ned i fjorden.



 Frå toppen kan ein nyte utsikt over fjell, fjord og hav!

Heile turfølgjet samla. 

Tilbake gjekk turen ned til Berleneset. No var skodda heilt vekke og vi kunne nyte ein fantastisk utsikt over Frøysjøen, fjella i syningom, Hennøya og øyane vest mot storhavet. 

Flott utsikt på veg ned. 



Mina på 13 år var yngst på turen. Ho låg midt i feltet og klarte turen heilt fint.



Takk til Gunnar og Gisle Skjølberg som var turleiarar for Keipen Turlag sin tur til Hornelen i 2013!

 

Om løypene:
 
T-turane til Hornelen har 2 startpunkt; eit frå Berleneset og eit frå Hunskår. Turen frå Berleneset til Hornelen er ca. 8 km. Frå Hunskår til Hornelen er det ca. 6.2 km. Er ein fleire som går i lag på tur kan ein sette ein bil ved Berleneset, for så å gå opp frå Hunskår og ned att til Berleneset. Dette gir den flottaste opplevinga!
Hugs å ta vare på augneblinken når du står på toppen av Hornelen -  her har du ein fantastisk 360 graders utsikt!

 Utsikt til Berleneset.

For dei som likar å fiske ørret er det fleire vatn i området. Ein kan ta med telt og overnatte ved Stormyrvatnet der ein kan sjå sola gå ned vest i havet. 


Keipen Turlag har tur til Hornelen 20.7.2014 frå Hunskår. 
God tur og velkomen til Bremanger kommune!

Praktisk om turen:
 Høgde: 860 m.o.h.
Tid: 8-10 timar tur/retur.

Nyttige linkar:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar