torsdag 10. juli 2014

Guida tur til sagaøya Kinn


I havgapet vest for Florø ligg den irrgrønne, graskledde øya Kinn. Med si vakre kyrkje, spektakulære natur og spennande historie fascinerer øya alle som tar turen hit. Kvar sommar kan du bli med på guida tur til denne vakre øya! 



Kinn er ei vakker øy i havgapet vest for Florø.


Turen startar med båt frå Florø. Båtturen til Kinn tek ca 30 min og er ein fin tur gjennom skjergarden som omgir Florø. Frå kaia på Kinn tar det ca 40 min å gå til kyrkja langs ein 1 km grusveg. Undervegs får ein høyre om den spennande historia til øya.



Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Norge i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca. 15 000 menneske her og på omkringliggande øyar i sildesesongen. 
I dag er det berre nokre få fastbuande på Kinn.



Det er ikkje mange norske kyrkjer som ligg vakrare til enn steinkyrkja på Kinn. Kyrkja er bygd i romansk byggjestil, og har vore i bruk sidan 1100-talet. 


 Kyrkja på Kinn har ei fantastisk beliggenheit. Foto: Gry Seim. 

 Kyrkja har seinare vore bygd på og restaurert, og framstår i dag så nær opp til det opprinnelege som mogleg. Kyrkja er den eldste i Sunnfjord. Kinnakyrkja er frå gamalt av knytt til legenda om St. Sunniva og Seljumennene, men ein meiner i dag at ho vart sett opp av keltarar som gøymde seg frå religionsforfølgjarar. 


Stemninga inne i kyrkja er heilt spesiell. Her får ein høyre om kyrkja si utvikling, frå 1100-talet og fram til i dag.

 Kinnaklova - eit kjent seglingsmerke og populært turmål.

Det vil vere mogleg å sjå seg om på øya på eiga hand etter omvisinga. Ein tur opp Kinnaklova, det karakteristiske fjellet og kjente seglingsmerket, er ei flott oppleving. 



Det er merka tursti rundt øya og opp "Inste Stauren", den høgste toppen i Kinnaklova. Å gå rundt øya tek omlag ein time. 



Beregn gjerne 1,5-2 timar på å gå rundt øya, slik at du har god tid til å sjå deg om. 
Skal ein gå opp Inste Stauren bør ein rekne ekstra tid. 

 Det er bratt stigning opp Inste Stauren, men belønninga er ei storslått utsikt! 



Det er også merka tursti opp Kinnafjellet. Her startar stien frå grusvegen ca 200 meter nord for rutebåtkaia. Det tek ca 40 min å gå opp fjellet, som er 316 meter høgt.  

Det er merka tursti opp Kinnafjellet.

Det er også mogleg å overnatte på øya.
Det gamle skulehuset på Kinn er DNT-hytte. Kontakt Flora Turlag for overnatting i hytta.



Skulehuset på Kinn er no DNT-hytte.

I juni kvart år vert det historiske spelet "Kinnaspelet" arrangert på øya. Spelet handlar om tru og tvil, kjærleik og svik. 





Naturen på Kinn gir spelet ei storslått ramme - publikum sit i eit naturleg amfi under Kinnafjellet, med grøne bakkar, blått hav, høg himmel og den vakre Kinnakyrkja som kulissar. 


Kinnaspelet feira i 2014 30. års jubileum. Foto: Håvard Stubhaug.

Kinnaspelet er i dag eit av dei eldste og mest veletablerte historiske spela i Norge. Fleire enn 90.000 publikummarar har tatt turen til Kinn i løpet av dei 30 åra spelet har vore arrangert! 

Sagaøya Kinn har både spektakulær natur, unik kultur og ei spennande historie. 
Ta turen til Kinn og få minner for livet!

Nyttige lenker:
Guida tur til Kinn
Kinnaspelet 
Overnatting i Flora kommune






1 kommentar:

  1. Hello I want to share my amazing experience with the greatest spell caster called Prophet Abulele my husband was cheating on me and when I found out we had a fight which lead to him requesting for a divorce I cried and fell sick when I was searching about love quotes online I saw people talking about him and his great work whose case was similar to mine they left his contact info I contacted him and he told me not to worry that after 24hrs he will cancel the divorce and be back to me after i did everything he asked me to do to my greatest surprise the next day evening it was my husband he knelt down begging me to accept him back, thank you once again Prophet Abulele you are indeed a blessing to me. If you are out there looking for his help you can reach him for easy communication on Whatsapp +2349022406159 or email him via his email prophetabulelehealingtemple@gmail.com

    SvarSlett