fredag 12. juni 2015

Topp 10 i Gulen


Ved innløpet til Sognefjorden ligg vakre Gulen, spekka med spennande opplevingar. Her er 10 grunnar til å ta turen til Gulen! 

1. Variert natur

Idyll på Byrknes i Gulen. Foto: Merete T. Mellingen. 

Gulen ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Mot havet i vest finn ein eit mylder av vakre øyer, mens i innlandet mot aust finn ein eit frodig landskap med høge fjell. 

2. Gulatinget

Skulpturparken Gulatinget. 

Skulpturparken Gulatinget er eit spektakulært syn. Parken er reist til minne om Gulatinget, der bønder frå heile kysten samla seg for å utforme lover og avseie dommar i saker - i direkte forhandling med kongen. Gulatinget la grunnlaget for at Norge vart eit samfunn basert på lov og rett, og vert ofte kalla "demokratiets vugge". Gulatinget er tusenårsstaden i Sogn og Fjordane. 


3. Norges beste dykking

Foto: Gulen Dykkesenter/Christian Skauge. 

Dykkarar frå heile verda reiser til Gulen for å utforske verda under vatn. Hos Gulen Dykkesenter kan ein dykke på skipsvrak frå 2.verdskrig, vere med på nudibranch-safari eller jakte på den vakre maneta Periphylla Periphylla. 

Tar du turen under havoverflata kan du møte skapningar som denne! 
Foto: Christian Skauge. 

4. Skjerjehamn 

Idylliske Skjerjehamn i Gulen. Foto: Merete T.Mellingen.

Idylliske Skjerjehamn var tidlegare ein travel stoppestad for sjøfarande langs kysten, og her har vore aktivitet sidan 1600-talet. Her kan ein overnatte i ein historisk villa, eller i moderne leilegheiter i pakkhuset på kaia. Her er også restaurant, galleri og ei populær gjestebrygge. Skjerjehamn er kanskje mest kjent for Knut Steen sin statue av Kong Olav V, som helsar på sjøfarande i skipsleia. 

På Skjerjehamn kan ein helse på kong Olav V. Foto: Merete T. Mellingen. 

5. Utkantfestivalen 

Sommarens store høgdepunkt i Gulen er Utkantfestivalen på Skjerjehamn. Med scene i fjæresteinane under statuen av Kong Olav V, byr festivalen på konsertopplevingar ein seint vil gløyme! I år står blant anna Bob Geldof, Dumdum Boys og Marit Larsen på scena. Det blir garantert heilt konge! 

Foto: Utkant/Tarjei Langeland. 

6. Dingja
Foto: Merete T.Mellingen.

Vakre Dingja er ei idyllisk bygd i Gulen. Hjarte i bygda er Dingja Ferie og Fritid med butikk, festlokale og gjestebrygge. I området rundt Dingja kan ein utforske flotte turstiar, padle på Dingjavatnet eller ta ein sykkeltur i den flotte naturen. 

7. Fiske

Hos Hjartholm Feriehytter kan du prøve fiskelykka!

Er du glad i å fiske er Gulen plassen for deg. Her kan ein fiske blant øyene i vest, ta seg ein tur ut på storhavet eller prøve fiskelykka i fjorden. Fleire overnattingsstader har spesialisert seg på fiskeferie. 

8. Båtliv

Foto: Merete T.Mellingen. 

Gulen er eit populært område for båtferie. Her er fleire fine uthamner, i tillegg til gode gjestehamner med alle servicetilbod. Skjerjehamn er ei populær hamn med yrande liv i sommarsesongen. Idylliske Dingja har fleire gonger blitt kåra til ei av dei beste gjestehamnene i Norge!

 
Solnedgong ved gjestehamna i Dingja. Foto: Merete T. Mellingen. 

9. Sykkelturar

Med lett kuppert terreng og vegar med lite trafikk byr Gulen på mange flotte sykkelturar. Ta med deg sykkelen på den lokale rutebåten og utforsk ei av dei mange flotte øyene i kommunen. Sykkeltur frå Sollibotn via Eivindvik til Gulatinget er ein flott tur i eit kulturhistorisk landskap. 

10. Vardetur

Foto: Ingvild Høydal. 

Gulen har mange flotte fot- og fjellturar. Vardetur i Gulen er ein flott dagstur som syner vardane langs kysten og er med på å formidle historia om det første organiserte sjøforsvaret i Norge. Turen startar frå Undertun like ved Eivindvik, og ein bør rekne ca 6 timar på heile rundturen. Høgste punkt på turen er Svabergfjellet (546 m.o.h). 


Foto: Ingvild Høydal.


Velkommen til unike opplevingar i Gulen! 










1 kommentar:

  1. Hello I want to share my amazing experience with the greatest spell caster called Prophet Abulele my husband was cheating on me and when I found out we had a fight which lead to him requesting for a divorce I cried and fell sick when I was searching about love quotes online I saw people talking about him and his great work whose case was similar to mine they left his contact info I contacted him and he told me not to worry that after 24hrs he will cancel the divorce and be back to me after i did everything he asked me to do to my greatest surprise the next day evening it was my husband he knelt down begging me to accept him back, thank you once again Prophet Abulele you are indeed a blessing to me. If you are out there looking for his help you can reach him for easy communication on Whatsapp +2349022406159 or email him via his email prophetabulelehealingtemple@gmail.com

    SvarSlett