mandag 7. juli 2014

Turtips for barnefamiliar


Tekst og bilete: Wenny Irene Hansen. 


Vi er ein familie på 6 frå Florø som likar oss på tur i vårt nærområde. Barna har stor glede av å oppdage nye stader og komme tilbake til ”gamle perler” som dei kjenner godt.

 Idyll i skjergarden utanfor Florø.

Skjergarden i Flora kommune byr på mange spennande øyar, alle med kvar sin eigenart. Her er opplevingar i fleng - alt frå middelalderkyrkja på Kinn, Kvanhovden Fyr, Store Batalden og hjortane på Svanøy, for å nemne noko. Ein kan besøke øyane på dagstur frå Florø, eller tilbringe fleire dagar her - dei fleste øyane har overnattingsmoglegheiter. Om du ikkje har eigen båt kjem du deg enkelt dit med rutebåt frå Florø. 

 Kvanhovden Fyr ligg på øya Hovden.

Øya Askrova har lett og fint tur- og sykkelterreng. Her kan ein blant anna utforske "Trollhola", som er ei hole frå urtida. Det er butikk og kro på øya. Her kan ein leige både sykkel, båt og kajakk. Det er også overnatting på Askrova. 




Trollhola på Askrova er spennande å utforske!

Vi nyttar også byen Florø mykje. Tur til Brandsøyåsen gir oss ei storslagen utsikt over by, fjell, fjord og hav. Det er fleire stiar til toppen, som passar både store og små. På toppen er det benkar der ein kan nyte matpakka og utsikta. Kystmuseet byr på spennande historier og eit flott turområde. På Brendøya, like ved museet, kan ein helse på ein flokk med geiter.

 Tur til Brandsøyåsen er ein fin familietur i Florø. Flott utsikt frå toppen!

Ved Kystmuseet kan ein helse på ein flokk med geiter.

Det er mange flotte fot- og fjellturar i Flora kommune, både på øyane og på fastlandet. Her kan ein velge mellom korte og lengre turar. Tur til Hatlesetnipa er ei flott oppleving! 


Sørstrand Folkepark er perfekt om sola skin og vi vil bade. Her er det sandstrand, sandvolleyballbane, grillar og benkar. Regnar det tar vi gjerne turen til badeanlegget Havhesten. I juli er det Våt Moro i Florø. Då er vi så heldige at vi kan få prøve eit stort utval aktivitetar både over og under havoverflata.

 Eikefjord er ei idyllisk bygd, 20 minutt med bil frå Florø. 
Eikefjord er ei flott bygd 20 minutt køyring frå Florø. Her er det fin badestrand som er tilrettelagt med både stupebrett og kiosk. I august kvart år vert Eikefjorddagane arrangert, med masse flotte aktivitetar for både liten og stor.


Tidlegare i vår var vi ei helg i Værlandet og Bulandet, i Askvoll kommune. Her budde vi på Værlandet Gjesteheim, som er perfekt for familiar med barn. Her er det leikeskute utanfor og stor fotballbane. Kroa ved gjestehamna og Norsk Sjøfuglesenter er i gangavstand frå gjesteheimen.

Værlandet Gjesteheim byr på barnevenleg overnatting.

Det er mange turmoglegheiter både i Værlandet og Bulandet, og fleire Nordsjøløyper som du forøvrig finn langs heile Fjordkysten. Vi gikk mange små turar i øyriket og barna storkosa seg med å utforske nye stader. Det er også veldig fint å sykle rundt på øyane, og sykkel kan du leige både i Værlandet og på Bulandet.

Det er flott turterreng i Bulandet og Værlandet. 

Sykkeltur i Værlandet og Bulandet er populært for store og små! Foto: Tore Jan Skarstein.

Ta gjerne barna med på padletur. Dette området er eit paradis for padling, med eit mylder av øyar og skjerma farvatn.

Reiser du med eigen båt anbefalast eit besøk på Aralden, di eiga paradisstrand rett ved Værlandet. Likar du å gå på fjellet er Alden eit av fjella du bør ta turen opp på. Utsikta er stor og turen flott!

Sommaridyll ved Aralden. Foto: Tore Jan Skarstein.

Alden er ein flott fjelltur med storslått utsikt! Foto: Sara Marie Ytreøy.

Fisketurar kan ein kose seg med her ute og langs heile Fjordkysten. 
Våre barn har funne seg ein ny favoritt i Bulandet og Værlandet og vil gjerne reise tilbake hit så fort som mulig.

Vi reiser ofte til Kalvåg, i Bremanger kommune. Her trives vi godt i sjøhusmiljøet, går turar og fiskar vår eigen middag. Det er veldig kjekt, og fisken smaker ekstra godt når ein har fiska den sjølv. Å sette krabbeteiner høyrer også med, og spenninga er stor neste dag når vi reiser for å dra dei opp.


Er vi i Bremanger og sola skin, reiser vi på Grotlesanden for å bade og leike i sanden på den lange, kvite badestranda. Her storkoser vi oss alle saman. Det kan ikkje blir bedre! 


I Bremanger er det mange turløyper å velje blant. Her er alt frå enkle, korte turar - som for eksempel til Flona, til krevjande turar som Hornelen, Europas Høgste sjøklippe, som ligg 860 stupbratte meter over havet. Bremanger kommune har gitt ut turbok med 104 merka turar, i tillegg til eige turkart. 

Tur til Flona ved Kalvåg er ein fin familietur. 

Vi har endå mange plassar å utforske langs FjordKysten. Vi planlegg å ta med oss kajakken til Solund, for å utforske det fantastiske øyriket der. Då skal vi ta turen til Utvær fyr og utforske Utværhamna der vikingane slipte sverda sine før dei drog på tokt.



Idylliske Hardbakke hamn er flott for deg som er på båtferie. Her kan du også blir med på Øyhopping med postbåten over til Bulandet og Værlandet.

Sommaridyll på Hardbakke i Solund. 

I Gulen er Dingja ein idyll som er du ikkje bør misse om du er på båtferie.
Skjerjehamn er ein flott stad med overnatting, gjestehamn, restaurant og kunstutstillingar.  Her kan både barn og vaksne lære meir om fisk på forundringsflåten. Dette er eit interaktivt visningssenter som skal informere om korleis lakseoppdrett drivast i Norge i dag. 

Skjerjehamn i Gulen. 

På Flolid utanfor Eivindvik ligg Gulatinget. Gulatinget er tusenårsstaden i Sogn og Fjordane. Her er det reist ein skulpturpark som markerer at Gulatinget møtte ved Gulafjorden i fem hundre år. Ein flott stad med ei spennande historie. 

 Skulpturparken som er reist til minne om Gulatinget er ein stad for undring og læring.
Foto: Gulen kommune.

Gulen Dykkesenter blir det i desse dagar starta opp eit pilotprosjekt som heiter ”Kaptein Krabbe og Sjøstjernene”. Dette er den nye måten å feriere på om du har barn og vil å ta dei med på tur der både foreldre og barn får ein aktiv og god ferie. Medan far eller mor er ute og padlar kajakk, dykkar eller fiskar så får barna ei oppleving utanom det vanlege med leik i strandsona, setting av teiner, fiske m.m.

I Fjaler er det fint å fiske i elv og vatn. Jakob Sande Tunet bør besøkast.
Om ein ønskjer innandørsaktivitet kan ein ta turen til Haugland badeland der barna kan boltre seg i bassenga. 

  I Kvernsteinsparken kan ein prøve seg som steinhoggar!

I Hyllestad ligg Kvernsteinsparken. Den gler vi oss til å besøke! Her kan vi vere med på ei historisk vandring der vi kan sjå og «røre ved» ei historie som er meir enn 1000 år gamal. Om sommaren er det guida omvising i parken og ein kan prøve seg aktivitetar som steinhogging m.m. Det blir spennande!
Bli med å utforske FjordKysten og gled deg til opplevingane som ventar!

Våre tips for deg som reiser med barn:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar