fredag 4. april 2014

Tips til påskeferien!


Lurer du på kva du skal i påskeferien? Her er nokre tips frå kysten av Sogn og Fjordane!


1. Fluefiskekurs i Fjaler




Flekke- og Guddalsvassdraget strekkjer seg om lag 30 km frå Flekkefjorden til fjellet i Guddal. Her er det god bestand av laks og sjøaure. Huseklepp Fiskeskule arrangerer intensivkurs i fluekasting 17.-19.april på kasteanlegget i Guddalen. Bruk påska på å lære noko nytt! Les meir om tilbodet her. 

  


2. Påske i fiskeværet Kalvåg

 
Kalvåg er eit idyllisk fiskevær i Bremanger kommune. I åra mellom 1850 og 1870 var det opp til 12.000 fiskarar i Kalvåg. Desse budde i losjiskip, enkle hus og rorbuer. Det hendte og at folk måtte sove under kvelva småbåtar. Den dag i dag vert nokre av dei same rorbuene nytta til å ta vare på reisande, ferierande og fiskarar, men med dagens krav til komfort og levevilkår.

Knutholmen og Kalvåg ønskjer velkommen til påskefeiring. Årets påske vil ha litt mindre snø i seg, men desto meir kos, påskeegg, krim og hygge. Knutholmen har laga eige tilbod for årets påskeferie, som kan bestillast her. 
 
Carolas Buaspa ligg eit steinkast frå Knutholmen og byr på herleg velvære i sjøhusmiljø. På spaet er det garantert sol og 28 grader - året rundt! Opningstider påske: onsdag-søndag 12.00-18.00. 

3. Familietur til Værlandet



Værlandet er ei idyllisk øygruppe, lengst vest i havet i Askvoll kommune. Ta med familien på påsketur og oppdag øyriket! Her kan små og store lære om sjøfugl på Norsk Sjøfuglsenter. Øyene byr også på flott turterreng for korte og lengre fotturar og ypperlege forhold for sykling, fiske og kajakkpadling. 

Overnatting i 2 netter på Værlandet Gjesteheim + fri inngang på Norsk Sjøfuglsenter. Pris kr 1600,- for 2 vaksne og 2 barn.


4. Skip o'hoi! 



Selskapet Butesail har base i Stongfjorden i Askvoll og tilbyr seglkurs og guida fjellturar. Kva med å kombinere begge deler? Du kan segle mellom toppane i havgapet og prøve deg på manøvrering undervegs. Ein kan enten overnatte ombord i båten eller på herskapelege Turner House i Stongfjorden. Les meir på www.butesail.com

5. Ut på tur, aldri sur! 



I regionen finn du mange merka turløyper i alle vanskegrader. Den milde vinteren med lite snø gjer at fleire av dei høge toppane er ypperlege for fotturar i påska. Kva med ein tur til Alden i Askvoll, også kjent som "Norskehesten"? Ta med deg familien på ein tur langs ei av dei mange Nordsjøløypene i regionen. Dette er lette turløyper som passar for alle, godt merka og med eigne starttavler og turkart.

6. Båtferie 



Kysten av Sogn og Fjordane har fleire av landets beste gjestehamner. Knutholmen i Kalvåg, Værlandet, Hardbakke i Solund og Dingja i Gulen er ofte med blant dei beste når årets gjestehamn skal kårast. Det er også fleire fine uthamner langs kysten. Vi har laga eiga brosjyre for gjestehamnene. Denne finn du her. La deg inspirere og legg ut på tur! 

7. Padling i havgapet



Med tusenvis av øyar, holmar og skjer er kysten av Sogn og Fjordane som skapt for padling. Øyriket i Solund, Gulen, Bulandet og Værlandet er Norges vestlegaste og godt kjent i padlemiljøet. Mylderet av små og store øyar, holmar og skjer gir ly for vind og bølgjer. Samtidig er vegen ut på storhavet kort. 

I Bremanger kan du padle langs kvite strender og stupbratte fjell. Opplev prehistoriske helleristningar, gamle handelsstader og eit rikt dyreliv. Også skjergarden rundt Florø byr på flotte forhold for padling. Ta turen til ein av dei mange øyane rundt byen eller langs ein av fjordane, som gir ly for vinden og fine forhold for padling. 


God påske!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar