fredag 11. april 2014

Fugl er fugl...



 Tekst: Per Arne Tveit. Bilete: Norsk Sjøfuglsenter
Meir informasjon på www.norsksjofuglsenter.no og www.vaerlandet.no


Eg er ingen fugleekspert. For meg har skjor, kråke og måse vore der heile tida med sine håse skrik og meir eller mindre utprega flokkmentalitet. At nokon skulle finne på å telje, fotografere og notere alt som flyg med vengjer, har i mesteparten av mitt liv vore komplett uforståeleg.
Sjølvsagt visste eg at grågåsplogen langt oppe i den gråblå aprilhimmelen var eit sikkert vårteikn på same måten som dompappen på julekortet varsla julekveld og påskekyllingane kom til påske. Eg visste også at ugla var klok og at myrsnipa var overmåte glad i ungane sine, medan ramneskrik bar bod om husdyrtap, alt medan dei lærde drøfta om ørna kunne ta ungar…  
Men eg gjekk ikkje av skaftet av den grunn. Eg bekymra meg ikkje for om fuglane kunne forsvinne eller hamne på raudlista eller bli forstyrra i hekketida. På TV såg eg ofte kor gale det kunne gå med sjøfugl som vart ramma av oljeureining, men eg tenkte nok at det var sikkert fleire der dei kom frå. Ein fugl frå eller til kunne vel ikkje bety all verda, fugl er fugl...?


Alt dette endra seg dramatisk ein dag i 1992/ 1993 då framlegg til verneplan for sjøfuglområde langs kysten av Sogn og Fjordane kom på bordet. Brått vart fugl og fuglefreding dødsens alvor. Langs heile kysten protesterte lokalbefolkninga kraftig. Vi såg på fredinga som eit overgrep frå staten. Vi tvilte på ekspertane sine fugleteljingar og vi mobiliserte til aksjonar og folkemøte av alle slag…..

Men staten let seg ikkje rokke, og kystfolket måtte endre strategi. I staden for å bekjempe statlege vedtak, måtte vi prøve å gjere sjøfuglvernet til ein ressurs.
Vi måtte finne ut om fuglane våre var så sjeldne som ekspertane ville ha det til. Vi måtte finne ut om nokon utanfrå ville betale pengar for å komme og sjå på dei, og vi måtte finne ut kva slag tenester desse fugleelskarane evt. kunne vere villige til å betale for. Turen gjekk til Skottland for å lære.

Her kom fugleelskarar i hopetal for å sjå på ørn og sjøfugl av alle slag. Her hadde dei laga eit fiskeørnsenter der reiret i nærleiken går i arv mellom ørnegenerasjonane. Her hadde også havørna fått sitt eige senter på øya Skye med direkte fjernsynsoverføring frå ørnereiret. På Shetland er fuglefjell og sjøfuglsafari god forretning. Og ikkje berre på Shetland. Slik er det i mange land i Europa og Amerika med. 
Men den viktigaste lærdommen var kanskje at nasjonalparken og naturreservata vart sett på som ein umisseleg ressurs i reiselivsutviklinga.

Vi forstod at vi måtte ta skeia i ei anna hand. På Værlandet bygde vi den gamle båtverkstaden om til Norsk Sjøfuglsenter og starta direkte fjernsyn frå havørnreiret til Tante Gry`s Pub i Værlandet Gjestehamn. Vi fekk staten, fylkeskommunen, fylkesmannen, kommunen og Norsk Ornitologisk Foreining med på laget.  Ny rundløype inn i naturreservatet vart skilta og merka på dugnad.. Nytt naturopplevingskart med mange merka fugleobservasjonsområde vart ferdig i februar 2014. Naturskulen på Værlandet er under utvikling som ei avdeling under Sjøfuglsenteret. Nytt tilbod om havørnsafari  skal vere klart til sommarsesongen i år.

Og vi har fått fleire fugleinteresserte gjestar. Dei ser ting vi ikkje såg, og dei formidlar observasjonane sine rundt omkring på nettet.
Etter kvart demrar det at fugl ikkje berre er fugl – det kan også vere næring og lokalsamfunnsutvikling, og artsmangfaldet er grunnlaget for vår reiselivssatsinga. Difor ønskjer vi tjelden og kvitkinngåsa velkommen ilag med skuleklassar, ornitologar, båtfolk og havørnfotografar.
Fugl er fugl  -   eller var det noko meir der…..?







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar