fredag 24. november 2017

Frå 0 til nesten 1400 moh.


Gjestebloggar denne veka er Siri Bjorstad Hjermann. Ho kjem frå Øystese, og flytta frå fjord til kyst for å jobbe som lærar på Flora Vidaregåande skule. Siri legg ut flotte bilete på Instagram under namnet iriseye67

Frå fjære til fyr, frå fjord til fjell. 




Slik er Flora kommune: Frå øyar til keipar, niper, bør og bre. Når ein køyrer Riksveg 5 går det rett vest mellom niper og fjell, og augneblinken når terrenget opnar seg og horisonten kjem fram er makalaus. Siste stopp på vegen er Florø, skal ein lenger vest må ein legga på svøm. Florølandet ligg flatt som eit golv, med unntak av Store- og Lilleåsen, og namnet Florø kjem visstnok av det engelske «floor» som igjen stammar frå norrønt. Denne kommunen som eg flytta til for 22 år sidan, byr på eit mangfald av kontrastfylte turar. Eg vaks opp ved Hardangerfjorden, og ut stoveglaset i Øystese såg eg rett over fjorden på Folgefonna. At heimtraktene mine har vore ettertrakta reisemål sidan 1800-talet er lett å forstå. Det er alltid godt å vera heime i Hardanger, men etter å ha budd så lenge ved havet  kjenner eg at det er dette opne, værharde landskapet som har blitt heime for meg.


Ut i øyane


Etter nokre månadar i Florø vart eg kreftsjuk, og måtte venta ein månad på operasjon. Eg kontakta Gunnhild Bjelland, som leigde ut rorbuer i øyane. Ho hadde sesongstengt, men leigde likevel ut den minste rorbua si. Slik hadde det seg at den første turen min i Flora kommune gjekk til topps på den ruvande, røffe øya Store-Batalden (492 moh) midt i mørke desember. Gunnhild redda psyken min og kirurgar tok seg av sjukdomen. Batalden har etter dette hatt ein spesiell plass i hjarta mitt. På seinare turar her har eg opplevd havblikk og sommarvarme, men mest minnerik er for alltid den første turen, då motbakkane var tyngst. Søren Kierkegaard sa så klokt at: «Jeg går meg til de beste tanker, og jeg kjenner ikke en tanke så tung at man ikke kan gå fra den. Når man slik fortsetter å gå, går det nok.»


Over skodda


Vakker utsikt frå Håsteinen. Foto: Siri Bjorstad Hjermann

Den andre turen min gjekk til Håsteinen, (964 moh.) - opp skogsvegen, forbi det idylliske Høydalsvatnet, over elva og så opp bratte Breiskåra på den smale stien. Vel oppe vart eg snytt for utsynet, skodda hadde sige på og berre fjelltoppane var synlege, som små skjær i sjøen. Det frodige landskapet og havet med alle øyane var vekk. Seinare har eg vore på toppen og sett kva eg gjekk glipp av. Frå kjøkenglaset mitt ser eg dagleg rett aust på Håsteinen, Skålefjellet og Strandanipa, gjennom kikkerten ser eg til og med varden på Haukåbøra (1065 moh.). Nokre turar går eg gjerne og ofte, men Børa, som Haukåbøra blir kalla, er ikkje ein av desse. Mannen min har masa på meg i årevis om å gå dit, og siste helga i august fekk han meg endeleg med.  Det er ein variert og spennande tur, så eg vil absolutt tilrå turen!


Haukåbøra sett frå Børabu. Foto: Siri Bjorstad Hjermann


Mellom kontrastar


Børa-turen byrjar med 100 meter på asfalt. Parker ved Nordalsfjorden-skiltet, og gå eit kvarters tid i lett terreng til Haukåvatnet. Der er det like fint midtsommars som når snøen ligg djup eller syndefloden silar ned. Tru meg, eg har prøvt alle variantane. Den eine sida av vatnet er frodig myrlendt, eventyrtrær står til knes i vatn ved ein gammal støl, medan den andre sida er full av svære, golde steinar i fine formasjonar. Alt dette speglar seg så magisk i vindstilla. Du balanserer over ei smal trebru, vestover kastar fossen seg utfor, du skimtar så vidt Batalden ute i havet og steile fjell heng over deg.


På veg mot Børa. Foto: Siri Bjorstad Hjermann

Så ventar eit Hobbit-aktig steinlandskap dekka av irrgrøn, tjukk mose. Litt etter sildrar lyset ned gjennom tette lauvtre, det er bratt, andpusten vinn du høgdemetrar, og ved hjelp av ein kjetting klyv du lett opp det brattaste partiet, sjølv med litt høgdeskrekk. Du passerer Grisebotsvatnet, og undrast over korleis eit så spektakulært vatn kan ha eit slikt namn, du passerer små dalar og frodige fjellsider som vert stadig brattare og meir aude. I det fjerne skimtast den tidlegare turlagshytta Børabu like ved demningen. Vel oppe ved varden på den steinete, litt ugjestmilde og aldeles imponerande og unike Børa ser du seglingsmerket Alden, sjøklippen Hornelen og heilt til oljeplattformane.


