fredag 29. mai 2015

10 grunner til å oppleve Flora




Flora kommune er spekka med varierte opplevingar. 
Her finn du 10 grunnar til å oppleve den vakre kommunen! 

1. Frå bre til hav

Flora har variert natur med fjell, fjord og øyar i havgapet. Foto: Rune Helland. 

Flora er rik på kontrastar. Kommunen strekker seg frå eit mektig innland i aust med brusande elvar, høge fjelltoppar, isbre og stille vatn til ein skjergard i vest med vakre øyer i havgapet. Heilt i vest ligg Florø - Norges vestlegaste by. 


2. Florø

Nyt utsikta frå toppen av Brandsøyåsen. Foto: Truls Kleiven. 

Florø er ein sjarmerande by i havgapet, omkransa av fjell, fjordar og ein fantastisk skjergard i vest. Her kan ein kombinere byliv og aktivitetsferie! Det er flott turterreng i og rundt sentrum, og den beste utsikta får ein frå Brandsøyåsen (286 m.o.h.). Gjennom heile året er det små og store arrangement som skaper liv og røre i kystbyen.

3. Ein fantastisk skjergard

Frå Store Batalden har ein fantastisk utsikt over skjergarden rundt Florø. 
Foto: Tore Jan Skarstein. 

Skjergarden utanfor Florø byr på eit eldorado av små og store øyar. Øyane byr på flott turterreng og spektakulære naturopplevingar. Eit av dei mest populære turmåla er Store Batalden, som er den høgste fjelltoppen på øyane utanfor Florø. Her kan du også besøke Batalden Havbu med museum, galleri og overnatting. 

Lokale rutebåtar har fleire daglege avgangar til øyane. Dette gjer det lett å utforske øyane - enten på dagstur, rundtur eller turar over fleire dagar. Fleire av øyane har overnattingsmoglegheiter. 

4. Sagaøya Kinn

Den vakre steinkyrkja på Kinn er frå middelalderen. Foto: Gry Seim. 

På øya Kinn ligg ei vakker steinkyrkje frå middelalderen. Få kyrkjer i Norge ligg vakrare til enn kyrkja på Kinn. Om sommaren kan ein vere med på guida tur til Kinn. Øya er også eit populært turmål. Ein tur opp Kinnaklova, som er eit karakteristisk fjell og eit kjent seglingsmerke, er ei flott oppleving. Det er merka tursti rundt øya og ein kan overnatte i DNT-hytte.

5. Kinnaspelet

Kinnaspelet er ei storslått oppleving! Foto: Kinnaspelet. 

Kinn er også ramme for det historiske spelet Kinnaspelet - Songen ved det store djup. Naturen på Kinn gir spelet ei storslått ramme, og Kinnaspelet er i dag eit av dei eldste og mest veletablerte historiske spela i Norge. Kinnaspelet vert i 2015 arrangert 20.-21.juni.

6. Svanøy

Herskapelege Svanøy Hovedgård ligg vakkert til på den frodige øya.

Svanøy er den sørlegaste og frodigaste øya i Flora kommune, og har i tillegg ei rik og spennande historie. Heilt sidan vikingtida har Svanøy vore eit knutepunkt langs kysten. Svanøy Hovedgård har vore både adelssete og bispegods. I dag blir hovedgården brukt til overnatting og arrangement. Norsk Hjortsenter ligg på sørsida av øya og driv med oppdrett og forskning på hjort og dåhjort. Ei omvising blant dyra vil gje deg ei oppleving du seint vil gløyme. 

7. Fot- og fjellturar

Området rundt Eikefjord byr på mange flotte turar. Foto: Laila Schønhardt. 

Få kommunar kan by på meir varierte fot- og fjellturar enn Flora. Ålfotbreen (1385 m.o.h.) er den høgste toppen, mens Brandsøyåsen i Florø (293 m.o.h.) er det mest populære turmålet. På øya Hovden kan ein gå Nordsjøløype til spektakulære Kvanhovden Fyr, som ligg på ei klippe 40 meter over havet. I området rundt Eikefjord og Norddalsfjorden ligg turmåla på rad og rekke. Flora Turlag har stor aktivitet og arrangerer fleire turar i veka. På ut.no kan du finne turbeskrivelse av over 100 turar i kommunen. 

Hovden og Kvanhovden Fyr er eit spektakulært turmål. 

8. Våt Moro

Opplev fartsfylte aktivitetar i vakker natur under "Våt Moro"! 
Foto: Eivind N. Hauge. 

Hav- og fjellsportfestivalen Våt Moro er ein festival som skal skape ekstrem glede, adrenalin og spektakulære opplevingar på sjøen og i fjella rundt Florø. I løpet av fire dagar i juli kan ein prøve aktivitetar som flyboard, kajakkpadling, stand up paddle, havrafting og klatring. Det er aktivitetar for store og små, og om kvelden er det "aftersea" i festivalteltet.

9. Sildebord

Det årlege sildebordet i Florø er ein folkefest! Foto: Truls Kleiven. 

Sild er viktig i Florø. Byen vart i 1860 stifta på bakgrunn av det store sildefisket i regionen. I dag feirer ein silda ved å dekke opp til verdas lengste sildebord - midt i hovudgata i byen. Sildebordet vert arrangert midt i juni kvart år. Her vert det servert fleire gode silderettar og alle får ete seg mette - heilt gratis! 

Sildebordet vert i 2015 arrangert fredag 19.juni. 

10. Ei rik historie

Kystmuseet ligg i idylliske omgivnadar i Florø.

Flora kommune er rik på historie. Ausevika Helleristningsfelt er eit av dei største helleristningsfelta i Norge, med over 3000 år gamle figurar. På Kystmuseet i Florø kan ein sjå utstillingar om byen si utvikling frå 1860 til i dag, utstilling om båtar frå Sunnfjord og Nordfjord, samt ei eiga oljeutstilling. Kystmuseet ligg i vakre omgivnadar ved sjøen og det er eit flott turområde rundt museet. 


Store Batalden i solnedgang. Foto: Truls Kleiven. 

Velkomen til Flora! 



1 kommentar:

  1. Hello I want to share my amazing experience with the greatest spell caster called Prophet Abulele my husband was cheating on me and when I found out we had a fight which lead to him requesting for a divorce I cried and fell sick when I was searching about love quotes online I saw people talking about him and his great work whose case was similar to mine they left his contact info I contacted him and he told me not to worry that after 24hrs he will cancel the divorce and be back to me after i did everything he asked me to do to my greatest surprise the next day evening it was my husband he knelt down begging me to accept him back, thank you once again Prophet Abulele you are indeed a blessing to me. If you are out there looking for his help you can reach him for easy communication on Whatsapp +2349022406159 or email him via his email prophetabulelehealingtemple@gmail.com

    SvarSlett