torsdag 14. mai 2015

Opplev Solund!


Drøymer du om ein tur til Solund? 
Her finn du 10 grunnar til kvifor du bør ta turen til øyriket i havgapet! 


1. Opplev øyriket Solund

 Foto: Utvær/Anne-May Waage.

Ytterst i Sognefjorden ligg Solund, eit fantastisk øyriket med meir enn 1700 øyar, holmar og skjær. Omkransa av storhavet byr Solund på naturopplevingar av dei sjeldne. 

2. Landskapet

Foto: Lågøystolane/hanrune.no

Landskapet i Solund er unikt og fascinerer dei fleste. Her dominerer den sjeldne bergarten konglomerat, og fleire stader ligg det store steinar frå istida. Spesielt imponerande er Lågøystolane, nokre gigantiske steinar som ligg på ein liten holme midt i kommunen. 

3. Øyhopping


Foto: Visit FjordKysten

Kvar sommar, frå midten av juni til midten av august, kan du bli med den lokale postbåten på øyhopping i Solund. Lonely Planet Magazine kaller turen "den beste øyhoppinga i Norge" og har turen med på lista for den perfekte ferien i Norge! 

4. Lengst vest i Norge 

Foto: Utvær i Solund/Merete T.Mellingen

Du kjem ikkje lenger vest i Norge enn til Solund. Den idylliske øygruppa Utvær er Norges vestlegaste punkt. Her ligg Utvær fyr, og om sommaren kan ein vere med på fyrsafari til Utvær.


5. Kajakkpadling 


Foto: Kajakkpadling i Solund/Visit FjordKysten

Solund er eit av Norges beste områder for kajakkpadling. Dei mange øyane skjermer for vind og bølgjer, mens det på godværsdagar er kort veg ut på det mektige storhavet. 

Solund Natur og Kystkulturakademiet tilbyr kajakkurs, guida turar og utleige av utstyr.

6. Fot- og fjellturar


Foto: utsikt frå Pollatinden/Visit FjordKysten

Solund byr på flotte fot- og fjellturar. I heile kommunen finn ein godt merka turløyper i variert terreng. Pollatinden (541 m.o.h.) er den nest høgste toppen i kommunen og gir storslått utsikt over øyriket frå toppen. Frå kommunesenteret Hardbakke er Ramnenipa (230 m.o.h.) eit populært turmål. 

7. Sykkelturar i øyriket


 Foto: sykkeltur i Ytre-Solund/hanrune.no

Med lite trafikk og lett kupperte vegar har Solund gode forhold for sykling. Om du ikkje har med eigen sykkel, har Solund Turistinformasjon sykkelutleige.

Sykkelturar i Solund.

8. Smak av Solund 


Foto: hanrune.no

Solund er omkransa av storhavet og har lokalmat av ypperste klasse. Solundmat tilbyr lokalprodusert fisk, skaldyr og produkt av villsau. Om sommaren kan du nyte herlege matrettar på restauranten Solund Bryggje og Havkroa i Hjønnevåg. 

9. Villsaufestival

Foto: Solund Villsaufestival

I Solund er det ikkje uvanleg å sjå sauer som beiter i fjæra. 26.-28.juni 2015 inviterer Solund til Villsaufestival. Bli med på kurs og aktivitetar for heile familien, og opplev ein spennande marknad med lokalt, nasjonalt og internasjonalt preg. 

10. Historia

Solund har ei spennande historie som går heilt tilbake til steinalderen. Eit av dei eldste skjeletta i Norge er funne i Solund. På Utvær kan ein sjå spor etter der vikingane slipte sverda sine før dei reiste vestover på tokt. 


Foto: Sverre Bjune. 

Er du frista? Velkommen til Solund! 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar