torsdag 21. mai 2015

Opplev fabelaktige Fjaler



Her er 10 grunnar til å ta turen til fagre Fjaler!

1. Frå kyst til fjord

 Utsikt over Dale og Dalsfjorden. Foto: Monica J. Haugen. 

Fjaler strekk seg ut på sørsida av Dalsfjorden, frå tettstaden og fjordbygda Dale midt inne i fjorden, og ut til Korssund og Fure ved kysten. I øst slyngjer Flekke- og Guddalsvassdraget seg frå den vakre Flekkefjorden til øverst på Guddal. I Fjaler kan du oppleve fjord, kyst og fjellnatur innan korte avstandar!

2. Dalsfjorden


Foto: Monica J. Haugen. 

Vakre Dalsfjorden skjer seg innover landskapet frå havgapet i vest. Fjorden er 43 km lang og berre 500 brei på det smalaste! 

3. Laukelandsfossen



Foto: Monica J. Haugen

Laukelandsfossen i Dalsfjorden er eit vakkert syn. Er du på kajakk- eller båttur er Laukelandsfossen ein perfekt plass å ta seg ein pause. Å bade i kulpen under fossen er ei spektakulær oppleving! 
 
4. Lakse- og innlandsfiske


Fjaler er eit eldorado for lakse- og innlandsfiske. Flekke- og Guddalsvassdraget strekker seg om lag 30 km frå Flekkefjorden til fjellet i Guddal. Her kan du fiske både laks, sjøaure og røye. Bjarne Huseklepp Fiskeskule tilbyr kurs i flugefiske og guida fisketurar. 

5. Fot- og fjellturar


Utsikt frå Einingsfjellet. Foto: Monica J. Haugen.

Fjaler byr på flotte fot- og fjellturar, og kan skilte med heile 106 km med merka og rydda stiar. Dei fleste er graderte lett eller middels krevande. 

6. Det lyser i stille grender


Den folkekjære diktaren Jakob Sande var frå Fjaler. Barndomsheimen hans i Dale, Jakob Sande-tunet, er tilgjengeleg for publikum. I sommarsesongen er her kafé, bokutsal, museum, omvising og ulike arrangement. Jakob Sande skreiv både humoristiske dikt og om meir klassiske tema som kjærleiken og døden. Hans mest kjente dikt er "Det lyser i stille grender", som seinare vart tonesatt. 

7. Postvegrittet


Bli med på vestlandets tøffaste terrengritt! Postvegrittet i Dale går langs den Trondhjemske Postveg. Den historiske vegen frå 1800-talet er kjenneteikna av mange vakre steinbuer og er eit flott område for fot- og sykkelturar. Postvegrittet har både konkurranseklasse, mosjonsklasse og eige sykkelritt for born. Deltaking i Postvegrittet gir seeding til Birken og går av stabelen 20.juni 2015. 

8. Korssund


Idylliske Korssund er eit populært turmål både for dei som reiser med båt og dei som kjem landevegen. Staden har fått namnet sitt etter ein 4 meter høg steinkross som vart reist av kong Olav den Heilage under kristninga av Norge. Med si gode gjestehamn har Korssund eit myldrande båtliv om sommaren.

9. Dalsfjordveka


I august kvart år kan ein oppleve Dalsfjordveka - ein festival med spennande kulturopplevingar. Arrangementa spenner frå trend til tradisjon, og er for heile familien. 

10. Teaterfestival

I Fjaler kan ein oppleve den einaste teaterfestivalen i Sogn og Fjordane. Festivalen blir arrangert andre helga i september, og har både nasjonale og internasjonale innslag. Fleire av arrangementa er utandørs, og arrangørane lovar at årets teaterfestival blir vill, vakker og våt! 

Foto: Monica J. Haugen.

Velkommen til fagre Fjaler! 



2 kommentarer: