fredag 12. oktober 2018

Tur til Veten i Bremanger



Veten  - lengst vest over 500 meter


Gjestebloggar er Jørund Nygård, født og oppvaksen i Bremanger, der han òg har jobba som turistvert. I dag bur og studerer han i Oslo, der han slit med kronisk heimlengsel til fjella og strendene i Bremanger.




Det som gjer turen til Veten (527 moh) i Bremanger spesiell, er ikkje berre at det er Norge sin vestlegaste fjelltopp over 500 høgdemeter. Det er òg det varierte og særmerka terrenget på vegen opp, det unike skuet over ei av Norge sine finaste strender, og den fantastiske utsikta over eit heilt opent hav som ein møter på toppen.

Tid: 4 timar tur/retur
Lengde: 4 km kvar veg, 575 meter stigning
Sesong: Alle (Men pass på tåke og vindstyrke)
Vanskelighetsgrad: Middels (umerka)

Turen startar på den populære sandstranda Grotlesanden ytst på Grotle på øya Bremangerlandet. Frå snuplassen går ein mot høgre langs nausta til ei fjellgrind der stien byrjar. Her kan ein sjå støypte fundament. Dette er faktisk ei av dei få restane som er igjen av ei taubane til toppen som den tyske okkupasjonsmakta fekk bygga under krigen. Målet med taubana var nok ikkje sightseeing og masseturisme, men heller å få opp byggemateriale og forsyningar til observasjonsposten dei hadde på Veten.


Turstart er ved Grotlesanden



Veten er eit særs vanleg namn på fjelltoppar langs med norskekysten. Ordet vete betyr ildvarde, og ein hadde frå vikingtida av eit stort system av desse, slik at ein raskt kunne mobilisere heile landet til krig.

Frå grinda ser fjellsida oppover ved første augekast ikkje spesielt framkommeleg ut, men stien er tydeleg og trygg med jamn stigning til ein kjem til Grolsdalen etter 300 høgdemeter. 



Utsikta etter den første stigninga må kunne seiast å vere verdt turen aleine. 


Utsikt utover Bremangerpollen og Nordsjøen under oppstigning



Vidare, så kryssar en ei elv og går i flatt terreng i 700-800 meter før ein har ei ny stigning på 200 høgdemeter. Her er ein oppe på Vetenplatået, det vestlegaste fjellplatået i Norge. Terrenget her er lett og grassdekt med innslag av lyng og myr. Ein ser ein stor varde i vest, og følger stien dit. 



Målet er varden på høgda framme



Vel framme kan ein skrive seg inn i turboka som er utplassert. Ettersom stadig fleire har oppdaga denne perla av ein tur, har turlaget og fjelltrimmen i Bremanger måtte bytte ut denne turboka med aukande frekvens. Ein god del av æra for å ha gjort turen meir kjend skal nok motbakkeløpet Vetenløpet ha, som har blitt arrangert sidan 2005. Kenyanske John Sompol sprang opp her på rekordtida 25 min og 28 sek, medan ein vanlegvis brukar en dryg time opp med rask gonge.



Frå Vetenløpet 2018. 


I haust blir det bygd ei flott ny dagsturhytte på Veten med bibliotek til glede for turgåarar. Dette blir derimot ikkje den første hytta på Veten, tyskarane bygde òg ei hytte her under krigen som ein del av eit større observasjonsanlegg for å overvake kysten. Denne hytta er det få spor igjen av. 

I barndommen høyrde eg fleire gongar at om det var klart nok i lufta - så kunne ein sjå heilt til Shetland og Færøyene som ligg rett vest. Men same kor mykje eg sto på tå eller stirra i kikkerten, såg eg det aldri. Det er heller ikkje så rart, ettersom dei ligg et par hundre kilometer for langt vest, og dermed forsvinn bak horisonten. Så om ein har ein bekjent som hevdar jorda er flat, så kan ein ta han med på Veten for å avkrefte dette.



Varden på Veten med utsyn over havet i vest. Framme er det bratte stup i Olderveggen der det åpne storhavet knuser inn i fjellvegen. Dette sjøpartiet er frykta og er ufarbart ved dårleg vêr.



Dersom ein synest stien ein gjekk opp frå Grotlesanden blir vel bratt å gå ned igjen, kan ein i staden for å gå ned igjen i Grolsdalen, fortsette sti austover til ein kjem til ein grusveg for ATV nedover til Iglandsvik, om lag 1,5 km frå Grotlesanden. 

Har ein derimot lyst til å utvide turen, kan ein frå Veten utforske Vetenplatået, som dekkjer ein stor del av Bremangerlandet. Nordaustover, forbi Tussevikvatnet, kjem ein til Nonsfjellet der ein ser ned stupet til sandstranda i idylliske Vetvika. I nærleiken er det, utruleg nok, ein stupbratt sti ned klippene til Vetvika som sjeldan blir brukt. Dette må nok vere ein av dei brattaste og skumlaste stiane i Norge, og det finst tryggare alternativ lengre nordaust om ein vil ta turen ned. 

Austover er det ein rekke stiar over platået til forskjellige fjell og høgdedrag som er lette å bestige om ein vil gjere turen til ein full dagstur. Mange av toppane har bøker som ein del av fjelltrimmen i Bremanger. Det er fleire nedstigningar frå platået tilbake til Bremanger-bygdene, så turen kan ein gjere så lang eller kort som ein vil. Om ein står parkert på Grotlesanden kan ein jo berre bestille taxi tilbake. Platået har ypparlege forhald for å komme seg fram med terrengsykkel, og på vinterstid er det flott å gå en heildagstur på ski her. 



Frå Vetenplatået - sørover ser ein Frøyalandet der den populære turiststaden Kalvåg ligg. Vidare i horisonten er fjelløya Batalden og flotte Kinn med sitt karakteristiske kløyvde fjell i Floraskjergarden.

Tar du turen og besøker Bremanger vil du få servert gode natur- og kulturopplevingar. Det er flotte moglegheiter for fisking, og på hausten og vinteren er det ypparlege forhald for stormwatching. Det finst mange flotte overnattings- og etestader i nærleiken. For ei oppleving utanom det vanlege kan du overnatte i sjarmerande rorbuer hos enten Veljebua, Åkrebua og Kjelstad Feriehytter. Dyrstad Hytter byr på overnatting ved den idylliske Nordgulenfjorden.

Det finst fleire fine hotell i Bremanger. Bremanger Fjordhotell byr på nyoppussa rom og restaurant i Svelgen. Hos Knutholmen kan du overnatte i maritime omgjevnader i Kalvåg. Knutholmen er viden kjent for å servere god mat, så det kan anbefalast å leggje turen innom restauranten på hotellet!


God tur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar