torsdag 4. juni 2015

Topp 10 i Bremanger


Bremanger byr på naturopplevingar i verdsklasse. 
Her er 10 tips til kva du kan oppleve om du tar turen til Bremanger!

1. Hornelen

 Utsikta frå Hornelen er spektakulær! Foto: Birgitte Bjørdal. 

Klar for sommarens råaste fjelltur? Med sine 860 stupbratte meter over havet er Hornelen Europas høgste sjøklippe! Frå toppen er det storslått utsikt over fjell, fjord og øyer i havgapet. 


2. Fiskeværet Kalvåg

Kalvåg er eit idyllisk fiskevær. 

Idylliske Kalvåg er eit av vestlandets best bevarte fiskevær. Rundt vågen ligg sjøhusa tett i tett og dannar ei intim atmosfære. Her kan du overnatte i rorbu og så å sei fiske frå stoveglaset! Du kan besøke det gamle sildesalteriet, gå flotte turar eller ta ein fisketur. 

Velrennomerte Knutholmen er hjarte i bygda med overnatting, restaurant med dansegolv, gjestehamn og selskapslokale. Restauranten på Knutholmen har kortreist mat frå havet som spesialitet, med "havets festbord" som sitt varemerke! 

Familiebedrifta Knutholmen er kjent for sitt gode vertskap.
Foto: David Zadig.  

3. Dei vakre strendene 

 Nyt silkemjuk, kvit sand på Grotlesanden. 
Foto: Svenn Petter Kjerpeset. 

Bremanger har to av Norges vakraste sandstrender. Grotlesanden er lett tilgjengeleg med bil eller båt, mens til Vetvika kjem ein berre til fots eller med båt ein godværsdag. Perfekt ein sommardag og fascinerande i regn og storm! 

Ein tur til Vetvika er ei eksotisk oppleving. 
Foto: Åse Berit Nytun. 

4. Carolas Buaspa

Nyt sol og sommar året rundt på Carolas Buaspa! 

Om finvêret uteblir, kan ein alltid nye sol og 28 grader i Kalvåg. Carolas Buaspa har innandørs sandstrand - med sol i taket! I tillegg kan ein nyte herlege velværebehandlingar eller slappe av i utandørs badestamp med utsikt over hamna. 


5. Veten

 Nyt flott utsikt på turen til Veten. Foto: Elisabeth Solbakken. 

Topptur til Veten (527 m.o.h.) er ein av dei flottaste fjellturane i Bremanger. Turen startar frå idylliske Grotlesanden. Kvart år i juli vert motbakkeløpet Vetenløpet arrangert.



6. Turar for store og små  

Flona er eit populært turmål like ved Kalvåg. Foto: kalvag.com

Enten du har med deg småbarn på tur eller er ein erfaren fjellvandrar vil du finne turar som passar for deg. Ta med deg familien til utsiktspunktet Flona ved Kalvåg eller gå til topps på Ålfotbreen, som er Norges vestlegaste isbre. Området rundt kommunesenteret Svelgen har mange flotte og varierte turar. Totalt er det meir enn 100 merka og tilrettelagte turløyper i Bremanger. 



Utsikt frå Kårnyken i Ålfoten. Foto: Leni Lisæter. 


7. Vingen

Bli med på guida tur til eit av dei største helleristningsfelta i Nord-Europa. 

Helleristningsfeltet Vingen i Bremanger er eit av dei største i Nord-Europa. Her er det avdekka over 2200 ristningar, som truleg er 4000-6000 år gamle. Kvar sommar kan ein vere med på guida tur til Vingen. 

8. Historiske attraksjonar

Smørhamn Handelsstad. Foto: Hildegard Nygård. 

Bremanger har ei rik historie. I Bremanger finn du 2 historiske handelsstader frå 1600-talet. Både Rugsund og Smørhamn var eit knutepunkt på kysten i gammal tid. Tongane Kystfort var eit av dei tyske festningsverka på kysten av Norge under 2.verdenskrig. 

9. Fiske

Prøv fiskelykka i Bremanger! Knutholmen tilbyr guida fisketurar. 

Vil du prøve fiskelykka, er Bremanger plassen for deg. Her ligg forholda til rette for fiske i sjøen, enten innaskjærs eller til havs. Føretrekk du ferskvassfiske er det svært gode forhold med meir enn 100 fiskevatn i fjella rundt Svelgen. Svelgen Hotell sel fiskekort og har utleige av fiskestenger. 

10. Kunst & kultur 

Er du interessert i kunst og kultur? Då bør du ta turen til Galleri Frøya og Sommerakademiet i Kalvåg. Her er det utstillingar, kunstbutikk og spennande kurs og aktivitetar!


Foto: Wenche Johannessen.

Velkomen til Bremanger! 


1 kommentar:

  1. Hello I want to share my amazing experience with the greatest spell caster called Prophet Abulele my husband was cheating on me and when I found out we had a fight which lead to him requesting for a divorce I cried and fell sick when I was searching about love quotes online I saw people talking about him and his great work whose case was similar to mine they left his contact info I contacted him and he told me not to worry that after 24hrs he will cancel the divorce and be back to me after i did everything he asked me to do to my greatest surprise the next day evening it was my husband he knelt down begging me to accept him back, thank you once again Prophet Abulele you are indeed a blessing to me. If you are out there looking for his help you can reach him for easy communication on Whatsapp +2349022406159 or email him via his email prophetabulelehealingtemple@gmail.com

    SvarSlett