fredag 26. april 2013

Topptur til Alden


Topptur til øya Alden og fjellet "Den Norske Hest" er eit høgdepunkt på kysten av Sogn og Fjordane. Alden ligg utanfor Askvoll og er eit kjent seglingsmerke på vestlandskysten.

Alden stig stupbratt opp av havet og med sine 481 m.o.h. er fjellet synleg meir enn 100 km til havs.
Foto: Steinar Bauge.









 Turen tek ca 1,5 time opp og ein drøy time ned (frå austre toppen). Frå hamna går ein den korte vegen opp til garden, og her er det skilta mot toppen. Stien er ikkje merka, men den er lett å finne. Ein tek straks til på oppstigninga, og vinn raskt høgdemeter. Stien er smal, men godt synleg heile vegen opp.

Storslått utsikt undervegs. Foto: Visit FjordKysten.

Ved om lag 300 m.o.h. kjem ein opp på platået, og terrenget flatar noko ut. Vidare mot aust og opp mot Instenova, den austlege toppen, er det lett å gå. Her er det flott utstikt i alle retningar! 

Bilete frå "hesteryggen", mellom dei to toppane. Foto: Visit FjordKysten.
For å få endå betre utsikt til havet og øyane i vest bør ein ta turen bort til den vestlege toppen, Ystenova. I vest ser du dei små øysamfunna like ved storhavet, mens du i nord og aust har utsikt til majestetiske fjelltoppar og fjordar. Heilt i nord kan du til og med sjå Gjegnalundbreen og Ålfotbreen - Norges vestlegaste isbrear!

Ein fin sommartur er å overnatte i telt på Alden. Å sjå sola synke i havet i vest og vakne opp til ein tidleg soloppgang i aust er ei flott naturoppleving. 

Like ved Alden ligg øygruppa Værlandet og Bulandet. Her ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bundne saman av Nordsjøporten - ein 5 km lang veg med 6 bruer. Vegen opna i 2002 og er så viktig for det vesle øysamfunnet at den feirast med ein eigen festival, Nordsjøporthelga, kvart år. Her er motbakkeløpet "Alden Opp" ein del av programmet. 

Vegen mellom øyane, Nordsjøporten, ligg vakkert til i landskapet. Foto: Terje Rakke.
På Værlandet og Bulandet kan du oppleve unik natur, havfiske, vakre fotturar og eit ope folkeslag. Å sykle langs Nordsjøporten er ei flott oppleving. Dei mange øyane som skjermar for vind og bølger, samt den korte vegen ut på storhavet, gjer øygruppa til eit eldorado for kajakkpadlarar. 

Frå Stormsamling med Askvoll Kajakklubb på Bulandet. Foto: Hallvard Torp.
I 2012 opna Norsk Sjøfuglsenter på Værlandet. I den gamle båtverkstaden i Værøyhamna er det laga ei moderne, digital utstilling basert på interaktivitet og informasjon om sjøfuglen sin tilstand langs vestlandskysten. Utstillinga tar utgangspunkt i ideen om at naturen greier seg godt utan menneske, men ikkje omvendt. Dette er eit slags "Vil Vite-senter" for sjøfuglen og ei spennande oppleving for store og små. 

Norsk Sjøfuglsenter ligg vegg-i-vegg med Værlandet Gjestehamn på Værlandet. Her er gjestehamn, kro og ”tante Grys pub”. Kroa har turistinformasjon med informasjon om aktivitetar og attraksjonar på øyane. Dei tilbyr også sykkelutleige og båtskyss til Alden. Her kan du også nyte eit godt måltid basert på lokale råvarer og prøve det lokale ølet ”Alden”. Ølet er brygga av Kinn Bryggeri og serverast kun her ute. Ei fin belønning etter topptur på norskehesten! 

Korleis komme hit
For å komme til Alden må ein ta ferje frå Askvoll eller Fure i Fjaler til Værlandet. Sjå www.ruteinfo.net for rutetider. Værlandet Gjestehamn (tlf: 57 73 11 28) og M/B Setara (tlf: 906 44 257) tilbyr båtskyss frå Værøyhamna til Alden. 

Til Askvoll kjem ein enkelt med ekspressbåt frå Bergen eller Nordfjord. Sjå www.norled.no for rutetider og billettar. Værlandet Handel, som ligg på ferjekaia på Værlandet, tilbyr utleige av syklar, ein flott måte å komme seg rundt på øyane utan bil.

Overnatting
Det er fleire overnattingsstader på øyane her ute.
På fastlandet er Askvoll Fjordhotell eit godt alternativ.


Overnattingsstader på Værlandet og Bulandet:

Meir informasjon:
www.værlandet.no

God tur!



4 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

      Slett
  2. Du kan og komme til Alden med Aldejenta www.alden-adventure.no

    SvarSlett
  3. https://www.youtube.com/watch?v=sp4A5dn8-CI

    SvarSlett