torsdag 29. mai 2014

Gulen - variert og vakkert!


Gulen kommune ligg heilt sørvest i Sogn og Fjordane, på grensa til Hordaland. Kommunen byr på variert natur, frå nakne øyar mot Nordsjøen i vest, til frodige landskap mot fjella i aust. Den varierte naturen gjer Gulen til eit eldorado for utandørsaktivitetar som padling, fiske, dykking og fotturar. 

 Gulen ligg vakkert til på sørsida av Sognefjorden. Foto: Gulen kommune.

Kommunen har også ei rik og spennande historie, med spor tilbake til vikingtida. På Flolid, like utanfor kommunesenteret Eivindvik, finn ein skulpturparken Gulatinget, som er tusenårsstaden i Sogn og Fjordane. På Handelsstaden Skjerjehamn står den kjente statuen av Kong Olav V. Andre historiske attraksjonar i Gulen er Sellevåg Treskofabrikk og Gulen Fiskarbondemuseum.  

Skulpturparken Gulatinget er tusenårsstaden i Sogn og Fjordane. Bønder frå heile kysten samla seg i Gulen for å utforme lover og avseie dommar i saker - i direkte forhandling med kongen. Gulatingslova la grunnlaget for at Norge vart eit samfunn basert på lov og rett. 

 Skulpturparken Gulatinget er tusenårsstaden i Sogn og Fjordane. Foto: Gulen kommune.

Tingsamlinga på Gulatinget varte i meir enn 400 år. Tusenårsstaden Gulatinget er ein moderne tingstad, med kraftfulle uttrykk, passande for ei ny tid. Her finn du ein vakker park som innbyr både til ettertanke, til læring og til aktivitet - tett på kunst, kultur og natur. 

28.-29. juni 2014 blir det storslått folkefest i Gulatingsparken, i anledning grunnlovsjubileet.
Her blir det utstillingar, kulturelle og historiske innslag og konsertar med blant anna Sigrid Moldestad og Mari Boine. Arrangementet er gratis og har inga aldersgrense. 

 Mari Boine held konsert på Gulatinget 28.juni 2014.

Skjerjehamn er ein idyllisk, nyrestaurert handelsstad ved porten til Sognefjorden. Skjerjehamn var tidlegare ein travel stoppestad for sjøfarande langs kysten, og her har vore aktivitet sidan 1600-talet. Staden har dermed mykje historie å by på. I 2005 kjøpte fiskeoppdrettaren Ola Braanaas Skjerjehamn og restaurerte staden. Den historiske Sveitservillaen frå 1861, som i dag er hotell, er Skjerjehamn sitt smykke. I den vesle Skjenkestova sat Gjest Baardsen fengsla. Pakkhuset, tidlegare brukt som lagerbygning, husar i dag stor restaurant/festlokale, bar, konferanserom og auditorium, galleri og fem moderne leilegheiter. Skjerjehamn har også ei populær gjestehamn for båtturistar.

 Sveitservillaen på Skjerjehamn med gjestehamna i framgrunnen. Foto: Skjerjehamn.

På Skjerjehamn finn ein også Knut Steen sitt monument av Kong Olav V. Statuen av den folkekjære kongen står på ein haug og helsar høgtideleg på alle som passerer i skipsleia. Monumentet vart avduka under den første Utkantfestivalen, som sidan har blitt ein årleg musikkfestival med fleire tusen besøkande. Ei vakrare ramme for ein festival skal ein leite lenge etter! 

På Skjerjehamn kan ein helse på Kong Olav V!

Årets Utkantfestival går av stabelen 23.-26.juni. Då står artistar som Sivert Høyem, Lars Vaular, CC Cowboys, Kari Bremnes, Jonas Alaska og Thulsa Doom på scena. Festivalen byr på varierte musikkopplevingar for festivalglade i alle aldrar. 

 Utkantfestivalen byr på variert musikk i vakre omgivnadar.

Gulen tilbyr dykkeopplevingar i særklasse. Hit kjem dykkeentusiastar frå heile verda for å dykke på spennande skipsvrak frå 2.verdskrig, studere den vakre maneta Pheriphylla Pheriphylla eller oppdage norske nakensneglar. Dykkesenteret tilbyr overnatting og har den einaste puben i kommunen som er open året rundt. Dei tilbyr også ei rekke andre aktivitetar som fiske, padling og fotturar. 

