torsdag 29. mai 2014

Gulen - variert og vakkert!


Gulen kommune ligg heilt sørvest i Sogn og Fjordane, på grensa til Hordaland. Kommunen byr på variert natur, frå nakne øyar mot Nordsjøen i vest, til frodige landskap mot fjella i aust. Den varierte naturen gjer Gulen til eit eldorado for utandørsaktivitetar som padling, fiske, dykking og fotturar. 

 Gulen ligg vakkert til på sørsida av Sognefjorden. Foto: Gulen kommune.

Kommunen har også ei rik og spennande historie, med spor tilbake til vikingtida. På Flolid, like utanfor kommunesenteret Eivindvik, finn ein skulpturparken Gulatinget, som er tusenårsstaden i Sogn og Fjordane. På Handelsstaden Skjerjehamn står den kjente statuen av Kong Olav V. Andre historiske attraksjonar i Gulen er Sellevåg Treskofabrikk og Gulen Fiskarbondemuseum.  

Skulpturparken Gulatinget er tusenårsstaden i Sogn og Fjordane. Bønder frå heile kysten samla seg i Gulen for å utforme lover og avseie dommar i saker - i direkte forhandling med kongen. Gulatingslova la grunnlaget for at Norge vart eit samfunn basert på lov og rett. 

 Skulpturparken Gulatinget er tusenårsstaden i Sogn og Fjordane. Foto: Gulen kommune.

Tingsamlinga på Gulatinget varte i meir enn 400 år. Tusenårsstaden Gulatinget er ein moderne tingstad, med kraftfulle uttrykk, passande for ei ny tid. Her finn du ein vakker park som innbyr både til ettertanke, til læring og til aktivitet - tett på kunst, kultur og natur. 

28.-29. juni 2014 blir det storslått folkefest i Gulatingsparken, i anledning grunnlovsjubileet.
Her blir det utstillingar, kulturelle og historiske innslag og konsertar med blant anna Sigrid Moldestad og Mari Boine. Arrangementet er gratis og har inga aldersgrense. 

 Mari Boine held konsert på Gulatinget 28.juni 2014.

Skjerjehamn er ein idyllisk, nyrestaurert handelsstad ved porten til Sognefjorden. Skjerjehamn var tidlegare ein travel stoppestad for sjøfarande langs kysten, og her har vore aktivitet sidan 1600-talet. Staden har dermed mykje historie å by på. I 2005 kjøpte fiskeoppdrettaren Ola Braanaas Skjerjehamn og restaurerte staden. Den historiske Sveitservillaen frå 1861, som i dag er hotell, er Skjerjehamn sitt smykke. I den vesle Skjenkestova sat Gjest Baardsen fengsla. Pakkhuset, tidlegare brukt som lagerbygning, husar i dag stor restaurant/festlokale, bar, konferanserom og auditorium, galleri og fem moderne leilegheiter. Skjerjehamn har også ei populær gjestehamn for båtturistar.

 Sveitservillaen på Skjerjehamn med gjestehamna i framgrunnen. Foto: Skjerjehamn.

På Skjerjehamn finn ein også Knut Steen sitt monument av Kong Olav V. Statuen av den folkekjære kongen står på ein haug og helsar høgtideleg på alle som passerer i skipsleia. Monumentet vart avduka under den første Utkantfestivalen, som sidan har blitt ein årleg musikkfestival med fleire tusen besøkande. Ei vakrare ramme for ein festival skal ein leite lenge etter! 

På Skjerjehamn kan ein helse på Kong Olav V!

Årets Utkantfestival går av stabelen 23.-26.juni. Då står artistar som Sivert Høyem, Lars Vaular, CC Cowboys, Kari Bremnes, Jonas Alaska og Thulsa Doom på scena. Festivalen byr på varierte musikkopplevingar for festivalglade i alle aldrar. 

 Utkantfestivalen byr på variert musikk i vakre omgivnadar.

Gulen tilbyr dykkeopplevingar i særklasse. Hit kjem dykkeentusiastar frå heile verda for å dykke på spennande skipsvrak frå 2.verdskrig, studere den vakre maneta Pheriphylla Pheriphylla eller oppdage norske nakensneglar. Dykkesenteret tilbyr overnatting og har den einaste puben i kommunen som er open året rundt. Dei tilbyr også ei rekke andre aktivitetar som fiske, padling og fotturar. 

Mange fargerike skapningar skjuler seg under havoverflata i Gulen. Foto: Gulen Dykkesenter/Christian Skauge.

Dei mange øyane vest i kommunen gir gode forhold for padling i kajakk. Likar ein å fiske er turen på storhavet kort og ein kan også prøve fiskelukka i den vakre Sognefjorden. Fleire overnattingsstader i Gulen har lagt til rette for fiskeferiar. Ein dagstur på sykkel er ein fin aktivitet i Gulen, og det er også mange flotte fot- og fjellturar i kommunen.

Velkommen til Gulen! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar