mandag 14. juli 2014

Topptur til Blegja


 Tekst og foto: Gustav Skaar - http://gustavskaar.blogspot.no/

Blegja er høgste fjellet på Askvollhalvøya med sine 1304 moh. Det er mange flotte turruter hit. Mellom anna frå Solheimsdalen i Førde på ski. Eller frå Hjelmeland, Kårstad eller Berge i Bygstad. Frå Askvoll er det òg mange flotte ruter, mellom anna frå Fossedalen, Skjerlia eller Rørvika.
Den kortaste ruta opp er frå Rørvika. Turen startar frå Førdefjorden, og går rimeleg bratt opp heile vegen. Og bøyer du nakken litt kan du sjå toppen frå fjorden!
Frå informasjonsskiltet til Askvoll kommune, som står ved ei utkøyrsle i vegkanten i Rørvika, går du gjennom grinda på motsett side av vegen. Her er det sett opp eit treskilt med Blegja inngravert.
Ruta føl venstre (austre) side av Rørvikelva på god sti opp lia. Det er ikkje stupbratt oppover, og heller ikkje særleg risikabelt sommarsdagen, men krevjande, og du bør vere litt i form for å ha glede av turen. Du får fort nydeleg utsikt innover og utover Førdefjorden, mot Kvammen og til Vevring. Det mykje omtala Engebøfjellet (mogeleg rutilutvinning) ligg midt i synet på motsett side av fjorden. Etter endå nokre minuttar med stigning, renn Rørvikelva ned over nokre nydelege sva i flotte fossefall. Her oppe, etter ein liten halvtimes gange, er det fint å ta seg ein 5 minutts drikkepause.
Etter om lag 1 times gange på god sti, gjennom den flotte rognkledde lia og lyng og steinar med mose, kjem du opp under den majestetiske Rørviknipa. Skoggrensa er låg her ute ved kysten, og no går vi opp i eit karrig og alpint prega landskap med mykje stein og urar.
Ved ei privateigd hytte, Nipebua (ikkje å forveksle med Nipebu), oppe under Rørviknipa, er det naturleg å ta ein liten rast . Her renn det friskt fjellvatn ned frå fjellet, som kneisar oppe mot aust.
 
Stien vidare oppover føl denne små elva. (Ved å halde mot sør her ved hytta, kan du gå mot Bjørnastigvatnet.) Heilt oppe under kanten av fjellet er greiaste vegen vidare å traversere eit stykke mot sør til Nipevatnet (ei forholdsvis lita rund tjørn). Det er sett opp godt med vardar. (Du kan òg gå den brattare nordsida av Rørviknipa og rett mot toppen.) Her oppe i traversen over ur og småhamrar, er det fantastisk utsikt mot sør og Synste Stauren/Litlenipa (1106) vest mot Blåegga (833), Eitrenipa (856), Høgefjellet (689) og vidare vestover mot andre fjell og mot havet og øyane ved Florøkanten. Resten av vegen til topps er godt varda, men går i stein og ur. For vegetasjonen er vekke frå ca 1000 moh pga det vèrharde klimaet. Her i frå er det ein god times gange i stein av variabel storleik og til toppen.
Første delen av ruta ovanfor Nipevatnet er bratt. Over første ura får du flott utsikt sørover mot Dalsfjordsia, og mot skaret mellom kammen på sørsida av Blegja og Synste Stauren (Litlenipa) mot sørvest. No ser vi òg det karakteristiske topplatået av Blegja, men sjølv om målet endeleg er i sikte, er det ganske tungt å gå i berre ur til toppen.
 Om sommaren er det ikkje noko problem å komme seg over kanten på platået frå sørvest. Tidleg på året ligg det likevel ein stor skavl som kan vere både isete og vanskeleg å komme over, så stegjern kan vere greitt å ta med viss du går opp før midten av mai. Skavlar pregar dessutan heile nordsida av fjellet og austover mot Heilevongstaurane.
 
Etter no å ha kome opp på toppen etter ca. fire timar oppstigning, avhengig av pausar og form, får vi ei praktfull panoramautsikt i alle retningar. Mot aust ser vi innover Heilevongstaurane mot Litlehesten (912) og Kvamshesten/Storehesten (1209), og lengst i synsranda Jostedalsbreen og Snønipa. I nordaust ser vi inn Førdefjorden mot Naustdal, og Blåfonna som ligg 300 meter rett nedfor føtene. Dette er ein bre som aldri smeltar. 
Mot nord ser vi Ålfotbreen og Bremangerlandet, og mot nordvest ser vi til Florø og øyane. 
1304 meter ned ligg Kvammen. I vest ligg havet og alle fjella på Askvollhalvøya, og i sør ligg Dalsfjorden og vidare utsikt sørover mot Guddalsfjella og fjella mot Bergenskanten. Det er sagt at vi kan sjå 9 prestegjeld frå toppen. Og utsikta er formidabel…
Har ein dagen og tid til disposisjon, er det veldig flott å kombinere turen opp frå Rørvika med retur ei av dei andre rutene nemnt til å begynne med, eller kanskje omvendt?
Blegja er eit flott turmål. Men du får som alltid kjekkaste opplevinga når du er litt i form…! Urane kan vere krevjande nok om ein ikkje er van med slikt underlag. 
 
God tur! 
Praktisk informasjon: 
Høgde: 1304 m.o.h. 
Tid: 4-5 timar opp, 3-4 timar ned.
Høgdprofil: 20-1304 m.o.h. 
Lengd: 10 km tur/retur. 
Nytte lenker:
Kart og høgdeprofil

2 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Er det ynskje om å sjå fleire bilder frå Blegja har eg laga ein YouTube serie her: http://youtu.be/8zJ_PVvJ8KA
    Hugs beste kvalitet. For ordens skuld kan det òg seiast at denne løypa no T-merka.

    SvarSlett