Mikroekspedisjonar


Flora har 14 toppar over 1000 meter, og breier seg over om lag 650 kvadratkilometer. Men ein treng ikkje gå verken høgt eller langt; nærområda eignar seg til mikroekspedisjonar. Ut det andre kjøkenglaset mitt ser eg rett på Storåsen (100 moh) der Wehrmacht bygde anlegg under andre verdskrig, og der ein student budde 4 månadar i telt, inntil prosjektet hans regna vekk. Etter få minutts gange over Storåsen sit eg på ein benk med panoramautsikt mot solnedgang, horisont, øyar og båtar. Uansett vær og årstid er det fint å ta kveldsturen hit, eller sørover til Sørstrand Folkepark, der bruer forbind holmar med fastlandet like ved flyplassen. Det er spesielt å stå der når eit Wiederøe-fly går inn for landing, når vinden brølar og du knapt held deg på beina. På sandstranda her er det forresten fint å bada, året rundt! Mange padlar mellom holmar eller ut mot øyane, uansett vindstyrke eller -retning kan ein finna ei eigna padlerute i nærområdet nord, sør, aust eller vest for Florø.


Sørstrand Folkepark. Foto: Siri Hjermann

Då eg fylte 50 i sommar gav mann og døtre meg ein mikroekspedisjon. Eg elskar å vera på reisefot, men familien veit godt kva stader eg likar for trim, kontemplasjon eller fotosafari. Dagen før dagen vart eg «kidnappa», og etter ymse krumspring og ein biltur med bind for augo, kom me til eit naust der kajakk og kano låg klar, og så padla me ut til holmen i Kvalvika. 

Ein glad 50-åring i Kvalvika

På PC-en har eg hundrevis av bilete av Kvalvikholmen med sitt eine tre, i all slags vær året rundt. Eg fekk eingongsgrill-lunch og nærkontakt både med «treet mitt» og to svært sosiale sauer, før me tilbragte natta på Eikefjordstøylen. Betre overgang mellom to 10-år kunne eg ikkje fått. Døgnet var som tittelen på boka til Arve Sandal og Arve Ullabø: «REIN LUKSUS.»


Sauer i Kvalvika. Foto: Siri Bjorstad Hjermann

Frå brunostskiver til delikatesser


Det er mange høgder i kommunen, og nokre av desse er store på smak, men med småletne namn. I trivelege, små lokale i Florø finn ein Vesle Kinn og Lille Marked, som begge byr på smakfulle mat- eller drikkeopplevingar. Nista mi er ofte kvardagslege brunostskiver, men eg lærte noko då eg var med ein lystig flokk tøtter på tur. Vel oppe ved varden trylla dei fram velsmakande ostar, skinke, oliven og berykta blings frå «Lille Marked». Ei hadde til og med bore ei flaske Prosecco og jordbær til topps! Det var tett skodde og lite å sjå, men ein høydare likevel. Kontrastar og variasjon gjer seg i matboksen så vel som i naturen! Eg må innrømma at eg seinare i mild februarsol har ete sushi frå Thai Isaan Restaurant, med beina dinglande frå brua over Haukåvatnet.


Tur og retur. Opptur, men ingen nedtur


Då eg vart spurt om å dela turfavorittar fekk eg eit problem; det er så mange å velja blant. Eg kunne ha skildra den augustkvelden eg kom opp på kvardagsfavoritten Hatlesetnipa (583 moh.) og fekk med meg ein liten konsert, då ei mor og to søner lufta gitaren. Eg kunne ha fortalt inngåande om redsla og sigerskjensla høgdeskrekken gav meg, då eg ein grå julikveld let meg lokka rundt den særprega, aldeles eineståande øya Kinn. Eg kunne ha teke deg med på vandring over den frodige, frie øya Askrova. Eg kunne ha vist deg Tjofjellet (350 moh.) ein tur så flott at ho som tipsa meg om den fekk roser som takk. Og ikkje minst kunne eg ha sett ord på det eg såg og høyrte ut vindauget på Kvanhovden fyr, den vindfulle septembernatta då eg overnatta der.


Utsikt over Askrova. Foto: Siri Bjorstad Hjermann

Flora kommune: frå fyr til fjære, frå fjord til fjell, frå morgon til kveld. Året rundt ventar naturopplevingane på oss, godt skildra i bøkene «Opptur Sogn og Fjordane» eller Flora Turlag si «Turbok» frå 2016. I ein slik natur er det ikkje vanskeleg å ta Tomas Espedal sin boktittel som ei utfordring: «Gå. Eller kunsten å leve et vilt poetisk liv.» 


God tur!

Siri Bjorstad Hjermann

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar