fredag 29. mai 2015

10 grunner til å oppleve Flora




Flora kommune er spekka med varierte opplevingar. 
Her finn du 10 grunnar til å oppleve den vakre kommunen! 

1. Frå bre til hav

Flora har variert natur med fjell, fjord og øyar i havgapet. Foto: Rune Helland. 

Flora er rik på kontrastar. Kommunen strekker seg frå eit mektig innland i aust med brusande elvar, høge fjelltoppar, isbre og stille vatn til ein skjergard i vest med vakre øyer i havgapet. Heilt i vest ligg Florø - Norges vestlegaste by. 


2. Florø

Nyt utsikta frå toppen av Brandsøyåsen. Foto: Truls Kleiven. 

Florø er ein sjarmerande by i havgapet, omkransa av fjell, fjordar og ein fantastisk skjergard i vest. Her kan ein kombinere byliv og aktivitetsferie! Det er flott turterreng i og rundt sentrum, og den beste utsikta får ein frå Brandsøyåsen (286 m.o.h.). Gjennom heile året er det små og store arrangement som skaper liv og røre i kystbyen.

3. Ein fantastisk skjergard

Frå Store Batalden har ein fantastisk utsikt over skjergarden rundt Florø. 
Foto: Tore Jan Skarstein. 

Skjergarden utanfor Florø byr på eit eldorado av små og store øyar. Øyane byr på flott turterreng og spektakulære naturopplevingar. Eit av dei mest populære turmåla er Store Batalden, som er den høgste fjelltoppen på øyane utanfor Florø. Her kan du også besøke Batalden Havbu med museum, galleri og overnatting. 

Lokale rutebåtar har fleire daglege avgangar til øyane. Dette gjer det lett å utforske øyane - enten på dagstur, rundtur eller turar over fleire dagar. Fleire av øyane har overnattingsmoglegheiter. 

4. Sagaøya Kinn

Den vakre steinkyrkja på Kinn er frå middelalderen. Foto: Gry Seim. 

På øya Kinn ligg ei vakker steinkyrkje frå middelalderen. Få kyrkjer i Norge ligg vakrare til enn kyrkja på Kinn. Om sommaren kan ein vere med på guida tur til Kinn. Øya er også eit populært turmål. Ein tur opp Kinnaklova, som er eit karakteristisk fjell og eit kjent seglingsmerke, er ei flott oppleving. Det er merka tursti rundt øya og ein kan overnatte i DNT-hytte.

5. Kinnaspelet

Kinnaspelet er ei storslått oppleving! Foto: Kinnaspelet. 

Kinn er også ramme for det historiske spelet Kinnaspelet - Songen ved det store djup. Naturen på Kinn gir spelet ei storslått ramme, og Kinnaspelet er i dag eit av dei eldste og mest veletablerte historiske spela i Norge. Kinnaspelet vert i 2015 arrangert 20.-21.juni.

6. Svanøy

Herskapelege Svanøy Hovedgård ligg vakkert til på den frodige øya.

Svanøy er den sørlegaste og frodigaste øya i Flora kommune, og har i tillegg ei rik og spennande historie. Heilt sidan vikingtida har Svanøy vore eit knutepunkt langs kysten. Svanøy Hovedgård har vore både adelssete og bispegods. I dag blir hovedgården brukt til overnatting og arrangement. Norsk Hjortsenter ligg på sørsida av øya og driv med oppdrett og forskning på hjort og dåhjort. Ei omvising blant dyra vil gje deg ei oppleving du seint vil gløyme. 

7. Fot- og fjellturar

Området rundt Eikefjord byr på mange flotte turar. Foto: Laila Schønhardt. 

Få kommunar kan by på meir varierte fot- og fjellturar enn Flora. Ålfotbreen (1385 m.o.h.) er den høgste toppen, mens Brandsøyåsen i Florø (293 m.o.h.) er det mest populære turmålet. På øya Hovden kan ein gå Nordsjøløype til spektakulære Kvanhovden Fyr, som ligg på ei klippe 40 meter over havet. I området rundt Eikefjord og Norddalsfjorden ligg turmåla på rad og rekke. Flora Turlag har stor aktivitet og arrangerer fleire turar i veka. På ut.no kan du finne turbeskrivelse av over 100 turar i kommunen. 

Hovden og Kvanhovden Fyr er eit spektakulært turmål. 

8. Våt Moro

Opplev fartsfylte aktivitetar i vakker natur under "Våt Moro"! 
Foto: Eivind N. Hauge. 

Hav- og fjellsportfestivalen Våt Moro er ein festival som skal skape ekstrem glede, adrenalin og spektakulære opplevingar på sjøen og i fjella rundt Florø. I løpet av fire dagar i juli kan ein prøve aktivitetar som flyboard, kajakkpadling, stand up paddle, havrafting og klatring. Det er aktivitetar for store og små, og om kvelden er det "aftersea" i festivalteltet.

9. Sildebord

Det årlege sildebordet i Florø er ein folkefest! Foto: Truls Kleiven. 

Sild er viktig i Florø. Byen vart i 1860 stifta på bakgrunn av det store sildefisket i regionen. I dag feirer ein silda ved å dekke opp til verdas lengste sildebord - midt i hovudgata i byen. Sildebordet vert arrangert midt i juni kvart år. Her vert det servert fleire gode silderettar og alle får ete seg mette - heilt gratis! 

Sildebordet vert i 2015 arrangert fredag 19.juni. 

10. Ei rik historie

Kystmuseet ligg i idylliske omgivnadar i Florø.

Flora kommune er rik på historie. Ausevika Helleristningsfelt er eit av dei største helleristningsfelta i Norge, med over 3000 år gamle figurar. På Kystmuseet i Florø kan ein sjå utstillingar om byen si utvikling frå 1860 til i dag, utstilling om båtar frå Sunnfjord og Nordfjord, samt ei eiga oljeutstilling. Kystmuseet ligg i vakre omgivnadar ved sjøen og det er eit flott turområde rundt museet. 


Store Batalden i solnedgang. Foto: Truls Kleiven. 

Velkomen til Flora! 



torsdag 21. mai 2015

Opplev fabelaktige Fjaler



Her er 10 grunnar til å ta turen til fagre Fjaler!

1. Frå kyst til fjord

 Utsikt over Dale og Dalsfjorden. Foto: Monica J. Haugen. 

Fjaler strekk seg ut på sørsida av Dalsfjorden, frå tettstaden og fjordbygda Dale midt inne i fjorden, og ut til Korssund og Fure ved kysten. I øst slyngjer Flekke- og Guddalsvassdraget seg frå den vakre Flekkefjorden til øverst på Guddal. I Fjaler kan du oppleve fjord, kyst og fjellnatur innan korte avstandar!

2. Dalsfjorden


Foto: Monica J. Haugen. 

Vakre Dalsfjorden skjer seg innover landskapet frå havgapet i vest. Fjorden er 43 km lang og berre 500 brei på det smalaste! 

3. Laukelandsfossen



Foto: Monica J. Haugen

Laukelandsfossen i Dalsfjorden er eit vakkert syn. Er du på kajakk- eller båttur er Laukelandsfossen ein perfekt plass å ta seg ein pause. Å bade i kulpen under fossen er ei spektakulær oppleving! 
 
4. Lakse- og innlandsfiske


Fjaler er eit eldorado for lakse- og innlandsfiske. Flekke- og Guddalsvassdraget strekker seg om lag 30 km frå Flekkefjorden til fjellet i Guddal. Her kan du fiske både laks, sjøaure og røye. Bjarne Huseklepp Fiskeskule tilbyr kurs i flugefiske og guida fisketurar. 

5. Fot- og fjellturar


Utsikt frå Einingsfjellet. Foto: Monica J. Haugen.

Fjaler byr på flotte fot- og fjellturar, og kan skilte med heile 106 km med merka og rydda stiar. Dei fleste er graderte lett eller middels krevande. 

6. Det lyser i stille grender


Den folkekjære diktaren Jakob Sande var frå Fjaler. Barndomsheimen hans i Dale, Jakob Sande-tunet, er tilgjengeleg for publikum. I sommarsesongen er her kafé, bokutsal, museum, omvising og ulike arrangement. Jakob Sande skreiv både humoristiske dikt og om meir klassiske tema som kjærleiken og døden. Hans mest kjente dikt er "Det lyser i stille grender", som seinare vart tonesatt. 

7. Postvegrittet


Bli med på vestlandets tøffaste terrengritt! Postvegrittet i Dale går langs den Trondhjemske Postveg. Den historiske vegen frå 1800-talet er kjenneteikna av mange vakre steinbuer og er eit flott område for fot- og sykkelturar. Postvegrittet har både konkurranseklasse, mosjonsklasse og eige sykkelritt for born. Deltaking i Postvegrittet gir seeding til Birken og går av stabelen 20.juni 2015. 

8. Korssund


Idylliske Korssund er eit populært turmål både for dei som reiser med båt og dei som kjem landevegen. Staden har fått namnet sitt etter ein 4 meter høg steinkross som vart reist av kong Olav den Heilage under kristninga av Norge. Med si gode gjestehamn har Korssund eit myldrande båtliv om sommaren.

9. Dalsfjordveka


I august kvart år kan ein oppleve Dalsfjordveka - ein festival med spennande kulturopplevingar. Arrangementa spenner frå trend til tradisjon, og er for heile familien. 

10. Teaterfestival

I Fjaler kan ein oppleve den einaste teaterfestivalen i Sogn og Fjordane. Festivalen blir arrangert andre helga i september, og har både nasjonale og internasjonale innslag. Fleire av arrangementa er utandørs, og arrangørane lovar at årets teaterfestival blir vill, vakker og våt! 

Foto: Monica J. Haugen.

Velkommen til fagre Fjaler! 



torsdag 14. mai 2015

Opplev Solund!


Drøymer du om ein tur til Solund? 
Her finn du 10 grunnar til kvifor du bør ta turen til øyriket i havgapet! 


1. Opplev øyriket Solund

 Foto: Utvær/Anne-May Waage.

Ytterst i Sognefjorden ligg Solund, eit fantastisk øyriket med meir enn 1700 øyar, holmar og skjær. Omkransa av storhavet byr Solund på naturopplevingar av dei sjeldne. 

2. Landskapet

Foto: Lågøystolane/hanrune.no

Landskapet i Solund er unikt og fascinerer dei fleste. Her dominerer den sjeldne bergarten konglomerat, og fleire stader ligg det store steinar frå istida. Spesielt imponerande er Lågøystolane, nokre gigantiske steinar som ligg på ein liten holme midt i kommunen. 

3. Øyhopping


Foto: Visit FjordKysten

Kvar sommar, frå midten av juni til midten av august, kan du bli med den lokale postbåten på øyhopping i Solund. Lonely Planet Magazine kaller turen "den beste øyhoppinga i Norge" og har turen med på lista for den perfekte ferien i Norge! 

4. Lengst vest i Norge 

Foto: Utvær i Solund/Merete T.Mellingen

Du kjem ikkje lenger vest i Norge enn til Solund. Den idylliske øygruppa Utvær er Norges vestlegaste punkt. Her ligg Utvær fyr, og om sommaren kan ein vere med på fyrsafari til Utvær.


5. Kajakkpadling 


Foto: Kajakkpadling i Solund/Visit FjordKysten

Solund er eit av Norges beste områder for kajakkpadling. Dei mange øyane skjermer for vind og bølgjer, mens det på godværsdagar er kort veg ut på det mektige storhavet. 

Solund Natur og Kystkulturakademiet tilbyr kajakkurs, guida turar og utleige av utstyr.

6. Fot- og fjellturar


Foto: utsikt frå Pollatinden/Visit FjordKysten

Solund byr på flotte fot- og fjellturar. I heile kommunen finn ein godt merka turløyper i variert terreng. Pollatinden (541 m.o.h.) er den nest høgste toppen i kommunen og gir storslått utsikt over øyriket frå toppen. Frå kommunesenteret Hardbakke er Ramnenipa (230 m.o.h.) eit populært turmål. 

7. Sykkelturar i øyriket


 Foto: sykkeltur i Ytre-Solund/hanrune.no

Med lite trafikk og lett kupperte vegar har Solund gode forhold for sykling. Om du ikkje har med eigen sykkel, har Solund Turistinformasjon sykkelutleige.

Sykkelturar i Solund.

8. Smak av Solund 


Foto: hanrune.no

Solund er omkransa av storhavet og har lokalmat av ypperste klasse. Solundmat tilbyr lokalprodusert fisk, skaldyr og produkt av villsau. Om sommaren kan du nyte herlege matrettar på restauranten Solund Bryggje og Havkroa i Hjønnevåg. 

9. Villsaufestival

Foto: Solund Villsaufestival

I Solund er det ikkje uvanleg å sjå sauer som beiter i fjæra. 26.-28.juni 2015 inviterer Solund til Villsaufestival. Bli med på kurs og aktivitetar for heile familien, og opplev ein spennande marknad med lokalt, nasjonalt og internasjonalt preg. 

10. Historia

Solund har ei spennande historie som går heilt tilbake til steinalderen. Eit av dei eldste skjeletta i Norge er funne i Solund. På Utvær kan ein sjå spor etter der vikingane slipte sverda sine før dei reiste vestover på tokt. 


Foto: Sverre Bjune. 

Er du frista? Velkommen til Solund! 



torsdag 7. mai 2015

10 grunnar til å oppleve Askvoll


1. Bulandet & Værlandet

Foto: Kieran Kolle.  

Øygruppa Bulandet og Værlandet ligg heilt vest i havgapet i Askvoll. Øyene er kjent for sin vakre natur og gjestfrie innbyggarar. Ein tur hit gløymer ein aldri!


2. Padling

Foto: Steinar Bauge. 

Askvoll er eit eldorado for kajakkpadlarar. For nybegynnarar er det skjerma farvatn i fjordane. For meir erfarne padlarar kan ein utforske øyane og storhavet i vest.  

3. Alden

Foto: Kieran Kolle

Øya Alden ruvar i havgapet og er eit populært fotomotiv, kjent seglingsmerke og ikkje minst ein fantastisk fjelltur. Interessert i ein tur? Her finn du turbeskriving for fjelltur til Alden. 


4. Havørnsafari

Foto: Geir Olsen.  

Har du nokon gong sett ei havørn på nært hald? I Askvoll kjem ein tett på natur og dyreliv. 
På Værlandet kan ein bli med på havørnsafari - året rundt. 

5. Atløy

Foto: Steinar Bauge.

Øya Atløy byr på vakker natur og mange flotte turstiar, med fjellet Brurastakken som høgdepunkt. 

6. Sykkeltur langs Nordsjøporten

Foto: Visit FjordKysten.

Øyene på Værlandet og Bulandet er knytt saman av ein vakker veg - Nordsjøporten. Nordsjøporten har 6 bruer og 5.240 meter veg. Ein sykkeltur langs Nordsjøporten passer for dei fleste og er ein flott dagstur! 


7. Askvoll Sjømat & Delikatesser


Er du opptatt av lokalmat bør du ta turen innom Askvoll Sjømat & Delikatesser. Den vesle butikken bugnar over av godsaker som fersk fisk og skaldyr, bakevarer, spennande oster og skinker og heimelaga mat. Her finn dei fleste noko som fristar! 


8. Blegja

Foto: Gustav Skaar. 

Med sine 1304 m.o.h. er Blegja ein av dei råaste fjellturane på kysten av Sogn og Fjordane. Turen er krevande, men utsikta frå toppen er uslåeleg! 


9. Helle Knivfabrikk


I den idylliske bygda Holmedal kan du besøke Helle Knivfabrikk. Fjella, fjordane og havet er inspirasjonen for designet til Helle Knivfabrikk, som er kjent over heile verda for sine knivar av ypperste kvalitet.   

10. Naturopplevingane 

Foto: Monica J. Haugen.

Sist, men ikkje minst - naturopplevingane er hovudgrunnen til å oppleve Askvoll. Prøv fiske i fjorden eller i havgapet, kom tett på natur og dyreliv og utforsk dei flotte fot- og fjellturane. 
Å sjå sola synke i havet blir prikken over i'en!