onsdag 11. oktober 2017

Hyllestad - Fjordkysten sitt vakraste eventyr



Gjestebloggar denne veka er Kristina Robinson. Ho er fødd og oppvaksen i Hyllestad, og bur for tida i Bodø der ho er trainee gjennom Trainee Salten. 


HYLLESTAD - FJORDKYSTEN SITT VAKRASTE EVENTYR

 Kristina Robinson

Lyden av båtar på veg ut i Åfjorden, synet av Alden i det fjerne, leik frå havørna ute i fjorden, eit friskt kveldsbad i fjæra, ein spretten makrell som bit på, vandring gjennom vikingtid, smaken av sjølvplukka blåbær på veg inn i marka og dei slitne beina som traskar ned att frå fjelltoppen etter utsikta har gjort deg mållaus. Dette er berre ein liten smakebit av kva du kan oppleve om du tar turen til Hyllestad.

Eg kan fortelje deg at du kan leige båt på Sørbøvåg og reise på fisketur i fjorden, eller kanskje det freistar å reise på oppdagingsferd i kajakken. Har du ein appetitt for kultur og historie har vi mykje spanande å by på, blant anna den Trondhjemske postvei, kvernhusa i Skor og ein gamal kyrkjegard. Eg kan tipse om kulturvandring og rykande fersk bålkaffi i Kvernsteinsparken. Når du først er i parken vil du ikkje kunne motstå å handle heimelaga keramikk kunst av Pixie Sowerby og kvernsteinssmykker frå Åfjordstein. Er du interessert i andre verdskrighistorie, kan eg kort nemne at Hyllestad har rike forteljingar, fleire bunkersar og eit fort på Nesje du kan betrakte. Kanskje er du ein som likar å drøyme deg vekk i vakker kunst, og då anbefaler eg ein tur innom Atelier Holst. Jagar du eventyr, kan eg peike deg i retning Lifjorden. Gjennom svingar, smale veger, rygg tilbake til nærmaste utkøyrsle, vink til smilande forbipasserande, pass opp for lamaer og vidare rundt eit vatn og du er i ein levande akvarell. I Lifjorden kan du sjå kvar Noregs første flyulukke fant stad, det er også her du parkerer om du skal leggje i veg opp på den berømte Lihesten. Når din indre Askeladd treng ein pust i bakken, anbefaler eg middag og ei kald utepils på Hotel Sognefjord, og då helst ei frå Skifjorden bryggeri.

Det er mangt eg kan avertere om opplevingar i Hyllestad, men eg ynskje å avsløre min familie sine Hyllestad favorittar. Er du som oss, glad i å bruke sansane og kroppen ute i naturen og frisk luft, vil eg skildre to eventyrlege utfluktar som vil falle i god jord.


Ungdomslagshytta

Ved ungdomslaghytta. Foto: Kristina Robinson

Pakk med deg freistande niste, litt grillmat og ved, fiskestong, har du ei hengekøye ta den med, ei god bok, kortstokk og ein sovepose. Parker bilen ved Lonaelva på Løland, og følg skogsvegen inn til ungdomslagshytta som ligg ved Heggetjønna. Det er cirka 45 min å gå inn til hytta frå parkeringsplassen. På vegen inn i skogen kan du stoppe for å plukke blåbær, følgje fotspora til hjorten, gå på fotosafari, prøve fiskelykka i elva, høyre gjøken gale og leite etter kantarellar. Ved ungdomslagshytta er det bygd opp eit fint uteområde med bålplass der du kan grille og kose deg med ein kopp kaffi. I vatnet kan du bade og fiske etter kjø, og om vinteren gå på skøyter. Kringom hytta kan du gå på oppdagingsferder, og er du glad i leik er gøymespel og bygging av hinderbaner perfekt. Eller rett og slett nyt roen og knyt ei hengekøye mellom to tre og les ei god bok.

Når du er klar for å krype inn i soveposen, kan du anten slå opp eit telt eller nytte deg av hytta som har 8 sengeplassar. Hytta har utedo og ingen straum, så det kan vere lurt å ta med seg ved eller kol til grill/ bål.


Hesjetinden

Utsikt frå Hesjetinden. Foto: Bjarte Urnes

Hyllestad har mange flotte fjellturar å smykke seg med, og ein av yndlingane er Hesjetinden 492 moh. Hesjetinden er ein lett topptur som tar cirka 1 time opp og passer både for seniorar, vaksne og born. Det fører fleire stiar til toppen, men eg plar gå i frå Øverås eller Akse. Når eg går frå Øverås parkerer eg ved sidan av Mørketjørna, og det er merka sti heile vegen. Går eg frå Akse, parkerer eg ved Sætre, også her er det skilt og merka sti til toppen. Langs stien kan du drøyme deg vekk og la tankane flyte, mens du smakar på bær og plukkar skogsgull (anbefaler å ta med eit nett). På toppen kan du kike rett ut i Åfjorden og beundre den majestetiske Lihestveggen. Ynskjer du å spandere på deg ein heil dag i fjellet og ein natt under stjernehimmel, er Hesjetinden ypparleg for telting og fiske med fleire vatn i området.


Overnatting

Når du har gått langt og lengre enn langt, og ikkje er heilt klar for å forlate eventyret heilt ytst i Sognefjorden, kan eg anbefale fleire overnattingsplassar. Er du campingtypen, må du sjekke ut Birkeland camping. Vil du sove i mjuke senger og vakne opp til hotellfrukost må du ta turen til Hotel Sognefjord. Blei du forelska i Lifjorden, kontakt Hatlems hytter eller ein av dei mange hytteutleigarane. Fekk du ikkje nok av Sørbøvåg? Høyr med Fjordkick feriehus. Og vil du ha ein kjensle av det sjeldne som du seint vil gløyme, aleine i naturen, nattbad i stamp og ein god kveldsprat i ei varm gamme, tilrår eg at du reiser til Løvli.


Sjåast i Hyllestad!

Kristina Robinson



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar