fredag 7. oktober 2016

Bremanger mitt turparadis gjesteblogger Rogier van Oorschot



Bremanger mitt turparadis

Rogier van Oorschot
Rogier van Oorschot og familien flytta frå Nederland til Norge i 2000, nettopp for å kunne nyte urørt natur, drive med friluftsaktivitetar og bu fritt. Han har eit småbruk på Davik, som også er basen for aktivitetsfirmaet han driv;  Norway Adventures. Draumen er å dele lidenskapen for norsk natur og kultur med sine andre, og la dei ta del i dei godt gøymde skattane som fins her.
Norway Adventures, ei heilårsbedrift og ein aktivitetsleverandør for friluftsaktivitetar og teambuilding i Fjord-Norge regionen. Vi har havet i vest til Jotunheimen i aust som vårt arbeidsområde. Ein stadig større del av verksemda vår er å skreddarsy rundreiser til turistar, som vil oppleve det beste av Fjord Norge, med eit større eller mindre snev av eventyr, såkalla Adventure Travel.


I havkajakken kjem du tett på dyrelivet
Etter å ha budd i Bremanger i over 15 år kan eg konkludere med at det framleis er eit paradis for meg. I jobben min trekk eg turister hit frå bl.a. Kina, USA, Australia, Brasil, England og Nederland og gir dei ein tur som ofte er ei «once in a lifetime» oppleving. Dei treng hjelp med å finne fram til natur- og kulturperlene, og det gjer kanskje du også?

Ein vellukka tur for meg er gjerne ein kombinasjon av både natur og kultur. Møte lokalbefolkninga og lære av dei om lokalhistorie. Gjere ting som er ’off-the-beaten-track’, men samtidig få med meg berømte høgdepunkt. Nyte stillheita, puste inn den friske lufta, sjå ville dyr, bruke kroppen, nyte varmen frå bålet. Gå i variert terreng og la meg overraske over de storslagne utsikta. Og alt dette finn eg i Bremanger. Kundane mine skal sitte igjen med ei meistringskjensle etter at dei har måtte strekke seg litt ekstra i dei ulike aktivitetane mot eit bakteppe av den storslåtte naturen vi har her.


Bremanger


Bremanger ligg ved kysten, sagt mellom Florø og Måløy. 
Kvifor er Bremanger så spesielt i mine auge?  Slagordet til kommunen er ’Sogn og Fjordane i miniatyr: frå hav til bre’. Frå kysten med sine eksotiske kvite strender, kystkultur og skjergarden, sjøklipper og snaufjell, til Ålfotbreen med eit heilt spesielt fjellområde rundt, inst i fjorden. Her finns nokre av dei finaste dalar eg kjenner. Ein kommune som har noko å by på for alle: både familiar og andre naturelskarar, dei som likar å ta det med ro, og dei som oppsøker adrenalinkick. 


 Eg vil gjerne dele nokre av mine favorittar i Bremanger med dykk


Havkajakktur i skjergarden (mai – september)

Havkajakk sommer
Området ved kysten er eit helt spesielt landskap. Fleire av mine kundar har samanlikna landskapet med ’Beyond the Wall’ fra ’the Game of Thrones’. Den beste måten å oppleve skjergarden på er i ein havkajakk. Sjå gjennom krystallklart vatn, nyte stillheita, padle mellom øyane, ete lunsj ved bålet, sjå Havørn og sel i deira naturlege habitat. Dette er  ein fin aktivitet med barn, våre doble kajakkar er stabile og gir meistringskjensle.

Kalvåg 

Kalvåg frå Varden
Ta ekspressbåten frå Bergen, som i seg sjølv er ein fantastisk tur som er verdt å få med seg. Frå stoppet Smørhamn er det berre 10 minutt til Kalvåg. Det autentiske sjøhusmiljøet må berre opplevast. Fiskebåtane ved kaia, skrikande måsar og frisk sjøluft.
Et ein gourmetmiddag på Knutholmen, hos Svein Inge og Jan Fredrik Fosse med familie. Deira vertskap kjennest som å komme heim. Sjølvsagt er det mulegheiter for å fiske sjølv for dei som ønskjer det.



Uendeleg mange fine fjellturar på alle nivå 

Veten i mars
Det er eit flott turterreng ute på kysten, der det generelt sett er lite snø, der ein en kan gå på fjelltur nesten heile året. Våre kundar sin  favoritt er ein tur frå den eksotiske kvite Grotlesanden 
opp til Veten (527 Moh). Den tek deg opp på ein bratt sti, til ei fantastisk fin elv, vidare over eit flatt myr terreng, endå litt lengre opp og over eit platå, heilt til ytste stykke land ved Atlanter havet med ei uendeleg vakker utsikt. 

Herleg friskt fjellvatn ved Veten


Med barn er turen til Ivervatn garantert ein suksess. Start ved Sørdalsbrua, 10 minutt frå Svelgen mot Ålfoten.  Ein lett  tur, som ender ved hytta ved Ivervatn. Ein får lov å bruke hytta (mot betaling) som har fin terrasse, og ein kan bruke båten til å fiske. I dette området får du oppleve det spesielle landskapet med fjellhyller.

Hornelen – Europas høgste sjøklippe (mai – oktober)

For dei som ønsker litt ekstra utfordring er ein tur på Hornelen eit must. Et imponerende fjell, en ruvende vegg 860 moh, rett ned i havet, kven blir ikke andpusten av det? Utsikta er fantastisk. Turen går i veldig variert terreng. Når du står der på toppen, så ser du bokstavelig kor enorme mulegheitene er for eit fantastisk frilufts opphald i Bremanger. På Hornelen jobbar en stadig med utbetringar. Sherpaer har steinlagt delar av stien og vi håpar å kunne tilby ein rå Via Ferrata tur rett opp til toppen frå 2017.
Utsikt frå Hornelen i oktober


Det er elles veldig mange godt merka turløyper i hele kommunen. Ein får kjøpt ’Bremanger Turbok’ med turbeskrivelsar kart, tekst og bilder.

Ski- og toppturar (januar-juni)

Ski - og topptur til Gjegnen og Blånibba
Med mange fine toppar seier det seg sjølv at Bremanger er eit eldorado for topp- og skiturar. Favoritten er ein tur opp til Troda på Davik, eller Blånibba/Gjegnen ved Ålfotbreen.

Topptur til Troda



Andre perler i Bremanger

Det er så mykje å oppleve i Bremanger at eg ikkje får med alt i eit kort blogginnlegg. Andre ting du kan oppleve:
- overnatting i gamle handelstader som: Smørhamn og Rugsund
- Vingen helleristningsfeltet:
- Tongane kystfort

Sjå også eit tidlegare blogginnlegg


Bremanger – også et godt utgangspunkt for å utforske regionen rundt

Bremanger er et godt utgangspunkt, eller startpunkt, for å oppleve området kring oss. Andre flotte kystområder sør og nord for oss eller indre delar av Fjord Norge. Alt er muleg.    
Eg håpar eg har inspirert dykk til å vurdere ein tur til Bremanger. Velkommen til oss!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar