fredag 27. oktober 2017

Mine favorittar i Gulen


Gjestebloggar denne veka er Merete Mellingen (54). Ho bur i Åsane og har hytte i Dingja i Gulen.


Naust på Brekke. Foto: Merete Mellingen


Mine favorittar i Gulen


Gulen er ein flott kommune med mykje fjell og flotte fjordar rundt seg. Idylliske Dingja er min favorittplass. Her har me hatt hytte sidan 1999, heilt på neset med panoramautsikt til Sognesjøen.

I Dingja er det ei nydeleg sandstrand, og visa til Terje Nilsen "Æ lengta ofte utover te' Mjelle, når vintern kommer krypan kaill og kvit. For stranda ligg så still oppunder fjellet og ainna folk tar sjelden turen dit" er ganske beskrivande om denne vakre bygda. Denne visa med litt omskrivingar er Dingjarane sin eigen song, og vert titt og ofte sunge. I Dingja er det ei flott gjestehamn der du kan ankre opp og berre nyte den flotte bygda. Både Trogefjellet og Sagefjellet kan by på flott turterreng. Løypene er merka. Utsikta du får frå toppen er fantastisk flott. På heilt klare dagar kan ein frå Trogefjellet sjå boreplattformene. Dingjavatnet er kjempesvært. Egnar seg godt til å gå tur langs, men endå gøyare med kano/kayakk. Flotte ørreter kan du få på kroken om du har fiskelykke. Å ta turen ut til Dingeneset fyr er ein flott opplevelse. Då kjem du tett på Sognesjøen med flott utsikt til alle kantar.

Dingja i Gulen. Foto: Merete Mellingen

Frå hytta vår ser vi rett øve til Straume på Hisarøyna. I år vart me tipsa om Hisarøydagen og tok turen. Det var utruleg kjekt. Aktivitetane gjekk føre seg på skulehuset. Hesteskokasting, luftgeværskyting, spikerslåing og basar er berre nokon av tinga du kunne være med på. Me kjem gjerne igjen.

I mai 2007 opna vegstrekningen mellom Sollibotn og Dingja. Ikkje så lange strekket, men du verden så vakkert. Eivindvik er kommunesentrum i Gulen. Det er ein fast møteplass. Etter ein koseleg handletur på «Sparen» er ein god prat med kaffi og noko godt å bite i på Design Flores. Kjempegod atmosfære, veldig hyggeleg betjening og du kan nyta både blomster, kunst og flott utsikt til vågen.


Nattehimmel over Tingveggen på Tusenårsstaden Gulatinget. Foto: Merete Mellingen


Tusenårsstaden Gulatinget er vel verdt eit besøk. Den flotte tingveggen er eit mektig syn. Flotte turstiar å rusle rundt på, med historisk sus. Husker ein gong eg var der på nattfotografering saman med mannen min. Plutseleg høyrde vi ein løyen lyd…tsk tsk tsk… Lyden kom nærare og nærare og vi såg ikkje kva som lagde lyden. Den følelsen når du står der i stummande mørke og ein endeleg, etter eit hopp, kvepp og nesten besvim av skrekk, oppdagar at det er ein nymotens robotgrasklippar som køyrer rett ved beina dine. Ruver ikkje høgt i terrenget den, hehehe!

Du må gjerne prøve lukka med å få sverdet laust frå steinen på Gulatinget. Kanskje er det du som vert konge?

Sverd i stein ved Gulatinget. Foto: Petur Thor Photography


Berre så det er sagt, Gulen har jo eigen konge dei! På Skjerjehamn står det flotte monumentet av Kong Olav V. Eit midtpunkt under Utkant festivalen der han blir omkransa av folk, akkurat slik folkekongen likte. Vi tar titt og ofte båtturen ut til Skjerjehamn. Flott å rusle rundt og sjå på bygningar og området. Der er også ein artig liten landhandel. Fiskesuppa er eit «must» det går gjetord om. Rett og slett heilt konge!

Under Utkantfestivalen. Foto: Merete Mellingen

På Mjømna er det ein kjempeflott camping med båtutleige. Vi tar ofte turen i skjergarden der. Godt fiske og veldig idyllisk. Vest og nordvest for vakre Byrknesøy ligg det omlag 1000 øyer og holmar ein kan gå i land på, grille og kose seg. Ofte ser ein ørn, og er du heldig får du også sjå havoteren. Vegen er kort ut i havet til storfiske.

Byrknes. Foto: Merete Mellingen

Sognesjøen og fjordane rundt er ein opplevelse. Flotte kystsamfunn, godt fiske og eit rikt fugleliv. Kobbe kan du også møte på. Eg er ikkje så tøff under vatn, men Gulen Dykkesenter kan gje deg mange mogelegheiter. Du kan dykke på skipsvrak frå 2. verdskrig, eller jakte på den vakre maneta Periphylla Periphylla, også kalla Kronemanet.

Hjort er det mykje av i Gulen og det er heilt fantastisk å gå våren i møte med å få oppleve kolla med prikkete kalv. Du ser dei tidleg om morgonen og seint om ettermiddagen/kvelden. Om hausten er det grådig spennande med lokkejakt. Eg jakter best med kamera, og har ennå tilgode å fange storbukken på brikka - men håpet er no der.

Dette er litt av det eg likar å gjere i Gulen. Det er berre å ta turen for her står opplevelsane i kø!

Merete Mellingen

Til slutt litt om bakgrunnen for fotointeressa mi
Eg fekk malignt melanom (føflekkreft) i 2007 med spredning i 2011. Det vart ein kjempesvær operasjon med mange strålingar i etterkant. Ein av seinskadane er lymfødem i beinet. Ein annan etterskade er fatiqe, være veldig trøytt, ukonsentrert og gløyme lett. Det var då legen på Haukeland fortalde at dette var kjende biverknader og at dei ofte blei verande eg bestemte meg for at dette ville eg prøve å gjere noko med. I 2013 måtte lære meg noko nytt for å gje føde til hjernen. Då vart valet fotografering med manuelle innstillingar. Hjelpe meg kor vanskeleg dette var. Eg trudde aldri eg skulle klare å hugse kva ISO, lukker og blender var for noko! No har eg levert bileter til Fjordkysten i fleire år og har hatt 2 utstillingar, den første på Design Flores i Eivindvik i fjor haust. Stor stas. Det du kan tenkje på når du ser bileta mine er at eg ikkje lenger kan gå på tur i fjell og mark på grunn av dei etterskadane eg har fått. Så alle mine bileter er tatt enten frå båt, bil, ein terrasse eller kai. Det gjeld berre å finne andre måter å komme seg ut i naturen på, og eg storkoser meg med det. Har du lyst til å sjå fleire av bileta mine? Du finn meg på Instagram under namnet photomerete

2 kommentarer:

  1. Kjempeflott skrevet Merete, og bildene dine er jo alltid like fine:-)

    SvarSlett