fredag 22. september 2017

Mitt turparadis av gjestebloggar Leni Marie Lisæter


Eg er frå Kalvåg, innfødt Bremangerjente og har budd i kommunen storparten av mitt liv. No høyrest eg kanskje ut som ein skikkeleg «heimaling» som har hatt same utsikta frå stovevindauget heile mitt liv, men eg reiste vekk for å ta utdanning, og er kome tilbake etterkvart. Det har liksom alltid vore i tankane mine å bu i mitt barndomsparadis. 

Leni Marie Lisæter på jobb for Fiskeridirektoratet

Min far hadde alltid eit ynskje om at eg og bror min skulle ta utdanning som han sjølv aldri fekk. Hans ynskjer var høge nok, gjerne advokat eller lege som kunne ta seg av han når livet butta imot. Han fekk meg til å byrje å jobbe for sjømatprodusenten Domstein, slik at eg nærast skulle bli ulyste på å jobbe med fisk. Så feil kan ein altså ta. Riktig nok vart min bror ein slags doktor, cand.scient. såleis, men då meir i retning av doktorgrad på vær og vind. Og eg vart no verande i fisken sitt rike. Eg vart ikkje ulyste, men eg vel å tru at min far ville bli glad for våre veg val trass alt. Fisken og havet er naturlege bestanddelar i mitt liv. Eg ser ut på Frøysjøen kvar dag når eg står opp sit og drikk kaffi ved kjøkkenbordet. Eg er odelsjente, og tok over garden i 1995. Etter 15 år som sauebonde valde eg fisken. Nærare sagt å drive kontroll med dei som jaktar og eige fisken i havet. Eit heilt naturleg val! 


BREMANGER - MITT TURPARADIS




I 2010 og 2011 laga eg og Anita Ingebrigtsen ei fotobok om Bremanger. Det gjorde at eg måtte rundt reise om kring i heile kommunen min. Den er ganske stor med sine 800 km2 fordelt på knappe 4000 menneske. Dei åra lærte eg heile kommunen å kjenne. Bremanger strekker seg frå hav til bre, for å nytte ein klisjé. Her er det mange moglegheiter for å komme seg ut og kjenne seg i eitt med naturen. Eg har vore fleire gongar i Vetvika, det er ein av mine favorittplassar. Der er så usannsynleg vakkert, samtidig blir ein minna om dei her som har leve harde liv. Kyrkjegarden der berre menn er gravlagt, og hus som er trygt forankra. Lyset er ulikt for kvar gong, sanden som piskar i vind og myggen som bit. Her har eg vore på hummaroppsyn og kome ned Fåfjorden, eg har vore med båt ut for å hente heim kyr, og eg har vore opp og ned både ur og stolpar. Plassen sluttar aldri å fasinere.


Utsikt ned til Vetvika

Hornelen er eit anna turmål. Her har eg vore to gongar. I år var eg på toppen med Olavsbu for fyrste gong. Førre gong haldt eg som ivrig fotograf på å trakke ned i sprekka. Det var nok til at eg fekk ein sånn kvepp at eg nesten sprang nedatt. Men eg såg no i sommar at frykta var litt overdriven. Sprekka var mindre enn eg minnest og turen vart ein opptur. 

I sommar har eg gått på Ålfotbreen i skodde og Keipen i sol. Begge gongar kryssa vi bre. Det var og fyrste gong over bre i Bremanger, hakk i hel med den mest ihuga fjellmannen i Bremanger, Svenn Petter Kjerpeset. Legg til eit kajakk-kurs og så kan eg verkeleg seie eg har brote nokre grenser i sommar. Elles held eg meg mykje i nærområdet etter jobb. Her er det Flona – Storehovden, ein times tur som er nok til å halde vedlike maskineriet.

Utsikt frå Hornelen

Av spiseplassar er det Knutholmen som er favoritten. Svein Inge Fosse har stått på i alle år og fortenar ros for alt arbeidet han har gjort. Han har verkeleg satt Kalvåg på kartet. Kalvåg kystfestival pleier eg å få med meg og i år synes eg det var ekstra stor stemning.

Eg var mykje på tur i naturen når barna var små. Eg synes nesten ikkje det er noko som slår det å grille i fjæra med pølse på spidd eller pølse på termos og stå på skøyter på Tjenna. Her er så masse å finne på om ein har fantasien. Grotlesanden er eit must om sommaren. Når sola kjem så er det nesten som om alle spring mann av huse. Her ute ved kysten må ein berre snu seg rundt når det er finvær. Vi kan ikkje planlegge, badeleika og alt må stå klart for vind og vær skiftar fort. Når eg var i mi mest effektive periode som husmor var utstyr ferdigpakka og badedyra ferdig oppblåste i takboksen. Ingen tid å miste. Skodda kjem fort veltande rundt Olderveggen når varmen bygg seg opp. 

Grotlesanden 

Eit siste tips er ein tur ut i Havrøyna om sommaren. Her er ei godt gøymt strand som du nesten må gå på land for å sjå. Dette er ein del av det komplekset vi i Kalvåg kallar «ut i øyane». 365 holmar og skjer og øyar vest av Kalvåg som utgjer eit paradis for fugl, fisk og folk. Sjeldan finn ein eit så stille og vakkert landskap på sommardagar. Der var magisk i seine sommarkveldar. Finast av alt er minna gjennom åra som er gått, om sein retur frå øyane etter fisketur ei sommarnatt. Der morten har bite på alle krokar. Der alle onkler og tanter er humørfylte, trøtte og gode på inntrykk. Besta som kokar pale og vi som sit og venter på gryta. Livet var berre godt med fisk på flatbrød på besta sitt kjøkken. 


Velkommen til Bremanger!

1 kommentar:

  1. Hello I want to share my amazing experience with the greatest spell caster called Prophet Abulele my husband was cheating on me and when I found out we had a fight which lead to him requesting for a divorce I cried and fell sick when I was searching about love quotes online I saw people talking about him and his great work whose case was similar to mine they left his contact info I contacted him and he told me not to worry that after 24hrs he will cancel the divorce and be back to me after i did everything he asked me to do to my greatest surprise the next day evening it was my husband he knelt down begging me to accept him back, thank you once again Prophet Abulele you are indeed a blessing to me. If you are out there looking for his help you can reach him for easy communication on Whatsapp +2349022406159 or email him via his email prophetabulelehealingtemple@gmail.com

    SvarSlett