Mange fargerike skapningar skjuler seg under havoverflata i Gulen. Foto: Gulen Dykkesenter/Christian Skauge.

Dei mange øyane vest i kommunen gir gode forhold for padling i kajakk. Likar ein å fiske er turen på storhavet kort og ein kan også prøve fiskelukka i den vakre Sognefjorden. Fleire overnattingsstader i Gulen har lagt til rette for fiskeferiar. Ein dagstur på sykkel er ein fin aktivitet i Gulen, og det er også mange flotte fot- og fjellturar i kommunen.

Velkommen til Gulen! 


lørdag 24. mai 2014

Flora - opplevingar frå bre til hav!


Flora kommune er spekka med varierte opplevingar. Her finn du ein skjergard med eit mylder av små og store øyar og eit innland med brusande elvar, vakre fjelltoppar, isbre og stille vatn. Ut mot havet ligg Norges vestlegaste by - Florø. Florø har eit sjarmerande bymiljø og er kjent for store årlege arrangement som Kinnaspelet og verdas lengste sildebord.

 Florø ligg vakkert til i havgapet, omkransa av fjell, fjord og eit mylder av øyer. 
Foto: Rune Helland.


Florø er ein sjarmerande småby med eit pulserande næringsliv i utviking. Byen ligg vakkert til i havgapet, omkransa av fjell, fjordar og ein fantastisk skjergard i vest. Florø er dermed eit perfekt utgangspunkt for aktivitetar som fiske, fjellturar, båtliv, sykling og kajakkpadling. Her kan ein kombinere byliv og aktivitetsferie!

Nyt småbyidyllen i Florø.
 

Sild er viktig i Florø. Byen vart i si tid stifta på bakgrunn av det store sildefisket i regionen. I dag feirar ein silda ved å dekke opp til verdas lengste sildebord - midt i hovudgata i byen. Sildebordet vert arrangert i juni kvart år. Her vert det servert fleire gode silderettar, og alle får ete seg mette - heilt gratis! Ein kan prøve spennande rettar som banansild, rømmesild og fruktsild. I tillegg vert årets sildekonge kåra, og det er underhaldning frå scena. I 2014 vert sildebordet arrangert 20.juni.

 Sildebordet er ein årleg folkefest i Florø! Foto: Truls Kleiven.


Øya Kinn, vest for Florø, er verdt eit besøk. Her ligg ei vakker steinkyrkje frå middelalderen, bygd på 1100-talet. Om sommaren kan ein vere med på guida tur til Kinn. Øya er også eit populært turmål. Ein tur opp Kinnaklova, som er eit karakteristiske fjell og eit kjent seglingsmerke, er ei flott oppleving. Det er merka tursti rundt øya. 

 Besøk Kinn og den vakre Kinnakyrkja. Foto: Gry Seim.

Kinn er også ramme for det historiske spelet Kinnaspelet - Songen ved det store djup. Spelet handlar om tru og tvil, kjærleik og svik. Naturen på Kinn gir spelet ei storslått ramme - publikum sit i eit naturleg amfi under Kinnafjellet, med grøne bakkar, blått hav, høg himmel og den vakre Kinnakyrkja som kulissar. Kinnaspelet er i dag eit av dei eldste og mest veletablerte historiske spela i Norge. Kinnaspelet vert arrangert samme helg som sildebordet, og 21.-22.juni 2014 feirar Kinnaspelet 30. års-jubileum! 


Kinnaspelet feirer 30.års-jubileum i 2014. Foto: Kinnaspelet.

9.-13.juli 2014 går hav- og fjellsportfestivalen Våt Moro av stabelen. Våt Moro er ein festival som skal skape ekstrem glede, adrenalin og spektakulære opplevingar på sjøen og i fjella i området rundt Noregs vestligaste by – Florø. Senter for alle aktivitetar er Florø sentrum og Florevika. I fire dagar vil eit stort antall bedrifter, lag, organisasjonar og frivillige i aldre aldre være engasjert i festivalen. Dykking, segling, wakeboard, kiting, surfing, standup padling, havrafting, klatring, paragliding og kajakkpadling er berre nokre av aktivitetane Florø byr på desse dagane.

Bli med på Våt Moro i sommar! Foto: Eivind N. Hauge. 
 
Flora kommune byr på mange flotte fot- og fjellturar, både på øyane i vest og fastlandet i aust. Store Batalden (492 m.o.h.) og Kinn er populære turmål på øyane, det same er Hatlesetnipa (583 m.o.h) og Blåbrebru (800 m.o.h.) på fastlandet. Ålfotbreen (1379 m.o.h.) er den høgste toppen i kommunen. Brandsøyåsen er eit populært turmål i Florø, der ein frå toppen (293 m.o.h.) har flott utsikt over byen og naturen rundt. Ønskjer ein lettare turar har Storeåsen i Florø fint turterreng. Ein kan også gå til Gapahuken på Klavelandet eller ei av Nordsjøløypene i kommunen.

 Brandsøyåsen er eit sentrumsnært turmål med flott utsikt. Foto: Truls Kleiven.

Skjergarden utanfor Florø byr på eit eldorado av små og store øyar. Lokale rutebåtar har fleire daglege avgangar til øyane. Dette gjer det lett å utforske øyriket - enten på ein dagstur, rundtur eller turar over fleire dagar. Fleire av øyane har overnattingsmoglegheiter. 

På øya Reksta ligg fiskevêret Rognaldsvåg med ein sjeldan bygningsmasse av våningshus, naust og buer. Rognaldsvåg er rik på atmosfære og kulturminne som gravplassar og hustufter frå vikingtida. Ein fottur over og rundt øya er ei flott oppleving. 

 Utsikt over Rognaldsvåg. Foto: Laila Schønhardt.

På Store Batalden kan du besøke Batalden Havbu med museum, galleri og overnatting. Ein tur til toppen av øya gir deg storslått utsikt over mylderet av øyer langs kysten! Dette er ein av dei mest populære toppturane på øyane rundt Florø. 


 Nyt storslått utsikt frå toppen av Store Batalden (492 m.o.h.). Foto: Marit Hjortung.

Svanøy er den sørlegaste og frodigaste øya i Flora kommune, og har i tillegg ei rik og spennande historie. Øya var lenge eit sentrum i Sunnfjord, og her fins mange kulturhistoriske spor. Den staselege hovedgården ligg vakkert til med utsyn over Svanøybukt og Brufjorden. Heilt sidan vikingtida har Svanøy vore eit knutepunkt langs kysten. Svanøy Hovedgård var både adelssete og bispegods. Norsk Hjortesenter ligg idyllisk til på Kvalstad Gard på sørsida av øya. Dei drive med oppdrett av hjort og dåhjort. Ei omvising blant dyra vil gje deg ei oppleving du seint vil gløyme.  

 Herskapelege Svanøy Hovedgård er rik på historie.

Hovden er den største øya i kommunen, og eit perfekt utgangspunkt for fotturar. Her finn du blant anna flotte Nordsjøløyper som går over fjellet og rundt øya, der ein har utsikt til både skjergarden og ope hav. Kvanhovden Fyr, som ligg på ei klippe 40 meter over havet, er eit populært turmål på øya. Det er også mogleg å overnatte på fyret - ei spektakulær oppleving! 

 Vakre Kvanhovden Fyr ligg på øya Hovden.

Askrova er ei idyllisk øy, perfekt for sykling og fotturar. Det er eit løypenett på fjellet over øya med godt tilrettelagte turstiar. Syklar kan ein leige på butikken ved kaia. Her er det også gjestebrygge og pub/kro. Øya Tansøy ligg like ved, berre det 100 meter breie Tansøysundet skil dei to øyane. På Askrova kan ein utforske "Trollhola", ei hole frå urtida. Hola er på storleik med ein katedral og inneheld fleire holegangar, eit vakkert og svært spennande naturfenomen. Askrova har fleire årlege arrangement, som Øyacup i fotball og fiskekonkurranse.

 Askrova har flott turterreng. 

I Flora kan du også oppleve innlandsnatur på sitt beste. Norddalsfjord er eit eldorado for fiske i vatn, elv og sjø. Bygda er kjent for godt jaktterreng for hjort og er også eit godt utgangspunkt for fotturar. Eikefjord er ei flott og idyllisk bygd. Her finn ein gode fiskemoglegheiter både i elv, vatn og i sjøen. Båthamna i Eikefjord ligg fint plassert ved sidan av ei flott badestrand som er tilrettelagt for funksjonshemma. Skogs- og fjellområda rundt Eikefjord byr på mange flotte turopplevingar. 

 Området rundt Eikefjord byr på fantastisk turterreng. Foto: Laila Schønhardt.

Flora kommune er også rik på historie. Ausevika Helleristningsfelt ligg ca 40 min med bil frå Florø, i retning Stavang. Her ligg eit av dei største helleristningsfelta i Norge, med over 3000 år gamle figurar. Feltet viser over 300 ristningar, både dyre- og menneskefigurar. På kystmuseet i Florø kan ein sjå utstillingar om byen si utvikling frå 1860 til i dag, utstilling om båtar frå Sunnfjord og Nordfjord, samt ei eiga oljeutstilling.

Velkommen til Flora!

Nyttige linkar:

Fjordkysten – eit padleparadis!


Tekst og foto: Lene Gjelsvik. lenesintur.blogspot.no
Kajakken glir stilt gjennom sjøen. Sola speglar seg på flatt hav. Oteren leikar seg i taren. Ein nyfiken sel stikk hovudet opp nokre meter unna. Padling i Fjordkysten gjev store naturopplevingar!
  Ved Smelværet i Askvoll i februar. Nina Haugstad nyt padlelivet.  
Med utgangspunkt i Askvoll har eg hatt utruleg mange fine turar. For nybegynnarar er det skjerma farvatn inne i fjordane. Med meir erfaring kan ein utforske øyene og lengre strekk langs kysten.

Solnedgang ved Atløy i april 

I kajakken er det plass til masse klede for alt slags ver, god mat og telt om turen skal vare i dagevis. 

 Telting på Alden i august.

Råd:
1.     Ta grunnkurs i padling. Lær deg kameratredning godt.
2.     Padle fleire saman. I meir eksponerte farvatn er det ein fordel å vere 3 eller fleire
3.     Vel tur etter evne og kunnskap. Korte og sikre turar gjev og store opplevingar!
4.     Veret skiftar fort. Tenk tryggleik før og under turen. Ha både plan A, B og C.
5.     Ta vare på naturen. Med kajakk kan du ferdast sporlaust. Ikkje legg att søppel.

Lunsj ved Stabben fyr i Flora 

Det er mange flotte turmål langs Fjordkysten. Dalsfjorden med Fossedalsfossen og Laukelandsfossen. Sauesundet med vikinghistorie og gravrøyser. Korssundet. Bulandet er eit padleparadis med skjerma farvatn innimellom øyane og eksponerte farvatn for vidarekomne på utsida.


Utsikt frå Alden mot Værlandet og Bulandet. Denne gongen kom vi med kajakk og tok turen til topps.

Landemerka Alden, Lihesten og Kinn er synlege frå mange kantar. Det same er Atløynipa, Brurastakken og klettane på Værlandet.


Padling i regnbygene kan vere magisk! Ved Atløy mot Tviberg.

Mange små holmar og skjer er freda som naturreservat, og det kan vere forbod mot å gå i land i hekkesesongen.

Sjøfuglreservata ligg tett i Askvoll 

Om eg skal anbefale eit område spesielt så må det verte Atløy. Her er det fantastisk utsikt i alle retningar og både skjerma og eksponerte farvatn. Det er mange plassar det er fint å gå i land. Det er rydda og merka ei rekke stiar på øya gjennom Kystarvprosjektet, som kan kombinerast med padleturen om ein vil sjå seg litt rundt. Om du rekk ein tur på land, så gjer det på Brurastakken, og gå løypa der! 


Vakkert i Granesundet

Det er ikkje noko tvil – Askvoll er eit padleparadis!








