lørdag 7. oktober 2017

"Å komme heim" av gjestebloggar Karina Nybø



Å komme heim

Før, til dømes det året eg gjekk på folkehøgskule i Telemark, då folk spurde meg kor eg er frå – brukte  eg å svare noko vagt og uspesifikt, som ”Vestlandet” eller ”Sogn og Fjordane”. Få veit Sunnfjord ligg, eller har høyrt om den vesle øya eg kjem frå. Eg syntast det var strevsamt å prøve å forklare kor eg er frå, og kanskje til og med at det var litt flaut å være frå ein liten plass som knapt ingen hadde høyrt om, når ”alle andre” kom frå byar dei fleste kjenner til – slik kjentest det i alle fall. Eg lærde raskt at dei fleste (austlendingar) vil anta at du kjem frå Sunnmøre når dei høyrer dialekta di – dette må ein rett og slett finne seg i når ein er Sogn og Fjording. No derimot, er eg litt eldre enn då, og kanskje difor meir sjølvsikker. Når folk spør, svarar eg stolt at eg kjem frå ei lita øy langt vest i havet med omtrent 200 innbyggjarar: Værlandet. Eg vil ta deg, lesar, med på ein liten tur dit.

Eg reiser ikkje så ofte heim, no når eg studerer vert dette berre mellom semestera, altså i juleferien og i sommarferien. Det tek nemleg litt tid å komme heim, men dette ser eg på som litt av sjarmen ved det å komme heim. Ei lang reise gjer at ein verkeleg set pris på å komme fram til målet, når endeleg ferjelemmen senker seg ned på kaia og eg kan gå av etter ei lang reise med mykje kikking ut av bussvindauget og filosoferinga over livet som følgjer naturleg med det.

Utsikta mot Alden, frå båt. Foto: Karina Nybø

Det første som møter meg, er den gode lukta av havet. Det er noko heilt spesielt ved denne lukta, og eg får ei ro over meg når eg fyller lungene med frisk havluft. Då er eg endeleg heime. Eg har budd andre stader som ligg ved havet: Florø, Oslo og Trondheim – men ingen av desse stadene har den same friske havlufta som heime. Ein må rett og slett dra litt lenger ut i havet for å kunne kjenne denne, har eg skjønt. Her ute er det ingenting anna som kamuflerer den reine, gode lukta av hav og tang i fjærekanten.

Blikkstille sjø, nær fergekaia på Værlandet med utsikt austover mot Askvoll. Foto: Karina Nybø

Vidare, når eg ruslar heimover, ser eg gjerne noko av det rike dyrelivet som lever saman med menneska her ute. Den majestetiske havørna sirklar over himmelen, tjeldepar vaktar reira sine ved sjøkanten og kjem med sine smått nervøse skrik om ein kjem for nære. Oter leikar i fjæresteinane. Skarven tørker vingane sine på eit skjær med ein langhalsa hegre like ved. Eg smiler for meg sjølv og tenkjer på at desse dyra får leve stort sett i fred med menneska her ute i øyane.

Det er eit rikt fugleliv ute i øyriket. Foto: Karina Nybø

Eg kikkar bort på den majestetiske Alden, det 480 meter høge fjellet som ragar rett opp frå havet og som eg ser ut av stoveglaset mitt heime. Der skal eg nok ta meg ein tur opp medan eg er heime. Uansett vêr er det ein kjempeflott tur med utsikt over øyane her ute. Der kan ein sjå ut mot nabo-øysamfunnet Bulandet, som har vegforbindelse med sju bruer frå Værlandet. Ut dit må eg også ta meg ein sykkeltur over bruene. Dette er ein god trimtur i fantastisk natur og med varierte omgjevnader. Bulandet er også veldig spesielt med sine 365 små øyer og holmar, og eit av dei vestlegaste bebudde samfunna i Noreg.

Utsikt over Værlandet og Alden frå Høgkletten, 165 m.o.h. Ein fin liten tur med flott utsikt. Foto: Karina Nybø

Om natta, om det er stjerneklårt, likar eg å kikke opp på stjernehimmelen, som er noko heilt anna enn den eg får sett i til dømes Trondheim der eg held til til vanleg. Ein ser så mange fleire stjerner, og Melkeveien som eit lyst belte over himmelkvelvingen. Eller, om sommaren, berre å være ute til langt på kveld og gå ein av dei mange turstiane som finnast her ute, som er laga av på dugnad, som så mykje anna her ute. Dei som bur her ute i øyane er vande med å gjere sin del av det felles arbeidet med å gjere dette samfunnet til gode for alle som bur og ferdast her. Det å ta seg ein joggetur ute på lyngheiene er noko eg alltid ser fram til når eg kjem heim.



 Noko av det ein kan sjå på nokre av dei mange flotte turstiane på Værlandet. Foto: Karina Nybø


Om vinteren frys gjerne nokre av dei grunne vatna, og då tek heile familien med seg niste og kakao og går på skøyter i timesvis. Om sommaren når det er varmt, samlast mange og tek seg eit deilig bad enten i eit av desse vatna, eller i havet. Rett ved der eg bur er det ei fjære som vi har brukt å bade og leike i. Vi finn krabber og eremittkreps, kastar flyndre og byggjer steinhus. Som barn vart vi aldri leie av å leike i fjæra om sommaren.

Om vinteren er det populært å stå på skøyter til dømes på Kråkevatnet, med Høgkletten i bakgrunnen. Foto: Karina Nybø

Noko som eg også alltid må gjere når eg er heime om sommaren, er å dra ut med båt. I sommar hadde eg ein fantastisk fisketur saman med brørne mine. Det var heilt blikkstilt på havet, og vi reiste ut med motorbåten og kjende den varme gode vinden i håret medan båten suste over bølgene. Då vi kom fram til fiskeplassen, var sola i ferd med å gå ned og Alden vart farga raud av solnedgangen. Eg og brørne mine satt i båten og fiska medan vi diskuterte kva det var som gjorde at solnedgangen var raud. Medan vi drog opp fangsten vår, stakk ein kobbe hovudet opp og kikka nysgjerrig på oss rett ved båten. Havørna flaug over hovuda våre, og jammen såg vi ikkje ein flokk med nise som symde ikkje langt frå der vi låg og duppa i det blikstille vatnet.

Solnedgang over Værlandet. Foto: Karina Nybø

Det er alltid godt å komme heim, og kjenne på den ekte roen av naturen her ute. Eg er ikkje lenger flau når eg seier kor eg er frå. Eg er stolt over å komme frå ein så vakker og særeigen plass, og viser gjerne bilete heimefrå, for som du sikkert har skjønt er det ikkje vanskeleg å ta flotte naturbilete her ute. Kanskje tar du, lesar, turen ut til øyene langt vest i havet ein gong, så får du også oppleve denne unike kjensla av friheit og ro. Bilete og tekst kan berre prøve å beskrive det. Det må rett og slett opplevast.


Karina, 22 år frå Værlandet


1 kommentar:

  1. For ei fin skildring av den flotte naturen og roen som finst der ute i havgapet. Har vore ut på Værlandet og Bulandet ein gang og JA det var flott der ute. Deler innlegget ditt på min blogg, med anbefalinger om å ta turen til ditt paradis.

    SvarSlett