torsdag 18. juni 2015

Topp 10 i Hyllestad


Idylliske Hyllestad ligg på nordsida av den berømte Sognefjorden. 
Her er våre 10 beste tips til ferie i Hyllestad! 

1. Lihesten 

Foto: Håkon Haukøy.

Fantastiske Lihesten ruvar i landskapet. Det karakteristiske fjellet er eit eldorado for fjellglade folk og klatrarar. Det er fleire turløyper på fjellet. Det høgste punktet er Risnesnipa (777 m.o.h.), mens det mest populære turmålet er "Gygrekjeften" (714 m.o.h.). Lihesten er eit "must" for deg som samlar på spektakulære toppturar! 


2. Varierte fjellturar

Utsikt frå Hesjetinden. Foto: Fjordkick. 

Om du ønskjer ein lettare fjelltur, er det mange alternativ. Hyllestad har mange flotte og varierte turløyper, som passar både store og små. Hyllestad har eige turkart og mange av turane er godt skilta og merka. 

Foto: Petur Thor Photography. 

3. Kvernsteinsparken


Bli med på spennande aktivitetar i Kvernsteinsparken. Foto: Kvernteinsparken. 

Hyllestad har ei rik historie. I Kvernsteinsparken kan ein sjå spor etter då vikingane produserte kvernstein i stor skala! Kvernsteinsparken er open fra midten av juni til midten av august. Her kan du bli med på omvising og prøve ulike aktivitetar. Utanom opningstid kan du gå ein tur i Kvernsteinsparken på eiga hand. 


4. Lifjorden
Lifjorden i Hyllestad. Foto: Marit Hatlem. 

Lifjorden er ein vakker fjord på nordsida av Sognefjorden. Fjorden strekker seg 6 km mot søraust og ligg ved foten av majestetiske Lihesten. Det er mange gode turmoglegheiter i området, både til lands og til vanns. Risnes er ei idyllisk bygd i Lifjorden og utgangspunkt for topptur til Risnesnipa, det høgste punktet på Lihesten. 


5. Riding i Drøsdalen

Vakre Drøsdalen ligg 10 minutt køyretur frå Sørbøvåg i Hyllestad. Her kan ein ta seg ein ridetur i vakkert skog- og literreng. Ei flott oppleving for heile familien!


6. Fiske

Prøv fiskelykka i Hyllestad! Foto: Fjordkick. 

Er du glad i å fiske kan du prøve fiskelykka både på fjorden, lenger ute på havet eller i eit av dei mange fiskevatna på land. Fleire av overnattingsstadane i Hyllestad har lagt til rette spesielt for fisketuristar og har sløyefasilitetar, tilgang på frys og båtutleige. Ein kan også bli med ein lokal kjentmann på guida fisketur. 

7. Tur langs den Trondhjemske Postveg

Den Trondhjemske Postveg er ein kulturhistorisk veg som blei brukt til å frakte post mellom Bergen og Trondheim. Strekninga som går mellom Hyllestad og Fjaler er ein flott tur både til fots og med sykkel. Turen er kjenneteikna av dei mange karakteristiske steinbruene. 


8. Sørbøvåg



Bu i idylliske rorbuer på Fjordkick i Hyllestad. Foto: Fjordkick. 

Sørbøvåg er ei idyllisk bygd ved Åfjorden. Fjordkick tilbyr overnatting i rorbuer med høg standard og har utleige av båtar, syklar og kajakkar. 

9. Påskejam

Påskejam 2015. Foto: Pierluca Taranta Photos. 

Fristar det å tilbringe påska ved fjorden, i staden for på fjellet? Kvar påske kan ein vere med på Påskejam på Hotel Sognefjord i Hyllestad. Påskejam er ein herleg miks av artistar og musikarar frå nær og fjern. I 2015 deltok 50 musikarar og artistar frå fem nasjonar!

10.Naturopplevingane


Foto: Petur Thor Photography. 

Sist, men ikkje minst - eit besøk til Hyllestad gir nærleik til naturen. Opplev små, idylliske stader der ein verkeleg kan oppleve fred og ro. Nyt minnerike feriedagar ved sjøen eller på fjellet. Om dagane er avslappa eller fylt med spennande aktivitetar er opp til deg!



Velkomen til Hyllestad!


Foto: Petur Thor Photography. 

1 kommentar:

  1. Hello I want to share my amazing experience with the greatest spell caster called Prophet Abulele my husband was cheating on me and when I found out we had a fight which lead to him requesting for a divorce I cried and fell sick when I was searching about love quotes online I saw people talking about him and his great work whose case was similar to mine they left his contact info I contacted him and he told me not to worry that after 24hrs he will cancel the divorce and be back to me after i did everything he asked me to do to my greatest surprise the next day evening it was my husband he knelt down begging me to accept him back, thank you once again Prophet Abulele you are indeed a blessing to me. If you are out there looking for his help you can reach him for easy communication on Whatsapp +2349022406159 or email him via his email prophetabulelehealingtemple@gmail.com

    SvarSlett