 


 

torsdag 22. mai 2014

Kinnaspelet 30 år!




Den vakre øya Kinn utanfor Florø er kvart år i juni ramme for teaterførestillinga "Kinnaspelet - Songen ved det store djup". Heilt sidan premiera i 1985 har fleire tusen reist til Kinn for å oppleve Kinnaspelet. Etter 116 framsyningar og nær 90.000 publikummarar, står no Kinnaspelet framfor sitt 30. speleår. Lørdag 21. og søndag 22. juni 2014 ønskjer ein på nytt velkommen til Kinn og "Songen ved det store djup"!  


 Naturen på Kinn er storslått kulisse for Kinnaspelet. Foto: Kinnaspelet.

Kinnaspelet er ei oppleving du sjeldan finn makan til. Publikum sit i eit naturleg amfi under Kinnafjellet, med grøne bakkar, blått hav, høg himmel og den vakre Kinnakyrkja frå 1100-talet som kulissar. 
Skiftande vêr og vind speler også med i teaterstykket, og den vakre båtreisa gjennom øygarden frå Florø til Kinn er ei oppleving i seg sjølv!

 Kinn er ei av mange vakre øyer i skjergarden utanfor Florø.

Ramma rundt spelet er innføringa av reformasjonen i 1537. Kongens fut kjem med bud om dette til Kinn. Sentralt i spelet er også den kjende St. Sunniva-legenda, som fortel om irske prinsesser som rømde frå vikingane sine herjingar, og let seg drive over havet ”i båtar utan segl og årar”. Der dei dreiv i land skulle dei byggje ei kyrkje som takk til Gud. I følgje segna dreiv prinsessa Borni i land på Kinn og fekk bygd kyrkja på øya.

Kinnaspelet byr på dramatiske scener. Foto: Sara Marie Ytreøy.

Kinnaspelet handlar tru og tvil, kjærleik og svik. Kinnaspelet er i dag eit av dei eldste og mest veletablerte historiske spela i Norge. Teksten til "Songen ved det store djupe" er skriven av Rolf Losnegård. Musikken er laga av Per Janke Jørgensen. Kinnaspelet vert framført av Sogn og Fjordane Teater og ca 160 amatørar. I samband med Kinnaspelet kan ein også vere med på historisk vandring på øya, guida omvising i Kinnakyrkja, konsertar og gudsteneste. 
 
20.-22. juni er det også mykje anna å oppleve i Norges vestlegaste by. Fredag 20.juni går verdas lengste sildebord av stabelen. Då blir 350 meter med bord dekka opp gjennom hovudgata i Florø, Her blir det servert sild i alle variantar – heilt gratis! Lørdag 21.juni er det tid for laksens dag. Dette er ei markering av den viktige rolla oppdrettslaksen har på kysten og i Florø. På kveldstid inviterer Florø Rockeklubb til konsertar og det er familieaktivitetar og tivoli heile helga. 




Under verdas lengste sildebord kokar det med liv i Florø. Foto: Truls Kleiven. 
 

Denne festhelga i Florø vert kalla Himmel og Hav Kystfestival. Målet med festivalen er å tilby ei komplett kulturhelg, der næringsliv, frivillige organisasjonar og lokalbefolkninga spelar på lag for å skape ei festhelg i kystbyen Florø. Dette er ein ypperleg anledning til å ta turen til Florø!

Praktisk informasjon:
For å komme til Kinn tar ein passasjerbåt frå Fugleskjærskaia i Florø. Båtane er satt opp i samband med Kinnaspelet, og har ikkje faste rutetider, men går med ein gong dei er oppfylte. Båtturen tek ca 25 minutt. 

Lørdag 21.juni går det også eigen ekspressbåt frå Bergen til Kinn. Denne stoppar også etter avtale i Knarvik, Vardetangen, Sollibotn, Krakhella og Askvoll. Billettar må kjøpast på førehand.

Teater- og båtbillettar kan bestillast på førehand eller kjøpast på kaia i Florø. Kjøper du på kaia i Florø bør du berekne god tid.

Meir informasjon om billettsal finn ein på denne linken.




Andre nyttinge linkar: