torsdag 22. mai 2014

Kinnaspelet 30 år!




Den vakre øya Kinn utanfor Florø er kvart år i juni ramme for teaterførestillinga "Kinnaspelet - Songen ved det store djup". Heilt sidan premiera i 1985 har fleire tusen reist til Kinn for å oppleve Kinnaspelet. Etter 116 framsyningar og nær 90.000 publikummarar, står no Kinnaspelet framfor sitt 30. speleår. Lørdag 21. og søndag 22. juni 2014 ønskjer ein på nytt velkommen til Kinn og "Songen ved det store djup"!  


 Naturen på Kinn er storslått kulisse for Kinnaspelet. Foto: Kinnaspelet.

Kinnaspelet er ei oppleving du sjeldan finn makan til. Publikum sit i eit naturleg amfi under Kinnafjellet, med grøne bakkar, blått hav, høg himmel og den vakre Kinnakyrkja frå 1100-talet som kulissar. 
Skiftande vêr og vind speler også med i teaterstykket, og den vakre båtreisa gjennom øygarden frå Florø til Kinn er ei oppleving i seg sjølv!

 Kinn er ei av mange vakre øyer i skjergarden utanfor Florø.

Ramma rundt spelet er innføringa av reformasjonen i 1537. Kongens fut kjem med bud om dette til Kinn. Sentralt i spelet er også den kjende St. Sunniva-legenda, som fortel om irske prinsesser som rømde frå vikingane sine herjingar, og let seg drive over havet ”i båtar utan segl og årar”. Der dei dreiv i land skulle dei byggje ei kyrkje som takk til Gud. I følgje segna dreiv prinsessa Borni i land på Kinn og fekk bygd kyrkja på øya.

Kinnaspelet byr på dramatiske scener. Foto: Sara Marie Ytreøy.

Kinnaspelet handlar tru og tvil, kjærleik og svik. Kinnaspelet er i dag eit av dei eldste og mest veletablerte historiske spela i Norge. Teksten til "Songen ved det store djupe" er skriven av Rolf Losnegård. Musikken er laga av Per Janke Jørgensen. Kinnaspelet vert framført av Sogn og Fjordane Teater og ca 160 amatørar. I samband med Kinnaspelet kan ein også vere med på historisk vandring på øya, guida omvising i Kinnakyrkja, konsertar og gudsteneste. 
 
20.-22. juni er det også mykje anna å oppleve i Norges vestlegaste by. Fredag 20.juni går verdas lengste sildebord av stabelen. Då blir 350 meter med bord dekka opp gjennom hovudgata i Florø, Her blir det servert sild i alle variantar – heilt gratis! Lørdag 21.juni er det tid for laksens dag. Dette er ei markering av den viktige rolla oppdrettslaksen har på kysten og i Florø. På kveldstid inviterer Florø Rockeklubb til konsertar og det er familieaktivitetar og tivoli heile helga. 




Under verdas lengste sildebord kokar det med liv i Florø. Foto: Truls Kleiven. 
 

Denne festhelga i Florø vert kalla Himmel og Hav Kystfestival. Målet med festivalen er å tilby ei komplett kulturhelg, der næringsliv, frivillige organisasjonar og lokalbefolkninga spelar på lag for å skape ei festhelg i kystbyen Florø. Dette er ein ypperleg anledning til å ta turen til Florø!

Praktisk informasjon:
For å komme til Kinn tar ein passasjerbåt frå Fugleskjærskaia i Florø. Båtane er satt opp i samband med Kinnaspelet, og har ikkje faste rutetider, men går med ein gong dei er oppfylte. Båtturen tek ca 25 minutt. 

Lørdag 21.juni går det også eigen ekspressbåt frå Bergen til Kinn. Denne stoppar også etter avtale i Knarvik, Vardetangen, Sollibotn, Krakhella og Askvoll. Billettar må kjøpast på førehand.

Teater- og båtbillettar kan bestillast på førehand eller kjøpast på kaia i Florø. Kjøper du på kaia i Florø bør du berekne god tid.

Meir informasjon om billettsal finn ein på denne linken.




Andre nyttinge linkar:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar